Edvard Munch til Den kulturelle skulesekken
Munchmuseet og Kultutanken skal saman utvikle eit formidlingsprogram om Munchs kunstnarskap. Målet er å inspirere barn og unge i heile Noreg til å bli kunstinteresserte ved hjelp av ei digital storsatsing i Den kulturelle skulesekken (DKS). Programmet blir lansert i samband med opning av nytt Munchmuseum i 2020.
-Det er gledeleg at Munch, ein av våre største kunstnarar og mest kjende namn i kunsthistoria, blir gjort meir tilgjengeleg for barn og unge i heile Noreg via digitale satsingar. Den typen samarbeid mellom våre kunst- og kulturinstitusjonar, lokale krefter i Den kulturelle skulesekken og Kulturtanken er til det beste for elevar, for kunst og kulturformidling og for vidareutvikling og bruk av digital teknologi i undervisninga. Eg håpar å sjå meir av det framover, seier kulturminister Trine Skei Grande.
Byråd for kultur, idrett og frivilligheit i Oslo Rina Mariann Hansen er òg positiv til samarbeidet.
Eg er oppteken av at vi må styrkje kunstformidlinga spesielt mot barn og unge. Auka nysgjerrigheit på kunst kan igjen bidra til ei grunnleggjande forståing og interesse for kunst som varer livet ut. Den kulturelle skulesekken er ein grunnmur for kulturopplevingar som når ut til alle barn. Eg synest det er veldig positivt at Munchmuseet går nye vegar for å gjere Munchs kunst kjent for barn og unge i heile landet, og er glad for samarbeidet som har komme i stand. Å forvalte den rike arven etter Munch inneber ei forplikting til å dele ho med så mange som mogleg, igjen og igjen.
Formidling og digital teknologi
Munchmuseet har sett i gang ei rekkje prosessar og samarbeid for å styrkje digital formidling og skape gode kunstopplevingar gjennom ny teknologi. Dette skal dei realisere gjennom ulike samarbeid mellom kulturinstitusjonar, tech-bransjen og forsking.
- Vi deler eit felles mål om å nå ut til unge menneske på nye måtar gjennom digital kunstformidling, og får gjennom dette prosjektet høve til å tenkje nytt om Edvard Munch i DKS, seier Stein Olav Henrichsen.
No signerer han og direktør i Kulturtanken Lin Marie Holvik ein samarbeidsavtale om å utvikle og gjennomføre eit formidlingsopplegg basert på digitale teknologiar.
- Dette er gode nyheiter. Bruk av digital teknologi i formidling til barn og unge er ein av satsingsområda våre. Målet vårt er å gjere Munch meir tilgjengeleg gjennom Den kulturelle skulesekken på ein moderne og engasjerande måte som appellerer til elevar i grunnskulen, seier Lin Marie Holvik.
Satsing skal gi kunnskapsverdi
Kulturtanken og Munchmuseet samarbeider om utviklinga av formidlingsprogrammet og bidreg begge med teamet sitt av utviklingspartnarar, forskarar og samarbeidspartnarar. Prosjektet startar med å byggje opp utviklingskompetansen og skal etablere ny infrastruktur, både på produksjons- og publikumssida. Dette inneber samarbeid med innsiktbyrå og tech-selskap der brukartesting og testpartnarar står sentralt. Kulturtanken bidreg spesielt med nettverket sitt inn mot skulane og Munchmuseet med prosjektmidlar.
Kulturtanken har det overordna ansvaret for Den kulturelle skulesekken og jobbar med mellom anna med styrking av kvaliteten, fornying og koordinering av felta kunst, kultur og skule.
- Vi byrjar med ein testpilot i to fylke og ønskjer å gjere det i samarbeid med nettverket vårt i Den kulturelle skulesekken. Det er dei som er tettast på skulane og elevane, innspela deira vil vere veldig viktige i utviklinga av programmet. Dersom vi lykkast skal vi leggje til rette for nasjonal oppskalering gjennom DKS-ordninga, seier Holvik.
Denne satsinga skal samtidig skal ha høg kunnskapsverdi for andre kunst- og kulturinstitusjonar.
- Målet er at vi i fellesskap skal skaffe oss kompetanse og erfaring som vil styrkje den digitale kompetansen på heile museumsfeltet, seier direktør ved Munchmuseet Stein Olav Henrichsen
Arbeidet med testpiloten startar omgåande og lanserast i 2020. Prosjektet er finansiert med Sparebankstiftelsen via Munchmuseet. Samarbeidsavtalen startar opp omgåande, og strekkjer seg over tre år med moglegheit for forlenging.