Flere barn sitter i et stort rom og stirrer på veggmalerier.

Rapport: Opplevingar av kunstmøte gjennom DKS og betydninga av dei

Ein kvalitativ studie av verkstader for 4. trinn

Sol Calero, Las seis ventanas (De seks vinduene), Stavanger kunstmuseum 2023. Foto: Marie von Krogh

Korleis formidlar barn opplevingar av kunstmøte gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS)?

Forskar Merete Jonvik har undersøkt barns opplevingar av DKS i lys av sosiale, materielle og sanselege perspektiv. I studien spør ho kva som kjenneteiknar kunstmøte i DKS, og lèt barna sjølv komme til uttrykk med røystene sine. Med eit blikk for heile situasjonen, undersøkjer Jonvik kunstmøte i DKS som sosiale refleksjons- og sanserom. Studien finn at DKS-kunstmøte er ein stad for undring, læring, eksepsjonalitet, samvær og møte med noko nytt.

I studien har Jonvik fulgt to 4. klassar på to ulike DKS-verkstader hausten 2023. Eit av dei gjekk føre seg på skulen, medan det andre var ei utflukt til eit museum. Det er ein kvalitativ studie som går i djupna og følgjer barn og lærarar over tid. Studien undersøkjer korleis barna opplever kunstmøte, og diskuterer kva betydningar og verknader opplevingane har sett frå perspektivet til lærarane.

Viktig innsikt

Ved å bringe inn perspektiv frå kunstsosiologi, interaksjonisme og (ny) materialisme sest kunstmøta i lys av materielle og sosiale rammer. Rapporten bidreg til å utvikle språk og omgrep for å identifisere betydninga av kunstmøte i skulekvardagen.

Casane som er valde ut er verkstader der dialog og medskaping er sentrale komponentar. Slik bidreg rapporten til meir kunnskap om opplevingar av verkstader gjennom DKS. Gjennom å undersøkje elevperspektivet, gir rapporten viktig innsikt om opplevingane og erfaringane til elevane med DKS. Rapporten gir òg innsikt i korleis DKS-møte på skulen eller på kunstinstitusjonar representerer ulike materielle og sosiale rammer for opplevinga.

Eg synest liksom at vi er her, og at vi aldri har sett dette før. At vi kjem på ein måte inn i noko nytt, at Den kulturelle skolesekken, den er liksom ikkje kvar dag.

Barn (frå rapporten)

I møtet med barna som deltek i studien, finn Jonvik at kunstmøta er ein stad der barna kunne stilla spørsmål og få tid til å undra seg, nytta sansane og læra nye ting. Situasjonane opnar for at barna kan assosiere sjølv, men òg høyre andre sine assosiasjonar, og byggje vidare, tenkje og sansa vidare. Jonvik visar at kunstmøta i DKS alltid skjer i lag med andre barn på skulen. Formidlinga i DKS skjer som kollektiv sansing og tenking, og situasjonane opnar for kollektiv og individuell undring, og moglegheit til å vere kreativ og møte andre i kreativiteten sin. Eit anna funn er at dei fleste involverte la vekt på det positive i at kunstmøta hadde element av deltaking og aktivitet ved seg, og at barna kunne ta på noko, laga noko og ta med noko heim som del av kunstmøta. Dei materielle og sosiale rammene i eit kunstmøte blir opplevde annleis og nytt av elevane, og bidreg til at DKS utfoldar seg som sosiale sanse- og refleksjonsrom i skulen.

Lærarane i studien løftar fram at DKS-møta gir opplevingar som elevane elles ikkje får som del av oppveksten sin, og at dei opnar for andre samtalar og formar for samvær. Variasjon i programmet over tid er ein kvalitet som lærarane løftar opp. Kunstmøta kan òg gi lærarar wow-opplevingar i møtet med sine elevars refleksjonar og kreativitet. Då bidreg DKS til at elevar blir sett på nye måtar av lærarane sine.

Ein har jo opplevd det før, plutselig ei kreativ sjel som er kjempeflink å måla, som du kanskje ikkje har oppdaga. Eller det er nokre tankar som du ikkje var klar over at desse elevane sit med. Det er klart at nokre sånne opplevinga får du jo. Og då tenkjer eg at, det er nesten verdt turen berre på grunn av det.

Lærar (frå rapporten)

Tilrår vidare forsking på elevperspektivet

Merete Jonvik - portrettfoto
Merete Jonvik. Foto: Hans Edward Hammonds

Merete Jonvik er førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Stavanger, og har tidlegare publisert studien Samarbeid mellom små og store vesen saman med Hans Edward Hammonds, om kunstmøte for og med barn. Jonvik arbeider ut frå eit barnesyn som anerkjenner barn som fullkomne vesen i seg sjølv, og som eigenrådige og autonome i møtet med kunst.

Studien er ein forskingspilot, og har òg hatt som mål å gi kunnskap om kva som er relevante forskingsdesign for å få fram meir kunnskap om DKS. Blant tilrådingane i rapporten er vidare forsking på elevperspektivet. Ei oppskalering av piloten til eit større forskingsprosjekt kan undersøkje korleis formidlingsforma, skulekulturen, sosial bakgrunn og alderen til elevane innverkar på opplevingane til elevane gjennom DKS, samtidig som det varetek elevperspektivet.

Sjå òg:

En gruppe unge voksne står i en mørk sal og har en gruppelek.

Rapport: DKS + lærerutdanning = sant

Rapport fra piloten ved Universitetet i Sørøst-Norge 2022/2023.

Forsiden på en rapport oppå et uskarpt bilde av elever.

Rapport: Opplevelser av Den kulturelle skolesekken

På oppdrag fra Kulturtanken har Sosiologisk Poliklinikk intervjuet 15 skoleklasser på ungdomstrinnet om tre DKS-produksjoner.