Bakgrunn
Kunst og kultur for, med og av barn og unge har aldri vore viktigare enn no. Kulturtanken skal bidra til å realisere følgjande politiske ambisjon:
«…barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Dei skal få oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei og som dei kan ta del i. Dei skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong. Både i kultur- og fritidslivet, i barnehagen og skolen.»
- Stortingsmelding nr. 18, Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge
Derfor har vi laga ein ny strategi fram mot 2024 som eit viktig verktøy i arbeidet vårt med å realisere dei politiske føringane på feltet.
Barn og unge fortener verkeleg eit tilbod av ypparste kvalitet! Kulturtanken skal bidra til å styrkje Den kulturelle skulesekken (DKS) og arbeid for godt samspel mellom skule- og kultursektor. Fylkeskommunane og kommunane har ansvaret for å fylle sekken med innhald, med Kulturtanken som nasjonalt bindeledd og ressurssenter. Vi skal vere ein katalysator for vidare utvikling av DKS og leggje til rette for erfaringsdeling og medverknad. Vi skal fremje nyproduksjon og utvikle effektive fellesløysingar som DKS-administrasjonar og skular i heile landet kan nytte. For å bidra til kunnskapsbasert utvikling i sektoren vår skal vi også stimulere til forsking.
Kulturtanken skal leggje til rette for skapargleda, engasjementet og utforskartrongen til barna og unge – akkurat slik Stortingsmelding 18 slår fast. Kunst- og kulturmøta til barn og unge skjer på mange arenaer, både som del av skulekvardagen og i fritida. I samarbeid med ulike kunstmiljø, forvaltningsnivå og sektorar skal vi byggje eit kunst- og kulturliv som speglar samfunnet og som løftar eit mangfald av stemmer. Barn og unge skal lyttast til når vi formar ut tilbod og tiltak. Derfor fører vi vidare også vårt ungdomsråd.
Så vil vi bidra til å oppfylle FNs berekraftsmål. Vi skal redusere vårt eige klimaavtrykk, samtidig som vi arbeider for sosial berekraft. Like moglegheiter for alle barn og unge er ein føresetnad for å realisere den samfunnsbyggjande krafta i barne- og ungdomskulturfeltet.
Virksomhetsidé
Kulturtanken arbeider for at alle barn og unge får oppleve og ta del i kunst- og kulturopplevingar som opnar for undring, engasjement og tilhøyrsel. Gjennom samarbeid, deling og innovasjon vil vi samle og løfte kunst- og kulturfeltet for, med og av barn og unge. Vi styrkjer samarbeidet mellom forvaltingsnivå og dialogen mellom skulesektor og kultursektor. Vi står på for at barn og unge skal få like høve til å vere skapande medborgarar.
Fram mot 2024 skal Kulturtanken
Løfte stemmene til barn og unge
Kulturtanken skal fremje medverknaden til barn og unge i kunst og kultur og vektleggje deira syn i utforming og utvikling av ordningar og tiltak. Vi skal arbeide for eit inkluderande kunst- og kulturliv der barn og unge har høve til sjølv å vere skapande, og styrkje mangfaldet av stemmer i demokratiske prosessar.
Styrke Den kulturelle skulesekken
Kulturtanken skal sikre at alle barn og unge i heile landet får eit likeverdig og profesjonelt DKS-tilbod.
Kulturtanken skal leggje til rette for utvikling av DKS og styrkje samspelet mellom skule- og kultursektor i tråd med dei nasjonale måla for ordninga. Vi skal stimulere til nyproduksjon, styrkje profesjonsfellesskap og skape arenaer for erfaringsdeling. Vi skal arbeide for at det er attraktivt for kunstnarar å vere utøvarar i ordninga.
Være ein god samarbeidspartnar
Kulturtanken skal vere ein attraktiv samarbeidspartnar og ein pådrivar for innovative prosjekt i barne- og ungdomskulturfeltet. Gjennom samspel med andre aktørar skal vi styrkje statusen på kunst og kultur til barn og unge. Vi vil utnytte moglegheiter som ligg i ny teknologi og bidra til å byggje eit kunst- og kulturliv som speglar samfunnet.
Stimulere til kunnskapsutvikling
Kulturtanken skal utvikle, samle og formidle kunnskap om kunst- og kulturbruken til barn og unge. Vi skal stimulere til forsking og bidra til kunnskapsbasert utvikling av kunst- og kulturtilbodet til barn og unge.
Utvikle effektive fellesløysingar
Kulturtanken skal ta utgangspunkt i behovet i samfunnet og bidra til betre tenester og meir effektiv ressursbruk. Vi skal utvikle, forvalte og tilgjengeleggjere innovative, digitale løysingar. Vi skal sikre samarbeidspartnarane våre gode føresetnader for å levere innhald av høg kvalitet til barn og unge.
Redusere eige klimaavtrykk
Kulturtanken skal leggje til rette for at organisasjonen og samarbeidspartnarane vår kan ta miljømedvitne val og redusere eige klimaavtrykk.