Nær 1,3 millionar til integrering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging
Seks kommunar får til saman 1, 269 millionar kroner til pilotprosjekt.
I budsjettet for 2022 er det avsett fire millionar til pilotprosjekt som skal utvikle modellar for inkludering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging, jf. Prop. 1S (2020-2021) og Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge.
Ordninga blir forvalta av Kulturtanken som samarbeider med KS, Norsk kulturforum og Norsk Kulturskoleråd. Kommunane som har fått tilskot i denne omgangen er Stord, Ørland, Arendal, Frogn, Tromsø og Froland. Tildelte midlar varierer frå 119 000 kroner til 300 000 kroner. Målet med ordninga er å bidra til ein betre koordinert lokal kultursektor ved auka samarbeid mellom ulike aktørar, og utvikling av gode møteplassar for deltaking og inkludering. I tillegg er lokale og regionale planar ein viktig og sentral del av dei nasjonale føringane og prioriteringane på kulturfeltet.
Oversikt over tildelinga (PDF)
Fakta om tilskotsordninga
- Ordninga skal gi tilskot til kommunar som ønskjer å utvikle modellar for samarbeid og samskaping der barne- og ungdomskultur inngår i kommunal planlegging.
- I Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge blir spesielt trekt kulturskulen fram som ein viktig aktør i dette arbeidet.
- Kunnskapsutvikling og erfaringsdeling er viktig i pilotprosjektet. Modellar og erfaringar frå arbeidet i kommunane i piloten, konkrete planar som blir laga og dei prosessane som leiar fram til dette må dokumenterast og kunne delast med andre. Dermed kjem resultat og erfaringar fleire til gode.
- I løpet av prosjektperioden vil Kulturtanken i samarbeid med KS, NOKU og Norsk Kulturskoleråd leggje til rette for delings- og kompetansearenaer for tilskotsmottakarane.
- Ein avsluttande delingsarena blir arrangert i 2023.