Kulturtanken har stor spennvidd. Etaten skal kommunisere fridommen og lekenheten som finst i kunst- og kulturutrykk for barn og unge, og samtidig understreke betydninga av samfunnsoppdraget med tyngd og seriøsitet. Bruken av dei ulike elementa og fargane kan varierast for å tilpasse etterlate inntrykk, avhengig av flate og formål.
Den kulturelle skulesekken (DKS) har eigen grafisk profil, basert på same uttrykk.
Kulturtankens logo
Kulturtankens logo finst på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk. Logoen har to ulike namnetrekk (med og utan «Den kulturelle skulesekken Noreg»), og kvart namnetrekk har ståande og liggjande variantar i grønt, svart og kvitt. Logoen kan unntaksvis òg nyttast i andre fargar innanfor Kulturtankens palettar, i samspel med omkringliggjande design.
Logoikonet er felles for Kulturtanken og DKS, og er bygd opp på det gylne snittet. Dette kan brukast som profilbilete i sosiale medium, eller som eit «kvalitetsstempel» på flater der namnetrekket ikkje må inkluderast.
Typografi
Kulturtanken har ein hovudfont for trykte flater og nettsider, ein støttefont som kan nyttast til overskrifter og annan utheva tekst, og ein systemfont (som finst som standard i dei fleste tekstverktøy) for Office-dokument.
Hovudfont
Merriweather Sans blir brukt til alt trykt materiale, som rapportar, brosjyrar og plakatar, og til nettsider. Fonten er tilgjengeleg for nedlasting frå Google Fonts, og kan nyttast fritt.
Støttefont
Merriweather er ein seriff-font i same familie som Merriweather Sans. Støttefonten kan brukast til alt trykt materiale og til nettsider, men berre til overskrifter og annan utheva tekst. Fonten er tilgjengeleg for nedlasting frå Google Fonts, og kan nyttast fritt.
Systemfont
Calibri blir brukt i alle Office-dokument og -presentasjonar, og andre stader der det er unaturleg eller komplisert å bruke profilfonten. Fonten er tilgjengeleg som standard i alle Office-program, som Word og PowerPoint.
Fargar
Kulturtanken har eit breitt utval profilfargar, som skal nyttast systematisk i kombinasjon med kvarandre. Val av fargar blir gjort basert på ønskt uttrykk, flate og formål, samtidig som fargebruk og kontrastar må oppfylle krav om universell utforming.
Det er fire hovudpalettar med fargekombinasjonar som alltid skal prioriterast i generelt materiell, men unntaksvis kan andre kombinasjonar nyttast. I hovudsak blir mørk bakgrunn (med lys tekst) prioritert, men lys bakgrunn blir brukt når det er mest formålstenleg. I meir omfangsrikt materiell er det ideelt å variere mellom mørk og lys bakgrunn. Fargane kan brukast i ulik mettingsgrad basert på opacity: 80% - 50% - 20%, og dei kan alltid brukast i kombinasjon med svart og kvit.
Sjå døme under Trykte flater og Digitale flater.
Grøn palett
Djup grøn
#073941
CMYK: 98-25-35-75
RGB: 7-57-65
PMS: 2217 C
Mørk grøn
#094E58
CMYK: 100-10-30-66
RGB: 9-78-88
PMS: 316 C
Medium grøn
#127585
CMYK: 88-40-40-10
RGB: 18-117-133
PMS: 2223 C
Klar grøn
#55C8A8
CMYK: 61-0-45-0
RGB: 85-200-168
PMS: 3258 C
Lys grøn
#A3D8BF
CMYK: 35-0-25-0
RGB: 163-216-191
PMS: 2246 C
Lett grøn
#CEEDDD
CMYK: 18-0-15-0
RGB: 206-237-221
PMS: 621 C
Klar gul
#FFE300
CMYK: 0-5-100-0
RGB: 255-227-0
PMS: Yellow C
Lys gul
#F8F9BB
CMYK: 0-0-25-2
RGB: 248-249-187
PMS: Yellow 0131 C
Raud-oransje palett
Djup raud
#661516
CMYK: 30-100-90-52
RGB: 102-21-22
PMS: 188 C
Klar raud
#E4151E
CMYK: 0-100-100-2
RGB: 228-21-30
PMS: 2035 C
Mørk oransje
#D64400
CMYK: 0-82-100-0
RGB: 214-68-0
PMS: 1665 C
Medium oransje
#EB6446
CMYK: 0-73-80-0
RGB: 235-100-70
PMS: 2026 C
Klar oransje
#F9A148
CMYK: 0-45-90-0
RGB: 249-161-72
PMS: 137 C
Lys oransje
#FAB36B
CMYK: 0-30-60-0
RGB: 250-179-107
PMS: 156 C
Lett oransje
#FCE7D4
CMYK: 0-11-18-0
RGB: 252-231-212
PMS: 9224 C
Lys rosa
#FFB3D9
CMYK: 1-35-0-0
RGB: 255-179-217
PMS: 217 C
Blå palett
Djup blå
#0E2377
CMYK: 100-86-0-35
RGB: 14-35-119
PMS: 2748 C
Klar blå
#2448CC
CMYK: 94-83-0-0
RGB: 36-72-204
PMS: 2369 C
Medium blå
#92C6F4
CMYK: 39-11-0-0
RGB: 146-198-244
PMS: 2141 C
Lys blå
#BEDDF8
CMYK: 23-5-0-0
RGB: 190-221-248
PMS: 277 C
Lett blå
#D3E9F4
CMYK: 15-0-1-0
RGB: 211-233-244
PMS: 9420 C
Medium rosa
#FF8DBB
CMYK: 0-58-1-0
RGB: 255-141-187
PMS: 204 C
Lys rosa
#FFB3D9
CMYK: 1-35-0-0
RGB: 255-179-217
PMS: 217 C
Lett rosa
#FFE1F0
CMYK: 0-14-0-0
RGB: 255-225-240
PMS: 9320 C
Klar oransje
#F9A148
CMYK: 0-45-90-0
RGB: 249-161-72
PMS: 137 C
Lys oransje
#FAB36B
CMYK: 0-30-60-0
RGB: 250-179-107
PMS: 156 C
Lett oransje
#FCE7D4
CMYK: 0-11-18-0
RGB: 252-231-212
PMS: 9224 C
Lys gul
#F8F9BB
CMYK: 0-0-25-2
RGB: 248-249-187
PMS: Yellow 0131 C
Lilla palett
Djup lilla
#2D0C42
CMYK: 80-100-0-62
RGB: 45-12-66
PMS: 2695 C
Skarp lilla
#A0008C
CMYK: 35-100-0-6
RGB: 160-0-140
PMS: 2415 C
Klar lilla
#B957DD
CMYK: 40-72-0-0
RGB: 185-87-221
PMS: 2582 C
Medium lilla
#DB71D8
CMYK: 20-64-0-0
RGB: 219-113-216
PMS: 252 C
Lys lilla
#EFC7FC
CMYK: 9-19-0-0
RGB: 239-199-252
PMS: 263 C
Medium rosa
#FF8DBB
CMYK: 0-58-1-0
RGB: 255-141-187
PMS: 204 C
Lys rosa
#FFB3D9
CMYK: 1-35-0-0
RGB: 255-179-217
PMS: 217 C
Lett rosa
#FFE1F0
CMYK: 0-14-0-0
RGB: 255-225-240
PMS: 9320 C
Klar oransje
#F9A148
CMYK: 0-45-90-0
RGB: 249-161-72
PMS: 137 C
Lys oransje
#FAB36B
CMYK: 0-30-60-0
RGB: 250-179-107
PMS: 156 C
Lett oransje
#FCE7D4
CMYK: 0-11-18-0
RGB: 252-231-212
PMS: 9224 C
Andre fargar
Svart
#000000
CMYK: 0-0-0-100
RGB: 0-0-0
PMS: Black 6 C
Kvit
#FFFFFF
CMYK: 0-0-0-0
RGB: 255-255-255
Ikon og grafiske former
Det er teikna seks ikon som representerer dei ulike kunst- og kulturuttrykka i DKS: kulturarv, film, visuell kunst, litteratur, musikk og scenekunst. Ikona kan brukast for å forsterke kva for eit av områda som blir kommuniserte, og kan også brukast samla for å vise breidda av uttrykk. Ikona finst i grøn, svart og kvit variant, og som farga sirkelikon, der kvart uttrykk har fått tildelt ein eigen farge frå profilfargane:
Logo og ikon er brote opp og sett saman på nytt i ulike grafiske former for å kunne skape eit kreativt og leikent uttrykk tilpassa bodskapen. Sirkel, firkant og trekant er grunnformer som kan nyttast, anten som bakgrunn for tekst eller i eit frittståande, systematisk mønster. Sjå døme under Trykte flater og Digitale flater.
Foto
Kulturtanken har eit rikt biletarkiv som dekkjer mange uttrykk og behov. I designet er det lagt opp til stor variasjon av både bilete og illustrasjonar. Vi bruker ofte bilete med mykje glede, energi og engasjement, gjerne i fargar som harmonerer med fargepaletten. Særleg barn og unges møte med kunst og kultur, og utøvarar som brenn for det dei driv med, er tema som går igjen.
Bileta i arkivet DKS-illustrasjonsbilete kan nyttast vederlagsfritt av DKS-administrasjonar til nettsider og anna informasjonsmateriell om DKS, fortrinnsvis med kreditering. Ta kontakt med Kulturtankens kommunikasjonseining for annan type bruk, eller viss du ser etter spesifikke bilete eller tema.
Trykte flater
For trykt materiell kan grafiske former, fargar og foto kombinerast på ulike måtar. Foto blir gjerne brukt som eit stort, heildekkjande element. For å strukturere innhaldet og forsterke den visuelle identiteten blir grafiske former nytta. Det er som regel ideelt å nytte ein av hovudpalettane i samspel med bilete og/eller grafiske former.
Digitale flater
Prinsippa frå trykte flater blir også implementerte i Kulturtankens digitale flater, som nettsider, sosiale medium, nyheitsbrev, annonsering og Powerpoint-presentasjonar. Ulike kanalar krev ulik tilpassing, men logobruk, typografi, fargar og former bidreg til ein gjennomgåande identitet.
Powerpoint
Har du spørsmål om den grafiske profilen?
Ta gjerne kontakt med kommunikasjonseininga i Kulturtanken.