Rapport: Barn og unges stemmer – Kunst og kultur (BUSK)
Kulturtanken har samla barna og unge sine eigne innspel til barne- og ungdomskulturmeldinga.
Rapporten Barn og unges stemmer - Kunst og kultur vart overlevert kulturminister Trine Skei Grande og Kulturdepartementet 30. september 2019, som del av arbeidet med stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur.
Kulturtanken, som etat under Kulturdepartementet (KUD) og med eit nasjonalt ansvar for Den kulturelle skulesekken (DKS), fekk i oppdrag å involvere barn og unge i arbeidet med meldinga. Oppdraget var å koordinere og gjennomføre opplegg for involvering av barn og unge, rundt temaa kunst- og kulturformidling, digitale kunst- og kulturuttrykk, kunst og kultur som ytringar og inkludering og sosial mobilitet.
Viss barn og unge fekk bestemme sjølv: 23 tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet
- Lage fleire tilbod tilpassa ulike aldersgrupper på offentlege kulturinstitusjonar
- Styrke samarbeidet mellom barn og unge og profesjonelle kunst- og kulturaktørar
- Vareta og styrke UKM og andre nasjonale og regionale møteplassar for kulturinteressert ungdom
- Styrke og etablere ordningar for talentutvikling og yrkesretta undervisning innan kunst- og kulturfag for barn og unge
- Innføre universell utforming på alle kunst- og kulturarenaer
- Styrke moglegheitene for utøving av kunst og kultur for barn og unge med nedsett funksjonsevne
- Lage meir, betre og lettare tilgjengeleg informasjon om eksisterande kunst- og kulturtilbod
- Styrke rabattordningar for billigare inngang for barn og unge på ulike kulturtilbod
- Fjerne ventetida på kulturskulane og senke prisen for deltaking
- Etablere offentlege støtteordningar for ungdom i distrikta slik at det blir enklare å ta del i større kulturarrangement
- Utvide og senke prisane på kollektivtilbodet slik at det blir enklare å reise til og frå ulike kulturaktivitetar
- Styrke kunst- og kulturtilbodet i barnehagar
- Gjennomføre fleire besøk av Den kulturelle skulesekken i skuletida
- Tilsetje fleire faglærarar i praktisk-estetiske fag
- Tilgjengeleggjere fleire fysiske møteplassar for gaming og LAN-arrangement
- Etablere fleire arenaer for opplæring i, og erfarings- og kompetanseutveksling innanfor, digitale medium og kunstuttrykk
- Løfte fram digitale medium og kunstuttrykk på lik linje med andre kulturformer
- Etablere fleire arenaer for kulturutveksling
- Vareta gamle og etablere nye fritidsklubbar og uformelle møteplassar
- Vareta og styrke breidda i lokale kulturtilbod
- Styrke alle bibliotek med relevant barne- og ungdomslitteratur og gratis utlånsordningar for utstyr for ulike typar kunstutøving og kreativ verksemd
- Styrke medråderetten til barn og unge i utforminga av kulturtilbod
- Leggje til rette for sjølvorganiserte aktivitetar i takt med endringar i barne- og ungdomskulturen