Nytt stipend til masterprosjekt
Kulturtanken søkjer masterprosjekt om kunst og kultur til barn og unge.
Kulturtanken lyser no ut nye stipend til masterprosjekt som belyser aktuelle utfordringar innan produksjon og formidling av kunst til barn og unge.
Eitt til tre stipend på inntil NOK 25.000 blir lyst ut til formålet våren 2023. Søknadsfrist er 1. april.
«Barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Dei skal få oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei og som dei kan ta del i. Dei skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong.»
Frå Stortingsmelding nr 18.2021
Alle kunst og kulturuttrykk er aktuelle. Vi oppmodar spesielt søkjarar som arbeider med følgjande tematikk om å søkje:
- Medverknaden til barn og unge
- Kunnskap og praksis som bidreg til å gi eit breiare tilbod og større mangfald av brukarar, deltakarar og utøvarar.
- Berekraft i kunst
Dei beste prosjekta blir prioritert etter ei heilskapsvurdering.
Søknaden må innehalde:
- Søknadstekst på inntil 1500 ord (maks):
- Maks lengd på søknaden, dersom han inneheld bilete, er 8 sider.
- Du bør kunne seie noko om teoretiske perspektiv som vil nyttast.
- Tidsplan for masterarbeidet og innlevering av avhandlinga (må vere planlagt avslutta seinast våren 2024).- Budsjett for disponering av stipendet er ein styrke.
- CV
- Prosjektskildring av masteren godkjent av rettleiaren eller leiaren for masterprogrammet.
Dokumentasjon som må leggast ved søknaden:
- Opptak på masterprogram
- Betalt semesteravgift
- Godkjenning av prosjektskildring eller stipendsøknad
Stipendmottakarar vil bli presenterte på nettsidene våre. Det kan òg bli aktuelt at prosjektet blir presentert på eitt av Kulturtanken sine seminar.
Du må oppgi at prosjektet er støtta av Kulturtanken i presentasjonar og i masteroppgåva.
Søknaden merkast «Masterstipend» og sendas til: post@kulturtanken.no. Eventuelle spørsmål kan rettast til same adresse.
Søknadsfristen er 1.april 2023
Intervju: Anna Renolen, stipendmottakar i 2022
Anna Renolen var ein av tre studentar som fekk stipendet i fjor.
Ho jobbar med eit prosjekt som utforskar maskespel for barnepublikum, og korleis ein slik teaterform kan nyttast for å formidle eit vanskeleg tema.
- Stipendet har gitt meg fridom til å forme ut framsyninga sånn som eg vil, utan å måtte tenkje på korleis ho påverkar min eigen studentøkonomi, seier ho.
- Også er det veldig morosamt å kunne prøve å feile og eksperimentere litt i sjølve maskebygginga. Med desse midlane så har eg høvet til det.