En gruppe ungdommer er samlet rundt en smed i en skolegård. Smeden har på seg verneutstyr,

Utlysing: DKS-LAB i Telemark for tradisjonshandverkarar

Er du tradisjonshandverkar og vil skape engasjement for faget?
Vil du bidra til å skape interesse for ditt felt for born og unge? Då kan Den kulturelle skulesekken vera ein spennande arena og moglegheit.

Kunstsmed Håkon Busk under DKS-LAB for tradisjonshandverkarar i regi av Follo Museum i 2024. Foto: Trine Ruud Grønningen/Kulturtanken

Bli med på DKS-LAB med Vest-Telemark Museum, Norges Husflidslag og Telemark fylkeskommune i juni 2025!

DKS-LAB for tradisjonshandverkarar er eit nytt konsept der du får sjansen til å utvikle eit DKS-opplegg for grunnskule og/eller vidaregåande saman med andre handverkarar og rettleiarar frå ulike fagfelt og formidling. DKS-LAB går av stabelen i veke 23 på Vest-Telemark Museum avdeling Eidsborg. Det er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vest-Telemark Museum, Norges Husflidslag og Telemark fylkeskommune, finansiert av Sparebankstiftelsen DNB, Telemark fylkeskommune og Kulturtanken.

Dette er den eine av to DKS-LAB for tradisjonshandverkarar som blir gjennomførte i 2025.

Den andre skjer på Follo museum i august, med søknadsfrist 1. april. Meir informasjon kjem i februar.

DKS-LAB er ein utviklande møteplass og fellesskap for erfaringsdeling og eksperimentering med eigne og andre sine idear. Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, velje metodar, utvikle formidlinga, skildre prosjektet og kome langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. Rettleiarar med brei erfaring innan formidling til born og unge vil gje attendemelding, inspirasjon og konkrete råd til produksjonen du utviklar. I løpet av samlinga testar me ideane på elevar i aktuelle aldersgrupper.

LAB’en strekkjer seg over fem dagar, 2.-6. jun 2025. Den eine dagen vil bli satt av til ein skuletest, medan dei andre vil føregå i museets lokale.

Kven kan søkje?

  • Du som driv med tradisjonshandverk
  • Du som vil formidle og skape engasjement gjennom eigen kunnskap, erfaringar og gleda ved eit handverk til ei ung målgruppe.

Du som søkjer må vera open for tilbakemeldingar, innspel og justeringar frå rettleiarane og dei andre deltakarane, og du må kunne bidra aktivt med eigne innspel.

Les meir om Den kulturelle skulesekken her.

Kva ser me etter?

Handverkar og kurshaldar Mari Fallet Mosand i møte med elevar under DKS-LAB for tradisjonshandverkarar 2024.

Me ynskjer forslag frå eit breitt spekter av tradisjonshandverk, frå deg som vil formidle eigen kunnskap, eigne erfaringar og gleda ved eit handverk til ei ung målgruppe.

I forslaget til formidlingsopplegg skal handverket og elevane spela hovudrolla.

Det er ein føresetnad at du søkjer med eit klart prosjekt, slik at du veit kva du vil teste ut på elevane. Skuletesten vil vere på 1-2 timar. Søknadsforslaga bør ha som utgangspunkt å gje elevar ei kvalitetsrik handverksoppleving gjennom praktisk erfaring og læring.

Eit DKS-opplegg skal tilføre elevane noko anna enn dei elles får i undervisinga, og samstundes opplevast relevant og møte elevane på det nivået dei er. DKS-opplegget skal vera flyttbart og kunne turnere rundt på skular lokalt, regionalt og/eller nasjonalt.

Kva kan du bruke di deltaking på DKS-LAB til?

DKS-LAB vil gje deg eit solid grunnlag for å lage ein ferdigstilt produksjon som kan søkast inn i DKS-portalen.

Via portalen kan din produksjon bli aktuell for turné i fylke og kommunar i heile landet.

Ferdige produksjonar kan meldast inn i portalen innan 1. oktober 2025.

Slik søker du:

Fyll ut og send dette skjemaet til acb@vtm.no.
Det er eit krav å leggje ved bilete, men legg gjerne også ved filmsnutt/lenke til film.

Søk innan 1. mars.

Som søkar pliktar du deg til å delta dei fem dagane laboratoriet går føre seg, 2.-6. juni 2025.

Aktuelle kandidatar blir kontakta, og vil før endeleg utveljing bli invitert til ei kort samtale (fysisk eller digitalt).

Kvar deltakar får eit utviklingsstipend på kr. 20.000 ved gjennomført DKS-LAB. Alle deltakarar får dekt reise, overnatting og diett.

Spørsmål kan rettast til Astri Cathrine Bjørgum ved Vest-Telemark Museum på acb@vtm.no.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt for oppdateringar om spennande prosjekt og satsingar innan kunst og kultur for, med og av barn og unge!

Les meir om satsinga

DKS-LAB for tradisjonshåndverk vekker nysgjerrigheten

En ny satsing vil gi flere skoleelever gode møter med tradisjonshåndverk gjennom å tilby utøvere tid, trygghet og fellesskap.