Rapport fra dataspillpilot i DKS 2021
Korleis kan dataspel formidlast som kunst- og kulturopplevingar gjennom Den kulturelle skulesekken?
Kulturtankens Spillab har samarbeidd med DKS Rogaland og Didaktisk Digitalt Verksted (DDV), som er knytt til lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, om å prøve ut dataspel i Den kulturelle skulesekken (DKS).
Målet har vore å få erfaringar med å formidle dataspel som kunst- og kulturopplevingar, bruke studentassistentar (lærarstudentar) ved DDV som speleformidlarar i DKS, og å identifisere dataspel som eignar seg for DKS.
Piloten er ei oppfølging av aktuelle problemstillingar og tema som kom fram i Kulturtankens første dataspelpilot (2019).
I Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge heiter det at «kunst- og kulturformidlinga i DKS må formast ut slik at ho opplevast relevant for barn og unge og kan bli sett i samanheng med aktivitetane i skulen».
Relevansen for dataspel er ikkje vanskeleg å få auge på. Utfordringa ligg i å finne dei rette spela, dei rette formidlingsmodellane og rett samspel med skule og andre kunst- og kulturuttrykk.
Tilrådingar:
- Kulturtankens spillab bør i dialog med DKS utvikle forslag til rammeverk for formidling av dataspel i Den kulturelle skulesekken. Dialogen bør inkludere kartlegging av eigna speletitlar for DKS med tanke på lengd, innhald og tema som eignar seg for ulike aldersgrupper. Utvikling av fleire spelestudieark kan vere eit eigna tiltak. Kartlegginga av speletitlar bør inkludere råd og innspel frå barn og unge.
- Kartlegging av eigna speletitlar bør òg greie ut moglegheiter for å forenkle planlegging og logistikk, til dømes i form av spel og tilknytta formidlingsopplegg som ikkje krev tunge utstyrs- og personalressursar. Andre arenaer enn skulen kan prøvast ut, som lokale og regionale tilbod for dataspel og datakultur.
- Kulturtankens spillab bør i samarbeid med spelbransjen, kunstnarar, universitets- og høgskulesektoren og skulesektoren systematisk sjå på kva som trengst for å dyrke fram kompetente, estetisk orienterte speleformidlarar.
- Det bør samlast inn meir kunnskap om elevars opplevingar av dataspel i DKS, og korleis dataspel kan koplast til andre kunst- og kulturuttrykk.
Sjå også:
Forslag til rammeverk for formidling av dataspill i DKS + spillstudieark
De første resultatene fra dataspillpilot i Rogaland er klare.
Tester ut formidling av dataspill i DKS
Universitetet i Stavanger, DKS Rogaland og Kulturtankens Spillab samarbeider om å se på muligheter for dataspill i Den kulturelle skolesekken (DKS).