Rapport: Kan kunst vere nøkkel for utvikling av eksekutive funksjonar hos barn?
Avsluttande rapport for forskingspiloten «Kunsten å lære», og opptak frå presentasjon.
Forskingspiloten «Kunsten å lære» blei gjennomført 2017-2019 på barneskular i Gjøvik, Lillehammer, Øyer, Dovre og Ringebu. Prosjektet undersøkte kva som skjer med utviklinga av barns eksekutive funksjonar (EF) når dei går gjennom eit 12-vekers mangfaldig, kunstbasert læringsprogram. Eksekutive funksjonar omfattar evne til problemløysing, planlegging, gjennomføring av oppgåver og regulering av åtferd.
Etter gjennomgang av alle data, både kvalitative og kvantitative, er det gode indikasjonar på at ein læreplan med kunst som læringsform kan auke elevanes EF over tid.
- Forskingspiloten er vidareført som skoleutviklings- og forskingsprosjektet «Kunsten å lære» 2021-2023, les meir her: Forskar på betydninga av kunst og kultur for utviklinga av hjernen
Presentasjon av rapporten
Marie Othilie Hundevadt og Per Normann Andersen delte erfaringar frå forskingspiloten på eit lunsjseminar hos Kulturtanken 23. august 2019. Sjå opptaket frå strøyminga her:
Marie Othilie Hundevadt er rådgivar i Oppland fylkeskommune, Kulturavdelingen. Ho har vore prosjektleiar for forskingspiloten «Kunsten å lære».
Per Normann Andersen er førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, Fakultet for helse- og sosialvitenskap. Han har vore forskingsleiar for forskingspiloten «Kunsten å lære».