Et monster av papp blir omgjort til VR

Frå papp og teip til VR: eit monster blir til

Biblo Tøyen, ei hòle på Tøyensenteret i Oslo med bøker og 3D-skrivarar, tuc-tuc og gondol, #undervass og universrom til inspirasjon for både leik og konsentrasjon. Ein naturleg stad for møtet mellom papp, tape og virtual reality-teknologi. Det er kunstnar Jennie Bringaker og makkeren hennar Erlend Hogstad som har sett ein klasse i full sving. Delt inn i grupper på fire–fem elevar skal dei pakke inn og forme ein av klassekameratane sine til ein fantasifigur, ved hjelp av mjuk papp på rull og tape.

Ein elev er inntulla til eit monster. Den enorme rumpa av samankrølla papp har gitt monsteret namn: Nicky Monster. Inspirasjonen er artisten Nicky Minage sine attributt.

Og nå har monsteret problemer. Den tunge bakenden vil ikke sitte fast. Men med litt hjelp fra Bringaker og maskeringstapen, sitter til slutt både bryster og bakende på plass, og monsteret er klar for steg to – skanning. Nå må eleven som er inni Nicky monsteret, stå helt stille med armene rett ut, mens Erlend Hogstad går rundt han med 3D-skanneren for å fange hele monsterets 360 grader.

Et monster av papp blir omgjort til VR
Et monster av papp blir omgjort til VR
Et monster av papp blir omgjort til VR

Medskaping

Jennie Bringaker er samtidskunstnar, mellom anna kjent frå duoen Trollkrem, og med erfaring med kunstprosjekt retta mot barn og unge, har ho sjølv turnert i Den kulturelle skulesekken. Bringaker hadde ideen til prosjektet, som har blitt testa og vidareutvikla som ein pilot hos Kulturtanken. Dette er første gong ho testar ut opplegget på ein heil skuleklasse.


Eg var litt spent på korleis det ville fungerer som gruppeaktivitet, men det har gått strålande. Dei samarbeider godt, og alle bidrog til å forme og fekk eigarskap til figuren dei skapte, fortel Bringaker.

Ho er oppteken av den fysiske kroppslege erfaringa, knytt opp mot den virtuelle erfaringa.

Eg opplever at det er eit skilje mellom teknologien og det digitale, og det fysiske og taktile. Eg ønskte å utforske kombinasjonen mellom desse.

For å vere med i denne workshopen trengst ingen forkunnskapar.

-Eg synest det er interessant å utforske kombinasjonen av uttrykksformene, og å utforske moglegheiter for medskaping med låg terskel, seier Bringaker.

Det er derfor ho har valt papp og tape som materiale, noko alle klarer å jobbe med. Det at figuren skal inn i VR gjer at figuren må vere tredimensjonal, men utover det ligg det ingen føringar på korleis han skal sjå ut eller kva han skal representere.

IMG_3518
Et monster av papp blir omgjort til VR
IMG_3531
Et monster av papp blir omgjort til VR

Inn i VR

Etter at alle gruppene har skanna figurane sine, - og har fått seg ein lunsjpause, speler dei inn lydar. Kvar figur har no si form og sine eigne lyder.

Etter litt tid og nokon tekniske hakk i plata, har Bringaker og Hogstad fått alle figurar med lydar inn i eit virtuelt rom i VR-programmet Unreal. Her kan figurane bevegast rundt i interaksjon med kvarandre. Elevane kan nå, med VR-briller på, sjå Nicky-monsteret møter unicornsamuraien og heksefrua.

Estetikken minner om dataspel, som mange av elevane kjenner godt frå før, seier Bringaker.

På spørsmål om kva dei synest om resultatet i VR, nemner fleire av elevane at dei ønskte at figurane kunne få fargar, og at dei kunne valt fleire rørsler for dei, og betre animert.

-Dei skanna figurane blei annleis enn dei hadde førestilt seg, nokon syntest dei blei kule, andre likte den fysiske pappfiguren best, fortel Charlotte Blanche Myrvold, prosjektleiar for Font i Kulturtanken, som har følgt utviklinga til pilotprosjektet.

- Tilbakemeldingane frå skuleklassen viste at piloten engasjerte gjennom måten han knyter saman den skapande prosessen i fysisk rom og den virtuelle romma, og vice versa. Dei ulike dimensjonane av prosjektet forsterka kvarandre gjensidig og rørsla av figuren frå det eine rommet til det andre var noko som mange nemnde anten som noko dei likte, eller som dei opplevde som nytt, fortel Myrvold.

Elevane var samde om at det hadde vore ein annleis skuledag, med mykje gøy og kreativt arbeid. Kunstnarane, Bringaker og Hogstad, ser no på moglege modellar og praktisk tilrettelegging for å eventuelt turnere med prosjektet i Den kulturelle skolesekken.

Fakta


FoNT i Kulturtanken
:


I prosjektet Formidlingsmodeller og Ny Teknologi (Font) undersøkjer vi korleis kunst- og kulturformidlinga kan bruke teknologi til å utvikle nye formidlingsmodellar. Ny teknologi verkar inn på kunst- og kulturopplevinga fordi ho fører til nye former for deltaking, og gir andre sosiale situasjonar og sanseinntrykk. I Font-prosjektet samarbeider vi med aktørar i DKS for å undersøkje korleis ulike teknologiar verkar inn på møta til barn og unge med kunst og kultur. Vi initierer pilotar, inngår samarbeid om utviklingsprosjekt og innhentar kunnskap frå eksisterande satsingar på formidling og teknologi. Les meir:

https://www.kulturtanken.no/font