Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF) og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU).
Medlemmene i rådet er valde frå dei respektive medlemsorganisasjonane sine. Medlemmene representerer berre seg sjølv, men kan hente inn råd frå organisasjonane og nettverka sine elles. Rådet har ei styringsgruppe, beståande av ein representant for kvar av dei fire partnarorganisasjonane.
Mandatet til ungdomsrådet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi og samarbeid mellom skule, elevar og DKS. Ungdomsrådet skal kunne gi råd til Kulturtanken om arbeidet med Den kulturelle skulesekken (DKS) på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Sakene rådde kan drøfte, skal vere innanfor utdanningssektoren, kultursektoren og dei ulike kunstartane i DKS.
Rådet skal møtast 4-6 gonger i året.
Medlemmar for 2023/24:
Shruti Chowdary Bojedla (UoF), Shamsa Mohamed-Ali (LNU / Hyperion), Lina Husby (EO), Håvard Valstad (EO), Ida Skulstad (LNU / Noregs Ungdomslag), Truls Baalmann (UoF) og Ahmet Titrek (UoF).