Prosjekt Formidling og ny teknologi – sluttrapport
Samanfattande rapport for FoNT-prosjektet 2018-2020.
Formidling og ny teknologi (FoNT) var eit treårig prosjekt som vart gjennomført i perioden 2018–2020. I samarbeid med DKS-administrasjonar og andre aktørar har prosjektet undersøkt og teke i bruk digitale teknologiar i kunst- og kulturformidlinga i Den kulturelle skulesekken (DKS).
Oppsummering
Prosjektet Formidling og ny teknologi (FoNT) vart oppretta som eit treårig prosjekt som skulle gjennomførast i perioden 2018–2020. Med utgangspunkt i innmelde idear i desember 2017 og desember 2018 innleidde Kulturtanken fleire samarbeid om å utvikle digitale formidlingsmodellar. Font-prosjektet har bestått av ti samarbeidsprosjekt mellom Kulturtanken, DKS-administrasjonar, kunst- og kulturinstitusjonar og andre aktørar i feltet for kunst og kultur til barn og unge.
Mål for prosjektet har vore
- å ta i bruk teknologi på ein ny måte i formidling i DKS
- å styrkje kompetansen i bruk av digital teknologi i formidling til barn og unge
- å synleggjere og auke kjennskapen til teknologiske moglegheiter i formidling i DKS-nettverket
- å etablere samarbeid mellom ulike aktørar og kompetansemiljø
Dei viktigaste resultata i FoNT-prosjektet er bruk av digital teknologi i konkrete kunst- og kulturtilbod til barn og unge. Prosjektet har resultert i ti ulike tilnærmingar til teknologi i kunst- og kulturformidling. Av desse er tre allereie gjennomført i DKS, og to er utsette på grunn av koronapandemien. To produksjonar skal etter planen visast i 2021, og to er framleis under utvikling. Det vil seie at det per i dag har vorte gjennomført eller skal gjennomførast DKS-aktivitet i ni av ti samarbeidsprosjekt. FoNT-prosjektet har i tillegg til å utvikle digitale formidlingsmodellar synleggjort teknologiske moglegheiter for DKS gjennom seminar og artiklar.
Denne sluttrapporten samanfattar evalueringsrapportar frå samarbeidspartnarane og erfaringar som er innhenta undervegs i prosjektperioden. Det kjem fram at viktige forbetringspunkt for FoNT-prosjektet er ein enklare prosjektstruktur, tilrettelegging for gjenbruk og fleirbruk av teknologi, utvikling av gode system for evaluering og erfaringsinnhenting og dessutan tydeleggjering av rammevilkår, formål og ressursar.
Evalueringsrapportane og erfaringane som er innhenta, tilseier at FoNT-prosjektet har hatt noko å seie når det gjeld kompetanseheving og -deling knytte til digital formidling. Prosjektet har bidrege til at det har vorte etablert samarbeid der risikoen og kostnadene er fordelte på fleire aktørar, som samtidig kan dra vekslar på fleire typar kompetanse. Det har bidrege til at det har vorte gjennomført ambisiøse utviklingsprosjekt som kvar enkelt organisasjon ikkje hadde klart å realisere åleine. Prosjektet har også bidrege til samhandling og styrkt kontakt mellom kulturinstitusjonar, skular, DKS regionalt og Kulturtanken. Utviklingsarbeid er viktig for å sikre at praksis blir fornya og får fram viktige erfaringar og kompetanse. FoNT-prosjektet har gitt høve til å undersøkje korleis ny praksis med digitale teknologiar påverkar kunst- og kulturformidlinga.
- Anbefaling i: Kulturtanken held fram med å leggje til rette for erfaringsutveksling og kompetansedeling om digital formidling mellom aktørar i feltet, og at organisasjonen sjølv har kompetanse på teknologibruk i formidling.
- Anbefaling ii: Kulturtanken held fram med å stimulere til samarbeid på tvers av regionar og mellom ulike aktørar. Medfinansiering og teknologisk rådgiving er ressursar som Kulturtanken kan bidra med for å stimulere til fleirpartssamarbeid.
- Anbefaling iii: Kulturtanken bidreg til å styrkje utviklingsarbeidet i DKS gjennom å utvikle og tilgjengeleggjere ressursar og metodikk.