Møt Kulturtankens ungdomsråd 2021/22
– Vi styrkjer barn og unges medverknad ved å la dei få vere med og bestemme, seier Anna Ignate. Ho er ein av fleire ungdommar som bidreg til at barn og unges stemme blir høyrde i Kulturtankens arbeid.
Rasmus Fægri, Sol Angelica Berg Stavnes, Dilara Kara, Anna Ignate Nygård, Jens Flakstad Vold og Mikal Shahim Thorstensen utgjer vårt nye ungdomsråd.
Ungdomsrådet er oppretta i samarbeid med Elevorganisasjonen (EO), Ungdom og Fritid (UoF) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Mandatet er å hjelpe Kulturtanken med råd innan ungdomskultur, trendar og teknologi, og dessutan samarbeid mellom skule, elevar og Den kulturelle skulesekken (DKS).
– Trekk oss meir med, spør oss om ting, la oss styre litt
Rasmus Fægri (19) er oppvakse i Oslo. Han representerer Hyperion i LNU. På fritida liker han å drive med laiv (levande rollespel), rollespel (Dungeons & Dragons), brettspel og videospill.
Eg vil vere ei stemme for kulturuttrykka som i mange tilfelle blir gløymde.
– Rasmus Fægri
Kva ser du fram til å jobbe med som medlem av Kulturtankens Ungdomsråd?
– Eg gler meg eigentleg til alt som kan ha noko å seie for kvardagen til andre og gjere den enklare og betre når det gjeld kulturopplevingar.
Kvifor ønskte du å bli med i ungdomsrådet?
– For å kunne påverke kulturkvardagen til barn og unge, men hovudsakleg for å vere ei stemme for dei kulturuttrykka som i mange tilfelle blir gløymde.
Kva er kampsaka di?
– At alle skal ha høve til å oppdage og prøve ut alle kulturuttrykk. For min del er det spesielt dei tidlegare nemnde «gløymde» uttrykka, som gaming (som kulturuttrykk), rollespel (f.eks Dungeons & Dragons), cosplay, laiv (levande rollespel [LARP]), brettspel, og meir.
På kva måte trur du korona-pandemien har påverka kunst- og kulturtilbodet for barn og unge?
– Eg trur han i all hovudsak har teke vekk dei fysiske møteplassane. Konsekvensen at dei som er godt inne i miljøet desperat måtte kaste seg rundt for å få til noko digitalt, medan dei som ikkje var så godt inne i miljøet og ikkje så ivrige, har falle av. Eg trur at det vil ta litt tid å komme tilbake til der ein var når det gjeld dei fysiske møteplassane, og at også folk utanfrå kan bli med, sidan alt må stablast på beina igjen før ein kan rekruttere.
Korleis styrkar vi medverknaden til barn og unge?
– Ved å inkludere oss meir. Trekk oss meir med, spør oss om ting, la oss styre litt. Ikkje berre spør dei som er engasjerte, spør òg dei som berre deltek. Viss ein visar at det dei blir spurde om takast på alvor og har noko å seie, kan ein få masse gode råd frå alle. Det er òg viktig å halde fram til vi kan starte våre eigne organisasjonar, så vi sjølv kan organisere oss rundt kulturuttrykk vi engasjerer oss for.
Kva kunst- eller kulturoppleving unner du alle å oppleve?
– Alle bør oppleve ein brettspelkveld kor mange deltek. Det å vere på ein hyttetur, på ein skule eller ein stad ein kan vere i fleire timar, og spele masse lange eller korte brettspel med venner og nye folk. Det er ei stemning eg unner alle å oppleve. Eg trur det finst eit brettspel for alle, om det så er Uno eller Ludo. Eg hadde lyst til å seie at alle skal oppleve ein laiv, men det veit eg ikkje er for alle. Men viss ein person synest det høyrast kult ut, så bør vedkommande definitivt prøve det.
– Meir kultur i skulen
Sol Angelica (16) går førsteåret på Ole Vig vidaregåande skule i Stjørdal kommune. Ho representerer Ungdom og Fritid (UoF). Ho er veldig glad i musikk, både å spele sjølv og høyre på, måling, teikning og kunst generelt.
Få meir kultur inn i kvardagen.
– Sol Angelica
Kva ser du fram til å jobbe med som medlem av Kulturtankens Ungdomsråd?
– Eg ser fram til å jobbe med å få meir kultur inn i kvardagen til mange, både på skulen og på fritida.
Kvifor ønskte du å bli med i ungdomsrådet?
– Eg blei med fordi eg fekk moglegheita og det verka spennande.
Kva er kampsaka di?
– Trur ikkje eg har noka spesifikk kampsak, eg berre vil ha meir kultur i skulen.
På kva måte trur du korona-pandemien har påverka kunst- og kulturtilbodet for barn og unge?
– Under koronaen så har det jo ikkje vore noko høve til å t.d. gå på museum, konsertar, bli med på andre arrangement eller andre ting, så då kan det hende at nokon har mista interessa.
Kva kunst- eller kulturoppleving unner du alle å oppleve?
– Eg synest konsertar og live-arrangement er veldig artig så det syns eg alle burde oppleve med favorittartisten sin, band eller komikar.
– Kampsaka mi er psykisk helse og rasisme
Dilara Kara (16) representerer Ungdom og Fritid (UoF). Ho har sett mange ungdommar og barn frå ulike sosiale bakgrunnar som har gjort det enklare for henne å sjå fleire perspektiv når ho står i ein debatt. Ho har sett mykje blitt gjort på ein urettferdig måte, som har fått henne til å vere veldig oppteke av å vere ein rettferdig person.
Eg håpar eg kan gjere ein skilnad.
– Dilara Kara
Kva ser du fram til å jobbe med som medlem av Kulturtankens Ungdomsråd?
– Eg håpar å få jobbe for å betre kulturtilboda for ungdommen. Komme i kontakt med fleire ungdommar og få høyre kva folk tenkjer om dagens kultur. Eg håpar at eg kan gjere ein skilnad.
Kvifor ønskte du å bli med i ungdomsrådet?
– For å bruke stemma mi for dei som ikkje kan. Eg ønskjer å forsterke ressursar og engasjere meg i noko som er viktig for meg.
Kva er kampsaka di?
– Kampsaka mi er psykisk helse og rasisme. Eg håpar at vi kan leve i eit samfunn der psykisk helse blir teken på alvor. For meg er det viktig å forsterke ressursane som blir brukte på psykisk helse og ungdom.
På kva måte trur du korona-pandemien har påverka kunst- og kulturtilbodet for barn og unge?
– Eg trur at ungdom har fått høyre alt for lite om kva tilbod som finst og har gløymt dei. Eg trur òg at ungdom har blitt vand til å isolere seg meir og meir, noko dei fleste veit er lite sunt for både det sosiale og for psyken.
Korleis styrkar vi medverknaden til barn og unge?
– Å gjere tilboda meir tilgjengelege, trur eg kan rekruttere fleire ungdommar til ulike kulturtilbod. Eg trur eit ganske godt døme vil vere å ha meir kultur på skulen. Å involvere DKS meir inn hos dei eldre ungdommane kan føre til at fleire ungdommar finn ut av interesser og hobbyar dei ikkje visste at dei hadde.
Kva kunst- eller kulturoppleving unner du alle å oppleve?
– Å besøkje kunstgalleri gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Eg hugsar framleis opplevinga frå barneskulen. Ulike foredrag om bøker og andre viktige tema som kroppspositivitet, psykisk helse og rasisme har òg gjort eit sterkt inntrykk.
–Kultur skal vere noko vi alle har til felles.
Anna Ignate (17) bor i Molde. Ho representerer LNU og sit i styret for Korpsnett Norge og KUR. På fritida speler ho saksofon og bassgitar, ho elskar òg kreativt arbeid som blomsterdesign.
Kva ser du fram til å jobbe med som medlem av Kulturtankens Ungdomsråd?
– Jeg gleder meg til å få jobbe med resten av den flotte gjengen i ungdomsrådet.
La barn og unge vite at dei er med på å halde oppe og forme kulturlivet.
– Anna Ignate
Kvifor ønskte du å bli med i ungdomsrådet?
– Fordi eg elskar organisasjonsarbeid, og syntest kultur er viktig for oss yngre. Ungdomsrådet kan vere med på å skape best moglege kulturtilbod og få fram stemma til barn og unge.
Kva er kampsaka di?
– Kampsaka mi er at alle skal få eit kulturtilbod, uansett legning, talent, funksjonshemming eller kunnskap. Kultur skal vere noko vi alle har til felles.
På kva måte trur du korona-pandemien har påverka kunst- og kulturtilbodet for barn og unge?
– Pandemien har sett kunst- og kulturlivet eit steg tilbake, med mange nedstengingar og koronatiltak. Men eg trur òg det har fått oss til å tenkje annleis, og eg trur vi kan skape noko positivt ut av dette ved å jobbe vidare med ulike måtar å engasjere og arrangere kunst- og kulturtilbodet.
Korleis styrkar vi medverknaden til barn og unge?
– Vi styrkjer medverknaden til barn og unge ved å la dei få vere med og bestemme. Ved å høyre på dei, lytte til idear og ønska deira. Ved å la dei vite at dei er med på å halde oppe og forme kulturlivet.
Kva kunst- eller kulturoppleving unner du alle å oppleve?
– Eg vil unne alle å oppleve det å stå på ei scene og få applaus. Uavhengig om det er å framføre «Lisa gjekk til skulen» eller om det er ein dans der nokon har øvd i fleire timar.
Fakta om Kulturtankens ungdomsråd
Foto: Anine Ellinore Aasen, Kulturtanken.
Relaterte artiklar
Utlysning: Ressursgruppe for medvirkning i DKS
DKS-administrasjoner fra fylker, kommuner og direktekommuner inviteres til å delta.
– Elever får en bedre opplevelse og større utbytte om de føler at de blir sett
Tips og erfaringer om digitale produksjoner fra Vigdis Blaker, ansvarlig for visuell kunst og film i DKS Agder.
Veien videre: Program
Les hele programmet til “Veien videre. Neste generasjons kulturpolitikk” som arrangeres 17-november.