Viktige datoar i 2025
I 2025 er det mykje spennande å sjå fram mot for deg som er interessert i kunst og kultur for, med og av barn og unge!
Informasjon om årets visningsarenaer for alle kunstfelta i Den kulturelle skulesekken (DKS) i 2025 , i tillegg til andre arrangement det er verd å følgje med på.
Vi gler oss til eit år fylt med inspirasjon og refleksjon for alle som jobbar med kunst og kultur for, med og av barn og unge!
Det er atterhald om endringar for alle arrangementa.
Meld deg på nyheitsbrevet vårt eller følg med i kalenderen og på Facebook for å halde deg oppdatert!
Visningsarenaer
Litteratur:
Komma finn stad på Lillehammer 2. og 3. juni, rett i forkant av Norsk Litteraturfestival og Pegasusfestivalen.
Dette er møteplassen for dei som jobbar med fagområdet litteratur i DKS. Målet er å synleggjere god litteratur og bidra til betre spreiing, større breidd og mangfald innan DKS og i andre samanhengar der det er ønske og behov for god formidling av litteratur.
Arrangørar er DKS Innlandet, DKS Akershus, Forfattersentrum, Norsk Litteraturfestival og Kulturtanken.
Scenekunst:
Markedet for Scenekunst i Sandefjord (MFS) blir arrangert 26.-28. august.
Dette er ein nasjonal arena for presentasjon av profesjonell scenekunst for barn og unge.
Det blir presentert eit breitt scenekunsttilbod på marknaden, som òg er ein møteplass for fagleg utvikling der målet er å tilby den kvalitativt beste scenekunsten for barn og unge, og dessutan å auke både arrangørars og utøvarars kompetanse. Arrangementet er ein betydeleg nasjonal leverandør av scenekunst til festivalar, kulturhus, bibliotek og DKS.
Blir arrangert av Sandefjord kommune i samarbeid med Vestfold fylkeskommune og Kulturtanken.
Sjå nettsida til Markedet for scenekunst
Les sak frå 2024: – Det gir mengdetrening og motivasjon
Visuell kunst:
Øyepå er ein nasjonal møteplass for visuell kunst i DKS som blir arrangert for sjuande gong i haust. Konkrete datoar kjem.
Kunstnarar, formidlarar, DKS-tilsette og lærarar blir inviterte til å dele kunstmøter, fagleg refleksjon og fordjuping. Møteplassen har som mål å knyte seg til fagsterke kunstfestivalar.
Kulturarv:
SPOR – arena for kulturarv i DKS er den årlege visningsarenaen for kulturarvsproduksjonar som blir arrangert på Stiklestad 9. og 10. september.
På SPOR vil ein kunne sjå produksjonar, utveksle erfaringar, få fagleg påfyll, etablere nettverk og saman sjå framover.
Visningsarenaen blir arrangert av Trøndelag fylkeskommune i samarbeid med Stiklestad Nasjonale Kultursenter, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturtanken. Meir informasjon om program kjem.
Musikk:
Marked for Musikk blir arrangert 21.–23. oktober i Larvik.
Dette er ein nasjonal visningsarena for konsertar retta mot barn og unge, der arrangørar frå kulturhus, festivalar, bibliotek og DKS kan sjå, evaluere og finne konsertar tilpassa dei unge publikummarane sine. Eit overordna mål er at fleire barn og ungdommar i Noreg skal få oppleve konsertar av høg kvalitet. Møteplassen er òg ein kompetanse- og nettverksarena for alle som jobbar med musikkformidling til denne målgruppa.
Marked for Musikk er eit prosjekt i regi av Vestfold fylkeskommune og Larvik kommune.
Sjå nettsida til Marked for Musikk
Les sak frå 2024: Det rause rommet
Film:
Arena Film blir arrangert på Union Scene i Drammen i november. Konkrete datoar kjem.
Visningsarenaen er for profesjonelle filmproduksjonar retta mot DKS. Alle som jobbar med film retta mot barn og unge kan utveksle erfaringar, styrkje nettverk og inngå samarbeid. Det blir inspirert til auka dialog, samarbeid mellom ulike aktørar og ei generell heving av status for film og spel for barn og unge.
Arena Film blir arrangert av Innlandet, Buskerud, Akershus og Østfold fylkeskommunar i samarbeid med Kulturtanken.
Les sak frå 2024: Det store bildet med Generasjon utålmodig
Tilrettelagt
Arena for Tilrettelagt blir arrangert med mål om å setje fokus, dele erfaringar og inspirere til ytterlegare aktivitet på Tilrettelagt-feltet. Funksjonsvariasjonar kan omfatte barn og unge i alle aldrar med svært ulike og ofte spesifikke behov i møtet med DKS.
Vi ønskjer å ta opp grunnleggjande spørsmål knytte til kva kommunikasjon er og korleis ein lykkast med formidling til denne varierte gruppa elevar.
I 2025 blir arenaen arrangert i Harstad. Meir informasjon kjem.
Andre arrangement og datoar
Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF), 13.–19. januar. Festivalen har eit eige program i samarbeid med DKS som heiter TIFF UNG.
Verkstad om Dataspill i DKS, 20. februar hos Kulturtanken, 20. februar.
DKS-LAB, vår og haust 2025. Eit landsdekkjande og fleirårig prosjekt som skal leggje til rette for å gi kunstnarar, kunsthandverkarar, designarar og arkitektar betre føresetnader for å utvikle innhald til DKS-ordninga. Ny utlysing for 2025 kjem 15. februar.
BUFF - Malmö Filmfestival, 15.-21. mars. Ein årleg barne- og ungdomsfilmfestival i Malmø.
Amandus – Lillehammer Internasjonale Studentfilmfestival, 9.–11. april. Ein nordisk filmfestival og konkurranse for unge filmskaparar.
Barnefilmfestivalen i Kristiansand, 5.–10. mai.
NKUL, 21.-23. mai. Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring som blir arrangert i Trondheim.
Norsk Litteraturfestival, 2. juni -8. juni på Lillehammer. Nordens største litteraturfestival med eit variert program for lesarar i alle aldrar. Barne- og ungdomslitteraturprogrammet Pegasus og visningsarenaen Komma blir arrangert som ein del av festivalen.
Juba Juba, 31. mai - 1. juni. Stor og sjangerfri kulturfestival for barn i Trondheim.
Fagsamtalar om film i DKS, 5. juni i Oslo. Meir informasjon kjem.
Kortfilmfestivalen i Grimstad, 11.–15. juni. Kort- og dokumentarfilmfestival som er ein viktig møtestad for det norske filmmiljøet. Ein jury beståande av elevar frå Dahlske vidaregåande skule deler ut Ungdomsprisen kvart år.
Dei nynorske festspela, 12.-15. juni. Festspela har ei rekkje arrangement for barn og unge.
Miniøya, 14.–15. juni i Tøyenparken i Oslo. Noregs største musikk- og kulturfestival for barn og unge.
UKM-festivalen 2025. Konkrete datoar kjem.
Rabalderfestivalen, sommarfestival med breitt spekter av kulturopplevingar for barn mellom 3 og 12 år. Festivalen blir arrangert både i Tromsø og Molde.
Tromsø: 21.-22. juni.
Molde: 28.–29. juni.
Riddu Riđđu, 9.-13. juli. Internasjonal urfolksfestival som årleg finn stad i Kåfjord. Festivalen har program for heile familien som inkluderer barnefestival og ungdomscamp.
Arendalsuka, 11.-15. august.
Den norske filmfestivalen i Haugesund, 16.–22. august. Festivalen har eit eige program for barnefilmar som heiter Cinemagi.
Haugesund Barnefilmkonvent/Ungdomsfilmseminar, dato kjem (blir arrangert under Den norske filmfestivalen). Konferanse om film og dataspel til barn og unge som er eit samarbeid mellom Den norske filmfestivalen, Norsk filminstitutt og Kulturtanken. Arrangert for første gong i 2022.
TIFF Junior, september (konrete datoar kjem). Filmfestival for barn og unge i Tromsø.
Kulturverndagene: 30. august – 7. september. Noregs største historie- og kulturarvsfestival med 300 arrangement rundt om i landet. I år er temaet «Heim». Festivalen blir òg arrangert i resten av Europa under namnet European Heritage Days.
YAMsession og YAM Awards (Young Music Audiences Awards), 15. - 18. september i Viljandi, Estland. Prisutdelinga heidrar kreativitet og innovasjon innan musikkproduksjon for dei yngste målgruppene, skapt av profesjonelle ensemble, frå soloartistar til orkester, frå alle verdshjørne.
Appelsinia litteraturfestival i Skien, 20. - 28. september. Appelsinia sitt viktigaste mål er å spreie leselyst til barn og unge. Kvart år blir alle barna i Skien på 3., 5., 7., og 9. trinn invitert til festivalen og får oppleve eit breitt litterært program. Festivalen har hatt eit langvarig samarbeid med DKS Telemark.
Falturiltu, november (konkrete datoar kjem). Verdas største nynorske litteraturfestival for barn og ungdom med over 100 arrangement i 10 kommunar i Vestland og Rogaland.
Memoarkonferansen, 14.-15. november i Bergen. Konferanse og festival om minnesamling og munnleg historie. Hovudtema: Munnleg historie og migrasjon.
Showbox, 25. - 27. november i Oslo. Noregs største scenekunstfestival for barn og unge. Fagbox - Nasjonal arena for scenekunst i DKS blir arrangert under festivalen.