Velkommen til Kulturtankens årskonferanse
Årets årskonferanse skal setje fokus på samfunnsendringar, kva dei betyr for kultursektoren og ikkje minst for publikummet vårt.
Kulturtanken årskonferanse blir i å halde i Kristiansund 9.-11.november, i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristiansund kommune.
Barn og unge i endring
Alle barn skal ha like moglegheiter for kulturelle og kunstnariske aktivitetar. Kultursektoren har som mål å sikre eit kunst- og kulturtilbod for barn og unge er relevant, tilgjengeleg og open for å vareta barns eigne ønske og føresetnader.
Etter pandemien har det blitt særleg tydeleg kor utfordrande og viktig dette er. Undersøkingar frå Telemarksforskning og Ungdata speglar nye digitale fellesskap samtidig som behovet for fysiske møteplassar berre har blitt endå meir etterspurt av barn og unge.
Parallelt med dette skjer det raske endringar i verkelegheita til barn og unge, både på eit personleg og globalt plan. Klimaspørsmål, sosial forskjell og teknologisk utvikling angår òg barn og unge. Kunst og kultur har blitt løfta fram som eit viktig verkemiddel for å gjere menneske betre rusta til å møte store samfunnsendringar.
Årets konferanse krinsar dermed rundt stadig meir aktuelle spørsmål:
Korleis kan vi skape eit kulturtilbod som opplevast meiningsfullt, inkluderande og attraktivt for barn og ungdom?
Korleis får vi alle med?
Og klarer vi vaksne å henge med i svingane?
Todelt konferanse
Kulturtankens årskonferanse består i år av to delar:
Eit grubleseminar om endring i samfunnet og kultursektoren som går føre seg på kvelden onsdag 9.11 og på dagtid torsdag 10.11. Grubleseminaret er ein workshop der vi skal samarbeide for å betre forstå kva som skjer med barn og unge no og korleis vi møter endringsprosessar i dagens samfunn.
Under workshopen vil vi vekselvis jobbe med dei praktiske, systemiske, kulturelle og personlege dimensjonane for endring og fokusere på kva rolle vi sjølv speler i desse prosessane. Ikkje minst vil vi prøve å bore i følgjande spørsmål: Korleis kan kulturen mobiliserast – både innanfor og utanfor eigen sektor – som ein ressurs i møte med Fremtiden?
Sjølve årskonferansen går føre seg på kveldstid torsdag 10.11 og på dagtid fredag 11.11. Her vil du få presentert ny innsikt i kvardagen og behovet til barn og unge. I tillegg vil vi løfte fram ei rekkje aktørar, prosjekt og produksjonar frå kultursektoren som har lykkast i å møte det endra brukarmønsteret til barn og unge og behov på ein god måte.
Lær kven barn og unge i 2022 er. Høyr dei fortelje om ønska og behova sine. Bli inspirert av prosjekt som lykkast i å møte dei. Og opplev verdien av arbeidet vi gjer saman for å bidra til at dei får eit levande, oppdatert og sterkt kunst- og kulturtilbod.
Detaljert program kjem.
Påmelding
Konferansen er gratis, men det er berre nokre få plassar. Reise og overnatting blir betalt av deltakarane.
Meld deg på Kulturtankens nyheitsbrev for oppdateringar om årskonferansen og om alle arrangementa våre.