Kunsten å lære: seminar
Velkomen til seminar om kunsten si rolle i skulen og samfunnet.
Vi påstår: Kunst og kultur er løysinga på mange av utfordringane skulen og samfunnet står i!
Seminaret 7. september vil løfte fram ulike sider av det internasjonale prosjektet Kunsten å lære gjennom foredrag, utstilling og samtaler, og innehalde møte med deltakarar, prosjektgruppe og forskarar.
Vi vil saman løfte fram viktige problemstillingar knytt til kunsten si rolle i skulen og i samfunnet. Gjennom Kunsten å lære har vi samla erfaringar om elevmedverknad, skuleutvikling, elevane si utvikling gjennom kunst, samarbeid mellom kunstnarar og lærarar, performativ læring, djubdelæring, eit inkluderande klasserom, samt praktiske og estetiske læringsprosessar. Desse vil vi dele og diskutere denne dagen, saman med dykk.
Kunsten å lære er eit samarbeid mellom ei rekkje aktørar, mellom anna Innlandet fylkeskommune, Høgskolen i Innlandet, Creativity, Culture and Education (Storbritannia), T-Tudok (Ungarn) og Kulturtanken. Sjå alle samarbeidspartnare her.
Påmeldingsfristen har gått ut.
Program
08:45 – 09:30
Registrering, kaffe/te ved ankomst
09:30 – 11:30
Kva er Kunsten å lære? Korleis og kvifor har Kunsten å lære oppstått? Korleis ser Kunsten å lære ut i praksis?
- KEYNOTE speaker: How and why did Art of Learning begin? On Executive functions, creativity and Art of Learning’s history. Professor Ricardo Rosas Díaz, Director of Center for the Development of Inclusion Technologies, Pontificia Universidad Catòlica de Chile. Ph.D. in Cognitive Psychology.
- «Vi leiker medan vi lærer» - om Kunsten å lære i Noreg. Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt, rådgjevar og scenekunstprodusent for Den kulturelle skolesekken i Innlandet fylkeskommune og forskningsleiar Ulrika Håkansson.
11:00 – 11:40 OMVISING/LUNSJ 1 med kål attått
- Omvisning i Kunsten å lære-utstillinga: Elevar frå 4. trinn ved Alvdal barneskule viser rundt i utstillinga av elevarbeid frå Kunsten å lære 2021-23.
11:40 – 12:20 OMVISING/LUNSJ 2 med kål attåt
- Omvisning i Kunsten å lære-utstillinga: Elevar frå 4. trinn ved Alvdal barneskule viser rundt i utstillinga av elevarbeid frå Kunsten å lære 2021-23.
12:20 – 15:45
Er kunst og kultur løysinga på mange av utfordringane skulen og samfunnet står i? Treng vi Kunsten å lære? Kva vil det innebera om norsk skule vert meir KÅLsk?
- Kunsten å lære i praksis. Shelli Lake, KÅL-kunstnar, master i Arts, theatre, frå Emerson College, USA.
- Innsideperspektiv - Diskusjonspanel med aktørar frå Kunsten å lære. Med: Hans Øyvind Lyshaug (rektor Aurvoll skole, Øyer), Ida Nordstrand Veskje (lærar Søre Ål skole, Lillehammer), Malin Kathrine Vik (KÅL-kunstnar ,Søre Ål skole og drama- og teaterpedagog og universitetslektor, Oslo Met), Evy Sunde (forelder og leder av bedrifta Skriverform AS).
- Kaffepause, observasjon av elevaktivitet i utstillingslokalet
- Research perspectives - Discussion panel (in English).
Tone Pernille Østern (Professor in Arts Education with a focus on Dance, NTNU, and Visiting Professor at Stockholm University of the Arts), Ricardo Rosas Diaz (Director of Center for the Development of Inclusion Technologies, Ph.D. in Cognitive Psychology), Aud Berggraf Sæbø (professor i drama ved Universitetet i Stavanger).
- Felles refleksjonsøvelse over dagen med utgangspunkt i KÅL og Q/A
15:45 – 16:00
Oppsummering og vegen vidare
Lær meir om prosjektet:
Sjå nettside:
Les artiklar:
- «Kunsten å lære» har inntatt skulekvardagen i Innlandet
- Forsker på betydningen av kunst og kultur for hjernens utvikling
- Kunst som nøkkel for utvikling av eksekutive funksjoner
Meld deg på Kulturtankens nyheitsbrev og hald deg oppdatert om alle arrangementa våre!