12,6 millioner til inkludering i kulturliv
67 prosjekt får til saman 12,6 millionar kroner frå tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv».
- Oppgåva vår er å gjere kultur tilgjengeleg og gi eit løft til kulturen over heile landet. Å styrkje moglegheita til barn og unge for å delta på fellesarenaer innan kunst- og kulturaktivitetar er viktigare enn nokosinne, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Kulturtanken har ansvar for tilskotsordning for inkludering av barn og unge i kulturlivet. I 2022 er ordninga på 12,6 millionar kroner. Det overordna målet med tilskotsordninga er å gi barn og unge høve til å delta i felles kulturaktivitetar på tvers av mellom anna kjønn, etnisitet, funksjonsevne, sosial- og økonomisk bakgrunn og bustad. Det har vore stor interesse rundt tilskotsordninga.
Ved utløpet av søknadsfristen var det komme inn 161 søknader med ein samla søknadssum på over 31 millionar kroner. 12,6 millionar kroner er fordelte på 67 prosjekt. Midlane er fordelte over heile landet til eit mangfald av grupper og aktivitetar.
- Tilskotsordninga bidreg til å skape eit inkluderande og mangfaldig kulturtilbod til målgruppa ved å motverke marginalisering, utanforskap og diskriminering. Som statleg etat for kunst og kultur til barn og unge, er det ei glede å kunne bidra til å gi alle barn og unge like moglegheiter uavhengig av bustad, bakgrunn, funksjonsnivå og sosiokulturelle forhold, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.
Tilskotsordninga bidreg til å skape eit inkluderande og mangfaldig kulturtilbod til målgruppa ved å motverke marginalisering, utanforskap og diskriminering.
Øystein Strand
Prosjekta har ei variert målgruppe og omfattar eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk. Blant prosjekta finn vi revyfestival på Høylandet, ferieaktivitetar med korps, Barnas verdsdagar i Halden, musikal på Hamar, sy- og redesign, og eit prosjekt som set fokus på konsekvensane av fornorskinga med mål om å styrkje identiteten til samiske barn.
- Eg er imponert over pågangsmotet og viljen til kulturfrivilligheita for å komme i gang etter koronaen og inkludere nye grupper i aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Kulturtankens ungdomsråd har òg vore involvert i søknadsbehandlingsprosessen. I årets runde vurderte ungdomsrådet til saman 11 søknader. Ni av desse prosjekta blei innstilte av rådet og deretter godkjent av Kulturtankens leiing.
- Det var tydeleg engasjement for sjølve prosjektet i dei ni søknadene, og vi såg samtidig at søkjarane har både kontroll og oversikt. Fleire av desse prosjekta vil no mange barn og unge og gi dei kule opplevingar. Andre av prosjekta vi innstilte har ei meir spissa målgruppe, vi ville gi eit tilbod til dei ein kanskje elles ikkje treffer, samanfattar rådsmedlem Rasmus Fægri.
Oversikt over dei 67 prosjektene som får tilskot i 2022 (pdf)