Stortingsmeldinga «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge»

Oppleve, skape, dele

Den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur er lagt fram.

Stortingsmeldingen «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge»

– Det er verkeleg på tide at barne- og ungdomskulturen blir teken på alvor. Og eg er stolt over å seie at vi i dette arbeidet har henta innspel frå og lytta til dei det gjeld. For denne regjeringa er det utruleg viktig at barn og unge blir høyrde og at dei får like moglegheiter same kvar dei bur i landet, sa kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja då han la fram stortingsmeldinga saman med kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på Kulturtankens årskonferanse fredag 19. mars.

Stortingsmeldinga «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge» er skrive i samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Med denne presenterer regjeringa for første gong barne– og ungdomskulturfeltet samla som eit politisk satsingsområde på nasjonalt nivå.

«Dette gjer vi fordi vi meiner at barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Dei skal få oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei og som dei kan ta del i. Dei skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong. Både i kultur- og fritidslivet, i barnehagen og skolen.»

Frå Stortingsmelding nr 18 Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

– Kulturskulen er kjempeviktig i dette arbeidet. Vi skal ha ein kulturskule som når fleire elevar og som har mange tilbod å velje mellom. Det har vore eit tøft år under koronapandemien, særleg for barn og unge. Det har vist kor viktig eit godt fungerande kulturliv er for dei, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Les pressemeldinga frå Kulturdepartementet

Eg er stolt over å seie at vi i dette arbeidet har henta innspel frå og lytta til dei det gjeld.
Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja

Kunst og kultur for, med og av barn og unge

– Dette er gode ambisjonar for ein offensiv, heilskapleg og relevant kulturpolitikk for barn og unge. Det eit begge departementa samarbeider om meldinga gir grunn til optimisme og tru om felles tiltak som vil gjere det mogleg å nå politiske mål i både kultur- og skulesektor, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Kulturtanken sin direktør Øystein Strand og Morten Christiansen, direktør i Norsk kulturskuleråd på Kulturtanken sin årskonferanse, 19. mars 2021.

I arbeidet med stortingsmeldinga fekk Kulturtanken i oppdrag å lytte til barn og unges eigne stemmer om kunst og kultur. Saman med ei rekkje gode samarbeidspartnarar samla vi innspel frå over tusen barn og unge og samanfatta dette i ein rapport som fekk namnet BUSK rapporten og som listar opp 23 tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet om barn og unge fekk bestemme sjølv.

–Den uttalte overordna politiske ambisjonen er å løfte statusen på og merksemda rundt kunst og kultur for, av og med barn og unge. Eg håpar framlegginga av historias første eigne stortingsmelding for barne- og ungdomskultur vil skape engasjement og politisk debatt om dette politikkområdet som eg synest er så enormt viktig, seier Øystein Strand.

LAST NED STORTINGSMELDINGA OM BARNE- OG UNGDOMSKULTUR

Opptak frå lanseringa:

Bildet av Øystein Strand og Morten Christiansen: Erik Brandsborg/Kulturtanken.

Relaterte artiklar

Festivalsjefene Abdullah og Amy, sammen med Lin Holvik (Kulturtanken), overleverte Barn og unges kulturmelding til Trine Skei Grande og Jan Tore Sanner.

BUSK: Barn og unges stemmer

Barn og unges egne innspill til barne- og ungdomskulturmeldingen.