Meir nynorsk i DKS: Prosjektrapport for 2020-2024 er klar

Meir nynorsk i DKS: Prosjektrapport for 2020-2024 er klar

Satsinga blei starta med mål om å auke tilfanget av gode nynorske produksjonsforslag til Den kulturelle skulesekken.

Belinda Braza Crews «Samplaren» var ein av produksjonane i satsinga «Meir nynorsk i DKS». Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Kulturtanken etablerte i 2020 ei arbeidsgruppe for å fremje nynorsk i DKS. Deltakarane kom frå Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, dåverande Vestfold og Telemark fylkeskommune, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) og Kulturtanken.

Mellom 2020 og 2024 har satsinga blant tatt form av ei utviklingsordning for nynorske produksjonar og konferansen Den mangfaldige nynorsken. No er ein prosjektrapport frå perioden klar.

Ei satsing som ville inspirere

Utøvarar saman med representantar frå arbeidsgruppa og Seanse på førebuingsdag hos Kulturtanken, juni 2021. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

– Berre 207 av 2430 programsøknader til DKS for skuleåret 2021/2022 var på nynorsk. Dette ønskte vi å gjere noko med, seier Øyvind Sunde Høstaker, seksjonsleiar for kulturformidling i Vestland fylkeskommune. Han har vore prosjektleiar for Meir nynorsk i DKS i rapportperioden.

Øyvind Sunde Høstaker under konferansen Den mangfaldige nynorsken.

I første del av satsinga fekk sju prosjekt med sjangerbreidde, originalitet og nyskaping eit økonomisk tilskot til produksjonsmidlar og ei vekes kunstnaropphald hos Seanse - senter for kunstproduksjon i Volda.

Prosjekta blei valde ut gjennom ein søknadsprosess med over 70 innsende forslag hausten 2020, med vurderingar frå eit fagpanel og ein jury.

– Målet var å auke mengda av gode, relevante og representative produksjonar som kan turnere i heile DKS-landskapet. Det var også eit mål å skape meir medvit hos utøvarar for å produsere på nynorsk, ifølgje Høstaker.

Dei utvalde utøvarane var Sandra Kolstad, Good Time Charlie, Belinda Braza Crew, Geir Egil Eiksund, Nynorsk kultursentrum og Dordi Strøm.

Utøvarar samla til visning av Martine Grandes «Ørn» under opphaldet på Seanse. Foto: Kristian Glomnes/Seanse

Dei deltok på eit digitalt seminar og ein førebuingsdag hos Kulturtanken før kunstnaropphaldet på Seanse i august 2021. Utøvarane fekk jobbe med både språklege og kunstnariske dimensjonar ved produksjonane sine, og hadde to visningar med tilbakemeldingar i løpet av veka.

– Det har vore utfordrande og lærerikt. Å få kunnskap om kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken er sentralt, er viktig, seier ein av utøvarane i prosjektrapporten.

– Som kunstnar er det inspirerande å vite noko om stoda til nynorsken i samfunnet og i opplæringa. Kunstnarar kan vere gode forbilder.

Den mangfaldige nynorsken

Sandra Kolstad framførte utdrag frå produksjonen «Elv på himmelen» under Den mangfaldige nynorsken.

I april 2022 inviterte prosjektet til nettverkssamling og konferanse om rolla til det nynorske språket si rolle i Den kulturelle skulesekken spesielt, og i kunst- og kulturformidling til barn og unge meir generelt. 

Kulturtanken var arrangør i samarbeid med Nynorsksenteret og dei tre fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestfold og Telemark og Vestland.

Dei fleste produksjonane i prosjektet vart presentert, og blant bidragsytarane til programmet var Språkrådet, Norsk Målungdom, Falturiltu og Det norske teatret.

Ein sjølvsagd dimensjon i DKS

I etterkant av satsinga har det blitt gjennomført ei evaluering av ordninga, og i 2023 inviterte Kulturtanken til ei refleksjonssamling. Innhaldet var innspel og refleksjonar frå kunstnarane, Seanse og arbeidsgruppa om prosessen og bidraga som kom ut i Den kulturelle skulesekken.

«Vi ønsker at det å legge vekt på nynorsk blir etablert som ein sjølvsagd dimensjon i DKS», skriv arbeidsgruppa i prosjektrapporten, og oppmodar til nye samarbeid og utviklingsformer.

– Det er langt igjen til at nynorsk har den plassen det bør og skal ha i DKS, og det blir difor spennande å sjå korleis satsinga kan førast vidare, seier Øyvind Sunde Høstaker.

Les og last ned rapporten

Fire skuespillere står på en blåbelyst og røykfylt scene. De ser opp på en discokule som henger i taket

Meir nynorsk i DKS: Prosjektrapport 2020 – 2024

Oppsummering av arbeidet med å inspirere til fleire gode nynorskproduksjonar i Den kulturelle skulesekken.