Elevmedvirkning - logo

Elevar som medprodusentar

Er det mogleg å ha elevar som medprodusentar? DKS Lørenskog, forteljarkunstnar Marianne Sundal og musikar Viktor Bomstad har testa det.

Prosjekt elevmedverknad har som mål å sjå på moglegheiter for meir elevmedverknad i Den kulturelle skulesekken.

– Det blei heilt stille i den andre enden av telefonen då eg spurde Marianne om ho kunne tenkje seg å la elevar vere medprodusentar, fortel Kjersti Østnes Eggum, koordinator i DKS Lørenskog.

– Ja, eg var mildt sagt skeptisk! stadfestar forteljarkunstnar Marianne Sundal, som har turnert med Den kulturelle skulesekken sidan 2003.

Eit viktig fokusområde for Kulturtanken er å styrkje samarbeidet mellom DKS og skulen. Eitt tiltak er Prosjekt DKS-skule, som har tre nedslagsfelt: Prosjekt skuleleiarar, Prosjekt kulturkontaktar og Prosjekt elevmedverknad.

Lørenskog DKS og Sundal har gjennomført ein pilot om elevar som medprodusentar.

– Det eg var mest redd for, var at det skulle bli ei framsyning eg ikkje kunne stå inne for, forklarer Sundal.

Eggum var derfor nøye med å forsikre at ho som kunstnar skulle ha siste ordet.

Etter å ha tenkt nøye korleis ein slik pilot kunne løysast, og freista av å vere med på noko heilt nytt i DKS-samanheng, blei Sundal med på noko ho i ettertid beskriv som «ei vanvitig fin reise».

Kjersti Østnes Eggum, koordinator i DKS Lørenskog med fortellerkunstner Marianne Sundal
Kjersti Østnes Eggum, koordinator i DKS Lørenskog med forteljarkunstnar Marianne Sundal.

Trygg utøvar og koordinator

Sundal har turnert i DKS Lørenskog med fleire oppsetningar og har òg utvikla produksjonar i samspel med kommunen. Derfor kjendest det trygt og veldig naturleg for DKS-koordinatoren å spørje nettopp Sundal om å vere med på noko ho visste kunne vere utfordrande for ein kunstnar.

– Det er viktig for meg å understreke kor viktig Kjersti har vore for piloten. Ho legg til rette på ein uunnværleg måte. Ho forstår oss utøvarar, barn og systemet, rosar Sundal.

– Eg kjende vi utfylte kvarandre. Marianne er ein av dei mest erfarne DKS-utøvarane i landet og veldig trygg i rolla som forteljar. Eg er òg trygg i rolla eg hadde, sidan eg har produsert mykje sjølv, forklarer Eggum.

Sjå Kjersti Østnes Eggum frå DKS Lørenskog fortelje om erfaringane sine:

Å møte barn med ope sinn

Utgangspunktet for piloten var framsyninga Magiske hamskiftere, produsert av Sundal og musikar Viktor Bomstad. Seks 3.-klassingar frå Solheim skule blei vald ut til å vere medprodusentar, og dei tok fatt på oppgåva med stort alvor og endå større entusiasme.

Elevane skulle få komme med innspel til forteljinga, velje musikk, setje lys, velje scenografi og mykje meir. Rett og slett alt!

– Eg fann ut at det beste var å ikkje tenkje så mykje eller fundere i forkant på kva barna ville seie eller meine noko om. Men heller møte dei med ope sinn, forklarer Sundal.

Dei var spente på om 3.klasse-elevane ville vere modne nok. Var dei for unge til å ta på seg rolla som medprodusent? Ville dei klare å formulere innspela og tankane sine?

– Men vi skjønte fort at dette kom til å fungere utmerkt. Barn er jo ekspertar på målgruppa si! Dei veit akkurat kva barn i sin alder liker og kva som fangar merksemda, poengterer Sundal.

Musiker Viktor Bomstad og fortellerkunstner Marianne Sundal
Musikar Viktor Bomstad og forteljarkunstnar Marianne Sundal var med på pilotprosjektet om elevmedverknad.

Valde favoritt-joik

Magiske hamskiftere er eit samisk prosjekt som kombinerer forteljarkunst og musikk. Elevane og kunstnarane møttest tre gonger. På det første møtet fortalde Sundal ein heilt nedstrippa versjon av forteljinga og bad dei seks om hjelp til å gjere den betre. I tillegg viste Bomstad korleis han kunne skape ulike stemningar med gitaren, og framførte dessutan fleire joikar.

Elevane likte aller best kråke-joiken. Den blei innlemma i framsyninga ved at Sundal fortalde inn kråker i forteljinga.

– Den eine regelen min var å ta alle forslaga som elevane kom med på alvor og lytte masse, forklarer den erfarne utøvaren, som òg la stor vekt på gode oppfølgingsspørsmål.

Elevane gav Bomstad innspel om kva slags stemning musikken burde ha. Dei sa eksempelvis: «Her må det vere skumlare musikk». Dermed blei det endå betre samsvar mellom musikken og kor skummel dei syntest akkurat den scena var.

Unner alle å oppleve elevar som medprodusentar

Innspela frå dei seks medprodusentane blei nøye vurderte, knadde og jobba med. Også sett i lys av kva som er mogleg å få til på turné. Å vere medprodusent handlar òg om realitetsorientering. Er det til dømes mogleg å ha ekte gras på golvet når det må fraktast frå skule til skule?

Lysskift-show på Lørenskog
Elevane som var medprodusentar var veldig opptekne av lysskift. Her er nokre døme på effekten det gir frå ei framsyning på Rasta skule i Lørenskog.

– Det var mange kompromiss og gode samtalar om korleis vi kunne bruke det dei foreslo. Vi måtte finne ein balanse mellom det eg meinte var mogleg i forteljinga og deira forslag, forklarer Sundal.

Elevane var svært opptekne av lysskift. Eggum fortel med ein latter at Lørenskog DKS faktisk enda opp med å kjøpe inn betre lysutstyr. Sundal noterer at ho ikkje visste at lysskift er så fengjande for den aldersgruppa.

– Eg opplevde faktisk at vi etter kvart ikkje var vaksne og barn, men kollegaer. Integriteten min som utøvar blei veldig vareteken, samtidig som dette verkeleg var reell elevmedverknad, fortel Sundal.

Førpremieren for Magiske hamskiftere versjon 2.0 blei framført for heile 3. trinn ved Solheim skule. På første rad sat seks elevar som verkeleg kjende og opplevde seg som regissørar. Ifølgje Sundal heldt dei seks på å «svime av av stoltheit».

– Eg unner alle utøvarar å oppleve dette! Eg gjekk frå å vere superskeptisk til å håpe at mange fleire får oppleve kor sterkt og fint det er å ha elevar som medprodusentar, seier Sundal entusiastisk.

Integriteten min som utøvar blei veldig vareteken, samtidig som dette verkeleg var reell elevmedverknad.

Marianne Sundal, forteljarkunstnar

Kulturtanken om pilotprosjektet

Bente Aasheim var prosjektleiar for Prosjekt elevmedverknad.

– I utveljing av pilotar ønskjer Kulturtanken å fokusere på nyskapande og lite utprøvde metodar. Ved å opne for større grad av elevmedverknad i ulike variantar, håpar vi å bidra til auka fokus på rolla til eleven i utviklinga av tilbodet, og dessutan at elevane på sikt vil oppleve eit større samspel mellom DKS og læreplanane i skulen.

DKS Lørenskog er hovudeigar av piloten og står for all logistikk og utvikling av metodikk. Kulturtanken har hjelpt til med rettleiing. Prosjektet blir no gjort tilgjengeleg for resten av feltet som eit ledd i arbeidet med ei betre implementering av DKS i skulen.

– Denne piloten beviser at det er mogleg å få reell elevmedverknad i utviklinga av ein produksjon, samanfattar Aasheim.

Ho poengterer at elevane òg fekk eit unikt kunstnarmøte. Dei seks fekk djup innsikt i korleis ein kunstnar og ein produsent arbeider, i tillegg til sjølv å vere viktige bidragsytarar.

Aasheim vonar at metodikken som blir utarbeidd vil freiste fleire til å teste det å ha elevar som medprodusentar.

– Det kan bidra til kvalitetssikring av produksjonar og gi unik målgruppeforståing. Kulturtanken støttar at kunstnaren skal ha siste ordet. Kunst skal vere kunst, ikkje undervisning. Men det å tore å vere open for tilbakemeldingar, er eit viktig bidrag for å styrkje DKS-tilbodet til elevane.


Tilgjengelege ressursar

Metoden blir beskriven i verktøyarket Elevar som medprodusentar. Her finn du tips for både planlegging, samarbeid og gjennomføring.

Prøveprosjektet tok utgangspunkt i å vidareutvikle ein allereie eksisterande produksjon i samarbeid med elevar på 3. trinn i barneskulen. Metoden kan enkelt justerast for bruk i ulike delar av ein produksjonsfase og i samarbeid med elevar i alle aldersgrupper. Gjennomføring av metoden er tett knytt opp mot læringsmål i skulen.

Det blir tilrådd å lese Line Tyrdals artikkel Vurderingskultur i skulen. Artikkelen gir ei fagleg forankring av vurdering og tilbakemeldingar i skulen og kan derfor vere nyttig lesnad i planleggingsstadiet og før ein opprettar kontakt med skulen som samarbeidspart.

Video

Last ned video (mp4 / 177 MB)

Elevperspektivet

– Å lage Magiske Hamskiftere var magisk, fortel ein av medprodusentane frå Solheim Skole i Lørenskog. Sjå filmen og høyr kva to ferske medprodusentar kan fortelje om jobben dei har gjort:

Last ned video - (mp4/278 MB)

Verktøyark

Last ned verktøyark (PDF / 1760 kB)

Fagartikkel

Line Tyrdal - portrett
Vurderingskultur i skulen

Vurdering står sterkt i læreplanen. I denne artikkelen forankrar Line Margrethe Tyrdal evaluering og tilbakemeldingar på DKS-produksjonar i skulen, og klargjer verdien skulen og Den kulturelle skulesekken kan ha for kvarandre.

Artikkelen gir ei fagleg forankring av vurdering og tilbakemeldingar i skulen og kan derfor vere nyttig lesnad i planleggingsstadiet og før ein opprettar kontakt med skulen som samarbeidspart.

Last ned artikkel (PDF /0,3 MB)

Fakta

Piloten med Elevar som medprodusentar var ein del av Kulturtankens utviklingsprosjekt DKS-skule og delprosjektet Prosjekt elevmedverknad.

Deltakarane utvikla og testa éin eller fleire metodar for innhenting av tilbakemelding frå elevar på arrangement i regi av DKS.

Målet med piloten var å velje ut og standarisere éin eller fleire metodar frå testfasen og sørgje for at erfaringane blei gjorde tilgjengelege nasjonalt. Dette for å styrkje kunsterisk og formidlingsmessig kvalitet på tilbodet og styrkje banda mellom Den kulturelle skulesekken og skulen.

Fakta om piloten elevmedverknad i framsyninga Magiske hamskiftere

    Deltakarane i piloten:

      Ønskjer du å dele metodane og ideane dine for elevmedverknad i DKS?
      Ta kontakt med Bente Aasheim, baa@kulturtanken.no