Kulturtankens årsrapport 2020
Samanstilling av Kulturtankens aktivitetar og resultat i 2020, inkludert årsrekneskap og vurdering av framtidsutsikter.
Samandrag
I 2020, som i tidlegare år, har Kulturtanken vektlagt effektivisering og god ressursutnytting for å kunne tilføre mest mogleg av midlane våre til kjerneaktivitetar. Talet på årsverk har gått ned frå 45 i 2017 til 40,35 ved utgangen av 2020. Lågare bemanning har frigjortmidler til å løyse nye oppgåver, som skyløysingar innanfor arkiv og IT, vidareutvikling av DKS-portalen og investering i ny teknologi for utvikling av Kunstlab.
Pandemien har i 2020 medført avlysingar av fleire planlagde arrangement og innsparingar som følgje av mellom anna lågare reisekostnader. Innsparte midlar er kanalisert inn i nye samarbeidsprosjekt med fylkeskommunane om utvikling av nye produksjonar i DKS, som vil materialiserast i 2021.
Vi vil takke alle samarbeidspartnarane våre for innsats, fleksibilitet og godt samarbeid i unntaksåret 2020.
(Utdrag frå leiars melding.)