To elever ser inn i kamera

Satsar på barne- og ungdomskultur i kommunen

Fire millionar kroner blir avsette til eit pilotprosjekt for å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging.

Illustrasjonsbilete: NTB/Maskot

– Kommunane har ei sentral rolle i barne- og ungdomskulturpolitikken og mange gjer allereie mykje bra for at barn og unge skal få oppleve, skape og dele kunst og kultur. Med desse midlane vil fleire få høvet til å utvikle gode modellar for samarbeid og samhandling, som kan bidra til å gi barn og unge gode opplevingar og møteplassar for deltaking og inkludering, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

I Barne- og ungdomskulturmeldinga Oppleve, skape og dele blir det sett nye mål for barne- og ungdomskulturen, mellom anna å leggje til rette for å styrkje fokuset på barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging. Dermed blir det lagt fire millionar kroner på bordet for å setje i gang dette arbeidet.

Kulturtanken administrerer ordninga på vegner av Kulturdepartementet. Vi samarbeider med KS, Norsk kulturskuleråd og Norsk kulturforum om innretninga av ordninga.

– Medverknaden til barn og unge er essensiell. Dette pilotprosjektet vil auke både relevansen og eigarskapen til det dei yngste borgarane til kommunane er oppteke av, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Skal utarbeide modellar

Målet med pilotprosjektet er å bidra til ein betre koordinert lokal kultursektor ved at ulike aktørar samarbeider meir og utviklar gode møteplassar for deltaking og inkludering.

Det vil bli gitt tilskot til kommunar som ønskjer å utvikle modellar for samarbeid og samhandling der barne- og ungdomskultur inngår i kommunal planlegging. Saman med KS, NOKU og Norsk Kulturskoleråd vil Kulturtanken leggje til rette for delings- og kompetansearenaer for formidling av modellane.

– Det er gledeleg at det no blir gitt midlar for å auke involveringa til barn og unge i kommunal planlegging. Ikkje minst er det viktig at modellane som blir utvikla vil komme heile landet til gode. Dermed kan barn og unge etter kvart blir involverte i den kommunale planlegginga same kvar dei bur, seier Strand.

Søknadsportalen opnar måndag 16. august med søknadsfrist 11. oktober 2021

LES MEIR OM ORDNINGA OG SØK HER