«Kunsten å lære» har inntatt skulekvardagen i Innlandet
Kan barn lære betre med kunst og kultur? På Aurvoll skole har dei yngste elevane kunst og kultur på timeplanen tre dagar i veka over to skuleår.
– «Kunsten å lære» er eit prosjekt der vi prøver å sjå på kunst og kultur som læringsform i alle fag i skulen. Så vi jobbar med kunst innbakt i skulen, forklarer prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt i Innlandet fylkeskommune.
Forskings- og skuleutviklingsprosjektet går over to skuleår, og skal undersøke om det å ha kunst og kultur som læringsform gjer at elevane lærer betre og utviklar hjernen litt raskare enn ved ordinære undervisningsformer på skulen.
- Les meir om bakgrunnen for prosjektet her: Forsker på betydningen av kunst og kultur for hjernens utvikling
Drømmejobben
Kulturtanken får vera med prosjektleiaren til Aurvoll skole, som ligg landlig og idyllisk til på Tretten i Øyer kommune, eit lite stykke nord for Lillehammer. Her møter vi Adrian Taxth Skrattegård, ein dramapedagog som er engasjert som ein av fem kunstnarar i prosjektet. Han er frå Grimstad, men då moglegheita til å vere med i Kunsten å lære (KÅL) dukka opp, tok han valet om å flytta den lange vegen frå Sørlandskysten til Innlandet.
"Eg tenkte at dette prosjektet må eg berre vere ein del av."
Adrian Taxth Skrattegård, kunstnar
– Eg tenkte at dette prosjektet må eg berre vere ein del av. Eg har sjølv drive veldig mykje med teater då eg var barn, òg då eg var på same alder som desse elevane. Eg fann ut at det var ein trygg stad der eg kunne utvikle meg. Eg synest det er kjempegøy å kunna gi nokre kunstnariske uttrykk til elevane, og eg tenker på kva det gjorde med meg då eg var på alderen deira. Derfor er eg motivert til å jobbe med dette, forklarer Skrattegård.
No har han jobba med elevane på 1. og 2. trinn på Aurvoll i eit drygt halvår, og det er tydeleg at både elevane og lærarane har vorte varme i trøya rundt Adrian og opplegget dei saman gjennomfører i KÅL. Men det var ikkje sjølvsagt då han først dukka opp på skulen.
– Då vi starta dette prosjektet, var det jo veldig annleis enn den vanlege undervisninga. Eg kjem inn som kunstnar og skal bryte opp heile klasseromssituasjonen og flytte rundt på ting. Men heldigvis har eg møtt så mykje godvilje hos lærarane og skuleleiinga, og også elevane, som synest dette er spennande og prøver å gi det dei har for at dette skal gå bra. Det er eg utruleg takksam for, for det er så viktig for å få dette i hamn.
Mysteriet løyst
Dagen vi er på besøk har Adrian og elevane siste dag med temaet «Flytteeske-mysteriet», som har gått over seks skuledagar. Saman har dei vore etterforskarar som skal finna ut kven som er eigaren av ein gjenglemt og mystisk flytteske, basert på gjenstandane som ligg i eska. Elevane hadde mange teoriar som dei fekk utvikla, og har fylt ut skjemaa sine med opplysningar om den antatte eigaren, inkludert ei teikning av korleis eigaren antakeleg ville sjå ut.
Då prosjektleiar Marie står fram som eigaren, er det først mykje skepsis i klasserommet, og dei kritiske spørsmåla haglar. Men ho svarer godt for seg og har tydelegvis god oversyn over kva som ligg i eska, så det endar med mykje smil og glede når elevane gjennom avstemming slår seg til ro med at den rettmessige eigaren er spora opp.
– Eg er glad for at vi fann ut kven det var. Nokre spørsmål gjetta eg riktig, nokon var det feil, fortel Mia, som er elev i 2. klasse. Ho synest KÅL er gøy fordi dei får sitje så mykje på golvet og drive med ting. Og det er veldig spennande når dei får nye «oppdrag».
Dekker kompetansemål innan fleire fag
«Flytteeske-mysteriet» er altså eit av temaa, eller opplegga, i KÅL. Alle temaa skal bidra til å innfri kompetansemål i læreplanen, og «Flytteeske-mysteriet» omfattar mål innanfor ei rekke fag – mellom anna KRLE, kunst og handverk, naturfag, samfunnsfag, matematikk, kroppsøving og norsk. Opplegget rører òg dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap, og berekraftig utvikling.
Ståle Hagen og Hildegunn Sønsteli er lærarar på Aurvoll skole, og har jobba med Adrian sidan oppstarten i haust. Dei innrømmer at opplegget er uvant, og at KÅL byr på nokre nye utfordringar. Prosjektet legg beslag på ein stor del av timeplanen, og for enkelte elevar kan det vere utfordrande å få med seg alt som skjer, særleg når det blir mykje uro og støy. Så dei understrekar at rammene rundt opplegget må vere gode og føreseielege. Samtidig synest begge at det er inspirerande å sjå Adrian i aksjon.
"Det er god læringsteori og -praksis som smeltar saman."
Ståle Hagen, lærar
– Det er mange kreative løysingar og nye måtar å drive med skrive- og talopplæring, sosial læring og alt det andre som vi jobbar med til dagleg. Prosjektet har nokre fine tilnærmingar, som ein kan ta til seg og lære av. Ein av dei mange tinga som er bra med KÅL er at det er variasjon mellom at elevane sit roleg og har konsentrasjonsøvingar, og at dei får brukt kroppen sin og rørt seg. Det er god læringsteori og -praksis som smeltar saman, seier Hagen.
– Det blir jo noko anna enn det som har vore til vanleg, elevane får inn læringa på ein annan måte. For denne elevgruppa trur eg det er bra. Dei gler seg til Adrian kjem att, han er jo eit tilskot på skulen, smiler Sønsteli.
Kan gi grunnlag for meir kunst og kultur i skulen
Aurvoll skule er ein av seks prosjektskular i Innlandet som er med i KÅL. I tillegg deltar fem skular som kontrollskular, for å kunne samanlikne utviklinga til elevane. Det er òg tre prosjektskular og to kontrollskular i Ungarn.
"Viss det er slik at kunst og kultur som læringsform gjer at elevane lærer endå betre, så må vi jo få plass til meir kunst og kultur i skulen."
Marie Othilie Hundevadt, prosjektleiar
– Elevane skal ha KÅL i eit og halvt år til, til saman to skuleår som ein del av skulekvardagen. Etter det håper vi å få svar om denne måten å drive med kunst og kultur i skulen, gjennom å ha kunstnarar inne, gjer at barna fungerer og lærer endå betre. Vi har med forskarar frå Høgskolen i Innlandet, og ser på eksekutive funksjonar i hjernen og korleis dei blir påverka av dette opplegget, forklarer Marie Othilie Hundevadt.
I løpet av prosjektet blir elevane testa fire gangar for å måle utviklinga deira. I tillegg fyller lærarar og foreldre ut vurderingsskjema. Forskingspiloten som vart fullført i 2019 gav svært lovande resultat, men prosjektleiaren tar ikkje noko for gitt.
– Vi er veldig spente på korleis dette vil lande og kva vi finn ut. Viss det er slik at kunst og kultur som læringsform gjer at elevane lærer endå betre, så må vi jo få plass til meir kunst og kultur i skulen, seier Hundevadt. Hun kan også røpe at prosjektet nylig har fått hjerneforskningens «Messi» med på laget.
– Den fremste eksperten på eksekutive funksjonar i verda, Adele Diamond, er no med som samarbeidspartnar, som del av forskarteamet, og det er skikkeleg kult. Betre blir det ikkje!
Les meir om «Kunsten å lære» på nettsidene for prosjektet
Fakta om Kunsten å lære (KÅL)
- Skoleutviklings- og forskingsprosjekt på 1. og 2. trinn i grunnskulen i skuleåra 2021/22 og 2022/23. Elleve skular i Innlandet og fem skuler i Ungarn deltar.
- Formålet er å finne ut om kunst i skulen utviklar dei eksekutive funksjonane hos barn meir enn standard undervisningsformer i skulen.
- Samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune, Høgskolen i Innlandet, Creativity, Culture and Education (Storbritannia), T-Tudok (Ungarn) og Kulturtanken, med fleire.
- Prosjektet har fått forskingsmiddel frå mellom anna Sparebankstiftelsen DNB og EU Erasmus+.
- Basert på forskingsprosjektet «Art of Learning» i Skottland. Forskingspilot vart gjennomført 2017-2019.
Om eksekutive funksjonar (EF)
Eksekutive funksjonar er ein samlebetegnelse på dei kontrollfunksjonane i hjernen som trengst for å konsentrere seg og tenke seg om, når det å agere impulsivt ikkje er formålstenleg.
Eksekutive funksjonar blir gjerne omsette forenkla til sjølvregulering. EF viser til nevrokognitive evner og delprosessar nødvendige for meningsfull og målretta åtferd, og består av fleire element som verkar saman:
- Logisk tenkning
- Problemløysing
- Evnen til å ta val
- Utøvelse av sjølvkontroll
- Reagere fleksibelt til endringar av behov eller i omgivnadene
- Planlegging
EF er vesentlege for, og sterkt assosiert med både akademisk måloppnåelse og det å vere «skoleklar».
Kjelde: Avsluttende rapport for forskningspiloten Kunsten å lære
Les også:
Forsker på betydningen av kunst og kultur for hjernens utvikling
Kan kunstbasert læring bidra til planleggingsevne, problemløsning og selvkontroll hos barn? Skoleutviklings- og forskningsprosjektet «Kunsten å lære» jobber med skoler i Innlandet og Ungarn for å finne svar.
Kunstmøters betydning for livsmestring
Gir dybdelæring, estetiske læreprosesser og tverrfaglige temaer nye, fruktbare muligheter for samspill mellom DKS og skolen? En ny forskningsrapport tar for seg SKUP (Skolenes eget utviklingsprosjekt) og overgangen til nytt læreplanverk.
Hvordan gjøre Munch relevant for ungdom?
Munch LÆR er et gratis læringsopplegg som er utviklet for å gjøre Edvard Munch relevant, levende og lett tilgjengelig for ungdom.
DiSkometoden – dialogbasert kunstner-lærersamarbeid
Ny digital verktøykasse for samarbeid mellom kunstnere, lærere og elever.