Kunst og kultur for, med og av barn og unge
Den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur er lagt fram. Kva betyr det?
«Dette gjer vi fordi vi meiner at barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Dei skal få oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei og som dei kan ta del i. Dei skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong. Både i kultur- og fritidslivet, i barnehagen og skolen.» fra Stortingsmelding nr 18, Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge.
– Dette er gode ambisjonar for ein offensiv og relevant kulturpolitikk for barn og unge. Det som blir spennande no er om ambisjonane blir følgde opp i dei økonomiske prioriteringane framover, seier direktør i Kulturtanken Øystein Strand.
– Som kulturminister Abid Raja uttalte nyleg i ein kronikk i Dagbladet: Det er på tide at vi byrjar å ta kunst- og kulturuttrykk retta mot barn og unge, på like stort alvor som vi gjer med kunst og kultur for oss sjølv, legg han til.
Med stortingsmeldinga «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge» presenterer regjeringa for første gong barne– og ungdomskulturfeltet samla som eit politisk satsingsområde på nasjonalt nivå.
Oppgåver som bør varetakast på nasjonalt nivå
Regjeringa peikar i meldinga på fleire utfordringar. Mange av desse er mest relevante å følgje opp på lokalt og regionalt nivå, men nokre oppgåver vil det vere formålstenleg å løyse på nasjonalt nivå ut frå ei målsetjing om effektiv forvaltning og likeverdig tilbod over heile landet.
– Dette må naturlegvis gjerast i nært samarbeid med fylkeskommunar og kommunar, seier Øystein Strand.
- Samordning, forvaltning og organisering av Den kulturelle skulesekken (DKS)
«I løpet av 2019 fekk barn og unge til saman over 2,5 mill. unike kunst- og kulturmøte med opplevingar, refleksjon og læring gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Dette gjer skolen til den største felles arenaen for å formidle eller oppleve kunst og kultur, utanom ulike medium og digitale tilbod. Bak alle desse kunst- og kulturmøta stod meir enn 4 000 kunstnarar og kulturformidlarar som bidrog med heile 4 639 kunst- og kulturproduksjonar. Det gjer DKS til Noregs største arbeidsområde for kunstnarar og kulturformidlarar Meld. St 18 (2020-2021), kap 12
–DKS er ei nasjonal ordning med lokal forankring. For at ei så stor ordning skal fungere optimalt, og for at tilbodet til skolelevene skal vere best mogleg er det formålstenleg og kostnadseffektivt med ei nasjonal koordinering og fungerande fellesløysingar og system, seier Øystein Strand.
Det eit overordna mål at alle elevar same kvar i Noreg dei bur, skal få eit likeverdig tilbod av høg kvalitet. I tillegg er det eit overordna prinsipp i grunnopplæringa at elevane skal få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk gjennom skuletida. Sjølv om det ikkje finns profesjonelle kunst – og kulturinstitusjonar over alt i Noreg, får alle skular og alle elevane i landet kunst- og kulturtilbod gjennom DKS-ordninga.
–Eit godt samarbeid mellom skulesektor og kultursektor på alle forvaltningsnivå er viktig for at DKS skal oppnå målsetjingane for ordninga som regjeringa foreslår i denne stortingsmeldinga, seier Strand.
2. Kunst og kultur til dei minste barna i barnehagane:
Regjeringa ønskjer eit kunst- og kulturtilbod òg til barnehagar, og skriv dette i meldinga:
Fleire kommunar har lagt til rette for å inkludere barnehagebarn i DKS-tilbodet til skolen, og nokon kommunar har laga eigne tilbod til barnehagebarn. Dette er positivt. Dei nye nasjonale måla understrekar at regjeringa ønskjer at Den kulturelle skulesekken inkluderer barnehagen i tilboda og bidreg til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn. Kjerneverksemda til DKS er elevar i grunnskolen og vidaregåande skole. Gjennom dei nasjonale måla ønskjer samtidig regjeringa å oppmuntre til samarbeid med og inkluderingav barnehagebarn. Meld. St 18 (2020-2021), kap 12.
–Det går allereie føre seg mykje godt arbeid på kunst og kulturformidling i barnehagane. Det er fleire aktørar som tilbyr kunst og kultur til denne målgruppa og mange kommunar jobbar allereie systematisk med dette, seier Strand.
Kulturtanken samarbeider med Norsk kulturskuleråd og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa om prosjektet Kulturbarn 0-8. Prosjektet er omtalt i stortingsmeldinga. Her kan du lese sluttrapporten frå prosjektet
– Vi held gjerne fram arbeidet med å stimulere til aktivitet og samarbeide med dei som allereie jobbar i dette feltet. Men vi er glade for at meldinga understrekar at det framleis er grunnskule og vidaregåande skule som er kjerneverksemda i DKS. Det er allereie stort press på økonomien i DKS som følgje av auka kostnader utan tilsvarande auke i tildelt ramme til formålet frå spelemidlane. Dersom det skal etablerast eit fulldekkjande tilbod òg til barnehagar, så vil det krevje tilleggsløyvingar dersom det ikkje skal gå ut over det eksisterande tilbodet, seier han.
Eit godt tilbod i barnehagar bør nok òg innrettast på ein annan måte enn DKS, noko Kulturbarn-prosjektet dokumenterer. Lokalt samarbeid mellom kommunalt tilsette i kulturskular og barnehagar har utløyst mange spennande prosjekt. Det er dessutan private tilbydarar av kunst og kultur til barnehagar som det er viktig å vareta og samarbeide med.
I meldinga peikar regjeringa på Kulturtanken òg når det gjeld andre oppgåver i barne- og ungdomskulturpolitikken som ikkje er direkte knytt til DKS.
3. Mangfold og inkludering i kulturlivet
«I 2020 blei det etablert ei ny tilskottsordning for inkludering i kulturliv. Målet med denne er å bidra til at det skal bli mogleg for barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar, å delta jamleg i organiserte kulturaktivitetar saman med jamaldringane sine. Ordninga skal bidra til at frivilligheita kan samarbeide på tvers for å leggje til rette for å inkludere barn og unge i trygge, sosiale og utviklande miljø som let dei føle meistring, samhaldog at dei høyrer til. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Kulturtanken. Meld. St 18 (2020-2021), kap. 7.
– Deltaking i kunst- og kulturaktivitetar aukar kjensle av meistring, samhald og tilhøyrsel. Vi er derfor veldig glade for at ordninga blir vidareført i år, ho skal bidra til at fleire barn og unge kan delta i kulturlivet uavhengig av økonomisk, kulturell eller sosial bakgrunn, seier Kulturtankens direktør, Øystein Strand.
Tilskotsmidlane for styrking av høvet barna og unge har til å delta i kunst og kulturaktivitetar for 2021 er lyst ut med søknadsfrist 15. mai. Kulturtanken organiserer digitalt dialogmøte 15. april for alle som ønskjer meir informasjon om ordninga. Les meir her
Barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging
I meldinga står det at regjeringa vil:
«Setje i gang eit pilotprosjekt for å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging. Pilotprosjektet skal bidra til ein betre koordinert lokal kultursektor ved at det blir samhandla meir mellom ulike aktørar og utvikla gode møteplassar for deltaking og inkludering.» Meld. St 18 (2020-2021), kap. 5.
Kulturtanken har i tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet blitt bede om å byrje eit arbeid med å utarbeide retningslinjer for tilskot til pilotprosjekt som skal stimulere kommunane til å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging.
Digital innovasjon
Regjeringa vil òg at Kulturtanken skal arbeide med digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet.
I meldinga står det:
«Regjeringa har i budsjettet for 2021 sett av 4 mill. kroner til digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet. Det er behov for oppdaterte verkemiddel som kommuniserer på premissane til barn og unge, i form av ny teknologi til formidling, samspel, undervisning og til å forløyse potensialet unge har innan kunst og kultur. Utfordringa er at barn og unge er kritiske og erfarne digitale brukarar. Derfor er det mykje som må klaffe for at løysingar og teknologiar skal treffe og få fotfeste i målgruppa. Her er det spesielt viktig at ungdommar sjølve er med på å definere behova sine og moglegheitene. Regjeringa set derfor av inntil 2,5 mill. kroner av midlane til digitale satsingar for å setje i gang ein innovasjonsprosess i 2021. Det er Kulturtanken som skal forvalte pengane, og dei kan både brukast til å dekkje kostnader for arrangement og aktivitetar og fordelast som såkornmidlar til utviklingsarbeid i relevante miljø». Meld. St 18 (2020-2021), kap. 7.
– Dette er i tråd med tilrådingane frå Telemarkforskings rapport Plan B som seier at det må takast nokre nasjonale grep på dette feltet. Vi samarbeider allereie med UKM, Norsk kulturskuleråd og Ungdom og Fritid om digital samordning og utvikling av heilskaplege tilbod til målgruppa, seier Øystein Strand.
Samarbeid på alle forvaltningsnivå svært viktig
– Det er bra at regjeringa har ambisjonar for politikkutvikling for barne- og ungdomskultur. Eg meiner at det er både viktig og nødvendig at nokre oppgåver blir utførte på nasjonalt nivå for å nå mål om effektiv forvaltning og vidare utvikling av den store DKS-ordninga. I den nye stortingsmeldinga blir det større regionalt handlingsrom foreslått for å utnytte potensialet i den desentraliserte strukturen.
Tett samarbeidet med kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar vil vere svært viktig.
– Nasjonal kulturpolitikk er summen av innsatsen på alle tre forvaltningsnivå, og dette gjeld særleg når det gjeld tiltak for barn og unge. På dette feltet går føre seg det aller meste av aktiviteten på lokalt og regionalt nivå. I meldinga blir det foreslått å etablere ein permanent samarbeidsstruktur i dialog med KS, som inkluderer representanter frå både kultur og skole i kommunesektoren. Dette arbeidet er allereie godt i gang og Kulturtanken samarbeider tett og godt med KS, seier Strand, og legg til:
– Vi skal sjølvsagt samarbeide tett med dei andre statlege etatane som Kulturrådet, NFI, KORO og Utdanningsdirektoratet og dei andre aktørane i feltet som UKM, Norsk kulturskuleråd, Ungdom & Fritid, Nasjonalmuseet, Norsk forfattarsentrum, Scenekunstbruket og mange fleire.
Relaterte artiklar
Oppleve, skape, dele
Den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur er lagt fram.
Rapport: Erfaringer fra digitale DKS-tilbud under koronapandemien
På oppdrag fra Kulturtanken har Telemarksforsking gjennomført en erfaringsinnhenting om digitale formidlingstilbud i Den kulturelle skolesekken (DKS) under Covid-19. Les rapporten her.
Alt om årskonferansen 2021!
Les om høydepunkter fra Kulturtankens årskonferanse og se opptak fra hver temabolk.