DKS-digital har som mål at Den kulturelle skulesekken, og ressursar i tilknyting til ordninga, i større grad skal tilgjengeleggjerast for elevar og lærarar. Dette kan bidra til at samspelet mellom DKS og læreplanane i skulen blir tydelegare, og at elevar og lærarar får enklare tilgang til informasjon om sitt eige DKS-tilbod.
Kulturtanken har lagt til rette for at ei rekkje ulike typar innhald kan publiserast i læringsplattforma Elevkanalen. Dette inkluderer generell informasjon om DKS, informasjon om kommande DKS-opplevingar direkte til mottakarane, synleggjering av læreplankoplinga til tilbodet, og visning av digital formidling.
Kulturtanken har i tillegg publisert DKS-relatert informasjon og lærarressursar i læringsplattforma NDLA. Alt innhald er universelt utforma for å sikre tilgjengelegheit for alle elevar.
Når det er i eit system som allereie blir brukt, er det endå ein ting du slepp å tenkje på, og det er veldig takksamt. Det gjer det lettare å involvere seg som lærar, då det alltid er tusen ting som konkurrerer om tida di.
Tilbakemelding frå lærer i Trondheim kommune etter prøvevisning av filmen «Togrøvere» i Elevkanalen
Distribusjon av digital DKS-formidling
Frå januar 2025 er det opna for distribusjon av DKS-produksjonar i Elevkanalen!
Når ein digital produksjon er programmert, følgjer du dei vanlege rutinane i DKS-portalen. For å publisere produksjonen i Elevkanalen, må han registrerast og nødvendig publiseringsmateriell leverast. Turnéplanen blir delt med Elevkanalen nokre dagar før publisering, slik at innhaldet blir tilgjengeleg for dei elevane som har fått det tildelt.
Slik går du fram for å distribuere ein DKS- produksjon i Elevkanalen
- Kontakt Kulturtanken v/ prosjektleiar Bente Aasheim:
Ved første kontakt får du tilbod om eit kort møte for informasjon om registrering og leveransar for produksjonen. Du kan òg få råd og rettleiing før produksjonen blir programmert som ein del av DKS-tilbodet.
Kontaktinfo: baa@kulturtanken.no - Registrer produksjonen:
Skjema for registrering: Fyll ut registreringsskjemaet for produksjonen.
Lever produksjonsmateriell: Du får tildelt eit eige leveranseområde for produksjonen, der du finn nødvendig informasjon for registreringa. - Publisering i Elevkanalen:
Kulturtanken v/ Bente Aasheim legg materiellet inn i Elevkanalen så snart registreringa er fullført og publiseringsmateriellet er på plass. - Produksjonsmøte:
Du får tilbod om å delta i eit produksjonsmøte der du kan sjå korleis produksjonen blir presentert i Elevkanalen og medverke i den vidare utforminga av tilbodet. Utøvar/formidlar/produsent kan inviterast til møtet om ønskjeleg. - Publisering:
Produksjonen publiseres og avpubliseres på ønskede datoer. - Visningsresultater:
Etter endt visning får du tilsendt visningsresultatene.
Råd og rettleiing
Kulturtanken tek ikkje stilling til det kunstnariske innhaldet, men er tilgjengelege for spørsmål om Elevkanalen, læreplankopling, kalenderdeling, registrering av vederlag, teknisk kvalitet, produksjonsleveransar, utvikling av læringsressursar, og meir.
Andre DKS-funksjonar i Elevkanalen
Om prosjektet

Relevante artiklar om prosjektet

Klart for distribusjon av digitale DKS-produksjoner i Elevkanalen
Har du programmert en digital DKS-produksjon for skoleåret 2025–2026? Eller vurderer du å gjøre det? Da vil vi gjerne høre fra deg!

Gjør DKS tilgjengelig på skolens digitale plattformer
1136 elever i Trondheim og Agder fikk digital kunstopplevelse fra Den kulturelle skolesekken (DKS) i læringsplattformen Elevkanalen. Det ga gode resultater!

Tester ut DKS på skolens digitale plattformer
Vil elever og lærere få et nærere forhold til DKS-ordningen hvis den er synlig på læringsplattformene de allerede benytter? Et pågående utviklingsprosjekt leter etter svar og digitale muligheter.

Kobler kunstnerisk innhold med læreplanverket
Et nytt koblingsverktøy i DKS-portalen gjør det enklere å synliggjøre relevansen til Den kulturelle skolesekken.