Forfatter Mari Moen Holsve står på en stol foran en gruppe elever som gjør ulike bevegelser og smiler

Utlysing til DKS littlab 2023: Andre formidlingsformer

Er du ein forfattar, formidlar eller utøver som ønskjer å utvikle eit nytt formidlingsopplegg innan litteratur i Den kulturelle skulesekken våren 2023? Då søkjer vi deg!

Forfattar Mari Moen Holsve saman med elevar/medprodusentar under DKS littlab 2022 i Skien.

DKS littlab er eit pilotprosjekt og ein utviklingsarena for litteraturformidling i DKS, viss mål er å bidra til betre føresetnader for å skape nytt innhald til DKS-ordninga. Dette vil vere den tredje DKS littlab-piloten, og dei to tidlegare kan du lese om her:

Kva og kven søkjer vi etter?

Litteraturen som blir formidla i Den kulturelle skulesekken kan ha mange utgangspunkt: ei bok, eit forfattarskap, illustrasjonar, biletbøker eller teikneseriar. Vidare kan det vere skjønnlitterære tekstar, sakprosa, ein upublisert litterær tekst – eller fleire av desse.

Elevane får møte litteraturen i DKS på ulike måtar; som forfattarbesøk, framsyningar, skriveverkstad eller gjennom andre formidlingsformer. Les meir her.

Inger Lise Belsvik framfører for eit publikum av fagansvarlege og andre ressurspersonar under den første littlab-piloten i 2021. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Fokuset for den tredje DKS littlab-piloten er Andre formidlingsformer. Vi søkjer deg/de som:

  • Har ein produksjonsidé til eit uferdig prosjekt, og som du/de ønskjer innspel på frå fagfellar, DKS-produsentar og elevar.
  • Har ein produksjonsidé som kanskje går ut over det tradisjonelle forfattarbesøket i ein tradisjonell klasseromssituasjon.

Vi ønskjer søknader frå forfattarar, formidlarar og utøvarar som vil jobbe med eit breitt litterært utgangspunkt. Det er ikkje eit krav at ei bok må liggje til grunn for prosjektet, men det må gi elevane ei litterær oppleving. Ei oppleving som kan bli eit unikt litterært møte som elevane vil hugse i fleire år framover.

Kva kan vi tilby?

DKS littlab er eit samarbeid mellom alle DKS-fylkesadministrasjonane i landet, Sølvåren Ibsen formidlingssenter, Appelsinia litteraturfestival og Kulturtanken.

Deltakarane må setje av tre heile arbeidsdagar, 18., 19. og 20. april 2023. Desse tre dagane skal dei bu og jobbe saman i Skien. Dei vil få hjelp av fagfellar, produsentar/litteraturansvarlege i DKS, og dessutan andre relevante bidragsytarar til å utvekle litteraturformidlingsprosjekta.

Deltakarane vil få hjelp til å spissa idear, velgje metodar, utvekle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. I løpet av samlinga testar vi ideane på elevar i aktuelle aldersgrupper.

Dei ferdige produksjonane vil bli viste for elevar under Appelsinia litteraturfestival hausten 2023 (25.-28. september). I samband med dette vil det òg arrangerast eit evalueringsseminar for alle deltakarar og andre involverte.

Målet vidare er at dei ferdige produksjonane blir melde inn i Den kulturelle skulesekkens felles søkjeportal, DKS-portalen, innan søknadsfristen 1. oktober 2023.

  • Alle deltakarar får dekt reise, diett og overnatting.
  • Alle deltakarar blir honorerte med DKS-dagshonorar (5342 kr) for dagane vi jobbar saman i Skien, til saman 16 026 kr.
  • Om det er behov for ytterlegare arbeid med produksjonen fram mot visning på Appelsinia, vil det òg bli honorert.
  • Visning på Appelsinia blir honorert av festivalen.

Dette gjer du for å søkje:

Send søknaden din til post@kulturtanken.no innan 10. februar. Den skal vere på maks ei side og blir lagd ved som vedlegg (Word eller PDF) i e-posten. Søknaden må innehalde følgjande:

  • Fullt namn
  • E-postadresse
  • Bustadadresse
  • Telefonnummer
  • Kort prosjektskildring (ca. 350 ord)
  • Ønskt målgruppe (alder)

Søknadsfrist: 10. februar 2023

Merk søknaden din med «Søknad DKS littlab + namn på prosjektet».

Deltakarar vil bli valde ut på bakgrunn av innsende forslag. Utvalde deltakarar vil kontaktast seinast i veke 10, 2023.

Alle spørsmål rundt utlysing og DKS littlab kan rettast til Kristin Stoltz Thomassen, fagansvarleg litteratur hos Kulturtanken, på anten e-post kst@kulturtanken.no eller telefon 920 10 850.

Relevant om DKS littlab:

Forfatter Mari Moen Holsve sitter på huk foran en pult og prater til to elever.

Ut av komfortsonen

Et trepartssamarbeid mellom elever, DKS-produsenter og forfattere har gjennom året gjort et skikkelig krafttak for litteraturen i Den kulturelle skolesekken.

Litteraturformidling for framtida

Fire forfattere går inn i et studio. Etter to dager kommer de ut med lemen mellom hendene, haistemme og hodet fullt av historier om mygg og krig. Er de klare for å redde verden OG styrke litteraturen i DKS?

Simon Stranger leser fra en bok på scenen.

Litteratur i DKS

Hva var den første boka noen leste for deg? Hvilken bok har endret deg og måten du tenker på? Hva er den beste boka du har lest?

DKS-LAB

Et landsdekkende nettverk av faglige utviklingsplattformer for visuell kunst i Den kulturelle skolesekken.