310 millionar i spelemidlar til Den kulturelle skulesekken
Regjeringa har fordelt spelemidlane til kulturformål for 2022. DKS-ordninga får 310 millionar kroner.
Totalt blir 926,1 millionar kroner fordelte til kulturformål for 2022, skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.
Kulturaktivitet betrar vilkår for mangfald og inkludering
-Tilskot av spelemidlane som går til kulturfrivilligheit og andre kulturformål er høgare enn nokon gong. Dette bidreg til endå meir kulturaktivitet som gir betre vilkår for mangfald og inkludering i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Overskot frå Norsk Tipping AS blir kvart år fordelt til ulike formål. Det blir mellom anna fordelt 64 prosent til idrettsformål og 18 prosent til kulturformål, i tråd med § 10 i pengespellova, skriv Kulturdepartementet.