Strand held fram som direktør for Kulturtanken

Strand held fram som direktør for Kulturtanken

Øystein Strand har fått forlengt mellombels stilling som direktør for Kulturtanken med to år. Han har fungert i stillinga sidan 1. mars 2020.

Øystein Strand. Foto: Marie von Krogh

Det opplyser Kulturdepartementet på nettsidene sine.

– Eg er glad for at Strand har takka ja til forlenging som direktør for Kulturtanken. Kontinuitet og føreseielegheit for dei tilsette gir eit godt grunnlag for Kulturtankens viktige arbeid med kulturtilbod for barn og unge, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Kulturdepartementet skal, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, gjennomføre ei utgreiing av Den kulturelle skulesekken, som skal klargjere verkemiddel og tiltak for å nå dei nasjonale måla for ordninga.

Dette vil òg omfatte ei evaluering av Kulturtanken.

– Vi ser fram til å få ein grundig gjennomgang av Den kulturelle skolesekken, og meiner ei evaluering av Kulturtanken kan bidra til å synleggjere den positive utviklinga dei siste åra, i tillegg til å peike på behov for endring og vidare utvikling, seier direktør Øystein Strand.

Kontinuitet og føreseielegheit for dei tilsette gir eit godt grunnlag for Kulturtankens viktige arbeid med kulturtilbod for barn og unge.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Fakta