Omslag på rapporten "Barn og unges kulturbruk"

Rapport: Kulturbruken til barn og unge

På oppdrag frå Kulturtanken har Telemarksforsking gjennomført ein kunnskapsgjennomgang av kulturbruken til barn og unge.

Samandrag

Kunnskapsgjennomgangen viser at vi har kunnskap om korleis barn og unge bruker offentlege kulturtilbod og korleis dette har endra seg, korleis barn og unge bruker tradisjonelle medium, tidsbruk knytt til kultur og medium, og vi har noko kunnskap om kva som hemmar og fremjar bruk av kulturtilbod.

Kunnskapsgjennomgangen viser at vi særleg manglar kunnskap om den nye digitale kulturbruken og særleg eigeninitierte aktivitetar rundt denne, korleis minoritetars kulturbruk samanfell med og skil seg frå kulturbruken til majoriteten og kva barn og unge opplever som relevant og av høg kvalitet.

Kunnskapsgjennomgangen viser at det er få studiar som lagar til kritiske perspektiv, eller som har ein meir antropologisk/etnografisk inngang til tematikken. Kunnskapsgjennomgangen viser at dagens statistiske kategoriar ikkje er oppdaterte med tanke på kultur- og mediebruken til barn og unge, mellom anna er skiljet mellom kultur og medium lite tidsriktig.

Kunnskapsgjennomgangen viser at det er viktig å utvikle metodar for å involvere barn og unge i sjølve kunnskapsproduksjonen.