Rekordmange søkjarar
Tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv» tiltrekkjer seg stadig fleire søkjarar.
«Inkludering i kulturliv» skal bidra til å styrkje moglegheita til barn og unge for å delta på fellesarenaer innan kunst- og kulturaktivitetar. Ordninga har i år ei ramme på 12,6 millionar kroner.
Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, var det komme inn 161 søknader, og det er søkt om totalt over 31 millionar kroner.
Ordninga er del av arbeidet med auka mangfald i kulturlivet og frivilligheita. Kulturtanken forvaltar tilskotsordninga på vegner av Kulturdepartementet.
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få nyheiter om denne og våre andre tilskotsordningar rett i innboksen!
– Det gler meg at så mange ser verdien av å søkje på «Inkludering i kulturliv». Å få utfalde seg gjennom kunst og kultur i oppveksten kan bidra til identitetsbygging, anerkjenning og kjensla av tilhøyrsel, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.
Det overordna målet med tilskotsordninga er å gi barn og unge høve til å delta i felles kulturaktivitetar på tvers av mellom anna kjønn, etnisitet, funksjonsevne, sosial- og økonomisk bakgrunn og bustad. Vi legg opp til å vere ferdige med saksbehandlinga i april.
Kulturtankens ungdomsråd har ei rettleiande rolle i søknadsbehandlingsprosessen.
Fakta om tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv»
- Ordninga er del av arbeidet med auka mangfald i kulturlivet og frivilligheita.
- Skal sikre at fleire barn og unge får høvet til å delta i organiserte kunst- og kulturaktivitetar.
- Kulturtanken forvaltar ordninga på vegner av Kulturdepartementet.
- Ramma for ordninga er på 12, 6 millionar kroner i 2022, ein auke på 7,6 millionar kroner frå 2021.