Skip to main content
En kvinne står på scenen foran en gruppe barn, og smiler til en jente som står foran henne.

Legg til rette for kunstmiljøa

Kulturtankens arbeid fokuserer på utvikling, nettverksbygging, rettleiing og inspirasjon for kunstnarar som ønskjer å engasjere seg i Den kulturelle skulesekken (DKS).

Pia Tveterås i livlig dinosaurdiskusjon med elevene.

Kulturtanken forvaltar dei statlege midlane til DKS-ordninga, og skal bidra til å styrkje og vidareutvikle ordninga. Vi har mål om at det skal vere høg kunstnarisk og formidlingsmessig kvalitet på tilbodet i DKS, noko vi samarbeider med fylkeskommunane og DKS-administrasjonane i kommunane om, men også kunst- og kulturinstitusjonane, kunstnarnettverka og fagmiljøa deira.

Her er ei rekkje tiltak for erfaringsdeling, nettverksbygging og rettleiing som skal bidra til utvikling av ordninga saman med dei kunstfaglege miljøa.

Vederlag for bruk av verk i DKS

Kulturtanken har inngått avtalar på vegner av fylkeskommunar og kommunar i heile DKS-ordninga med Kopinor, TONO og BONO. Avtalane definerer rettar og vilkår for bruk av litteratur, musikk og visuell kunst i ordninga.

DKS-portalen

Kulturtanken er nasjonal, samlande koordinator for DKS-portalen, som er:

  • ein innmeldingsportal med ein felles frist for utøvarar
  • eit felles fagsystem for alle som jobbar med og i DKS
  • ein bank for alle produksjonar i DKS
  • ei visningsrute for elevar og lærarar om deira DKS-tilbod.

Her finn du informasjon om DKS-portalen til utøvarar

Samarbeid om visningsarenaer

På tvers av alle kunst- og kulturuttrykk hjelper Kulturtanken samarbeidspartnarane våre med finansiering og gjennomføring av visningsarenaer der produksjonar og utviklingsprosjekt blir presenterte. Planleggjarar, utøvarar og formidlarar blir inviterte til faglege diskusjonar om innhald og kvalitet, for å styrkje DKS-ordninga.

  • Arena Film - den nasjonale visningsarenaen og møteplassen for filmfeltet i DKS.
  • Marked for Musikk - Noregs største visningsarena for konsertar retta mot barn og unge.
  • Markedet for scenekunst -  ein nasjonal arena for presentasjon, kjøp og sal av profesjonell scenekunst for barn og unge.
  • SPOR - arena for kulturarv i DKS.
  • KOMMA - ein nasjonal visningsarena for litteraturproduksjonar.
  • Øyepå - ein møteplass for alle som jobbar med visuell kunst i DKS.
  • Nasjonal arena for Tilrettelagt - nasjonal møtestad for tilrettelagde produksjonar i DKS.

Nettverksmøte og fagsamtalar

Kulturtanken inviterer til årlege fagsamtalar med fylke, kommunar, nasjonale og regionale bransjeaktørar for å dele og diskutere spørsmål knytt til DKS og dei seks kunst- og kulturuttrykka. Sjå kommande fagsamtalar i kalenderen

DKS-lab for visuell kunst

DKS-lab er eit landsdekkjande utviklingsprogram som knyter kunstnarar og institusjonar nærare kvarandre og styrkjer den visuelle kunstformidlinga for skuleelevar. Utøvarar utviklar og testar prosjekt for og med barn og unge i samspel med eit fagleg kollegium og elevar i skulen.

DKS littlab for litteratur

I DKS littlab kan forfattarar og andre litterære utøvarar eksperimentere med nye formidlingsopplegg og få rettleiing. Dette er eit samarbeid mellom alle DKS-fylkesadministrasjonane, Sølvåren Ibsen formidlingssenter, Appelsinia litteraturfestival og Kulturtanken.

Introduksjonsseminar for scenekunstnarar

I samarbeid med Scenekunstbruket og Markedet for scenekunst blir introduksjonsseminar for nyetablerte scenekunstnarar arrangert, som har definert barn og unge som hovudmålgruppa si. Seminaret omhandlar mellom anna kvalitetskriterium og kunstnariske moglegheiter innanfor scenekunst for målgruppa.

Fagdøgn for musikarar

Eit tredagars arrangement for musikarar som vil lære meir om å lage konsertproduksjonar for barn og unge. Fagdøgnet er eit samarbeid mellom Marked for Musikk, Musikkontoret ØKS, Creo og Kulturtanken.

Masterstipend

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få oppdateringar om alle arrangementa våre rett i innboksen!

Kulturtanken støttar masterprosjekt som klargjer aktuelle utfordringar innan produksjon og formidling av kunst til barn og unge.

Informasjonsarbeid om DKS-ordninga

Våre tilsette reiser rundt for å informere om ordninga og prosjekt på eigna arenaer; eksempelvis festivalar, seminar og lærarstemne.

Instagramkontoen @dksnorge

Kulturtanken driftar Instagram-kontoen @dksnorge, som synleggjer utøvarar som er på turné i DKS. Målet er å løfte utøvarar og produksjonar, og dessutan vise breidda og kvaliteten i ordninga.

Informasjonspakkar om utøvarar og produksjonar

Kulturtanken skriv artiklar og lager materiell til postar i sosiale medium, som vi vidareformidlar til DKS-administrasjonane i fylke og kommunar. Som statleg fagetat jobbar vi med å styrkje kommunikasjonen rundt DKS-ordninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

Sjå også:

En gruppe elever går etter en person kledd i kamuflasje

Tiltak for å auke samarbeid mellom kultur- og utdanningssektor

Gjennom ulike tiltak og prosjekt, arbeider Kulturtanken for å styrkje samarbeid mellom kulturfeltet og skulane.

Elevgruppe står på toppen av et fjell med armene i været.

Søkbare midler

Se søkbare midler og ordninger for barne- og ungdomskultur.

Bak kamera på direktestrømming av seminar.

Om Kulturtanken

Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge.