Kulturtanken er forvaltningsorganet til staten på området barne- og ungdomskultur. Vi skal sørgje for effektiv og god forvaltning og styringsstruktur, og vidareutvikle nasjonale fellesløysingar og tilskotsordningar i dialog med sentrale aktørar.
Verksemdsstyring
Kulturtanken får mandatet sitt frå Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) og Kunnskapsdepartementet (KD) i årlege tildelingsbrev, og formidlar resultata i årsrapportane våre. Les meir om tildelingsbrevet og mål for verksemda under Oppdraget vårt.
Årsrapportar for Kulturtanken
Forvaltning av Den kulturelle skulesekken
DKS er eit tilbod til alle skuleelevane i landet og er eit sentralt verkemiddel i det kulturpolitiske arbeidet. Med bakgrunn i dei nasjonale måla skal DKS vere ei nasjonal ordning som formidlar profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge.
Kulturtanken har frå og med 2017 forvalta tilskotet til DKS og fordelt det til kommunar og fylkeskommunar i ordninga.