Alfons Röblom og Solveig Korum - portrett

Kulturell bærekraft

Korleis unngår vi at kultursektoren hamnar på sidelinja når vår tids nøkkelutfordringar blir debatterte? Nordisk berekraftsmøte i byrjinga av november var ein god start.

Alfons Röblom, Ålands utviklingsminister, og Solveig Korum, seniorrådgiver i Kulturtanken.

– Poesi, musikk, podkastar og tekstar skapt av ungdom kan ha ein heilande effekt og føde nye visjonar for framtida, sa ungdomsrepresentant Julian Lo Curlo (Danmark) på den nordiske COP26-en Huben i Helsingfors førre veke.

Han fekk støtte frå Alfons Röblom, Ålands utviklingsminister, som påpeika at dersom vi skal lykkast med det store skiftet verda no står overfor, må alle generasjonar og alle sfærar i samfunnet handle saman.

–Kultur bidreg til fellesskap og gir oss alternativ kunnskap som er nyttig i dette arbeidet, påpeika Röblom.

Nordisk bærekraftmøte i Helsinki


Verdas auge har dei siste vekene vore retta mot Glasgow. Spenninga var stor og temperaturen høg: ville dei politiske leiarane våre og øvste byråkratar lykkast å einast om ein avtale som sikrar både menneskas og klodens framtid?


Parallelt med samtalane i Glasgow hadde dei nordiske landa ein eigen COP26 Nordic Hub i Helsinki. Her møttest politikarar, byråkratar, ekspertar, borgarar og ungdom for presentasjonar og debatt, simultanoverført til paviljongen i Glasgow.

Solveig Korum frå Kulturtanken bidrog til programmet i Helsingfors. Ho sit i styringsgruppa for «Berekraftige livsstilar i Norden», eit nytt fireårig program som involverer fleire ulike sektorar.

Programmet er finansiert av Nordisk ministerråd, og koplar kulturopplevingar saman med utdanning, kjønn og likestilling, mat og landbruk, og dessutan miljømerking av varer og tenester for å søkje konkrete løysingar på korleis nordiske borgarar kan leve meir berekraftige liv.

Barn og unge utgjer eit tverrgåande fokus i prosjektet.

– Ei stor utfordring når samfunnet snakkar om berekraft er at klimafokuset ofte overskyggjer andre aspekt ved tematikken. Å finne klimaløysingar og nye mønster for konsum er sjølvsagt viktig, men det er vanskeleg å lykkast med ei omstilling dersom ikkje kjenslene og relasjonane våre er kopla på. Eksponering for og deltaking i kunst- og kultur fremjar slike koplingar. Kultur bidreg både til kreative løysingar på korleis vi kan gjere ting og bringer oss òg nærmare ei erkjenning av kvifor det er viktig, seier Korum.

Kultur bidreg til kreative løysingar.

Solveig Korum

Kultur i samspel

Trass i kunsten og bidraget til kulturen i samfunnet, hamnar kultursektoren ofte på sidelinja når vår tids nøkkelutfordringar blir debatterte. «Berekraftige livsstilar i Norden» er det første nordiske programmet som i så stor skala involverer svært ulike sektorar og prøver å skape integrerte samanhengar og kunnskapsdeling mellom desse.

– Det er veldig spanande at Nordisk ministerråd anerkjenner og flaggar bidraget kultursektoren har til berekraftig utvikling såpass høgt, seier Korum.

Erfaringar frå dette programmet vil utgjere viktige steg på vegen mot Nordisk ministerråds visjon om å bli verdas mest berekraftige og integrerte region innan 2030.

Nokon vil nok oppfatte delprosjekta som i overkant ulike, og kanskje tenkje at delingsutbyttet vil vere avgrensa. Under COP26 Nordic Hub blei det likevel tydeleg at deltakarane står overfor mange av dei same utfordringane.

– Alle yrkesgrupper og sektorar har ekspertisen og blindsonene sin. Ved å dele ekspertise utanfor eigen sektor kan andre bli klokare. Blindsoner blir klargjorde gjennom konstruktiv dialog og utforskande praksis.

Korum poengterer at det er krevjande å delta i slike tverrgåande prosjekt fordi verkelegheitsforståinga til deltakarane og kva som må til for å skape eit meir berekraftig Norden, heile tida utfordrast og blir utvikla. Men ho meiner at den potensielle gevinsten definitivt er større enn hindera.

Deltakinga til barn og unge

Under prosjektlanseringa i Helsingfors, som også blei strøymt, uttalte Alfons Röblom, Ålands utviklingsminister, at barn og unges deltaking i kunst og kultur er viktig for eit berekraftig samfunn.

Representanten til ungdommen i styringsgruppa for «Berekraftige livsstilar i Norden», Julian Lo Curlo frå Dansk Ungdoms Fællesråd (DUF), utdjupar:

– Mange unge menneske er redde for at politikarar ikkje gjer nok. Dei blir stressa når dei tenkjer på alt som skjer i verda og den dystre framtida som ventar dei. Gjennom deltaking i kulturlivet får ungdommar ikkje berre høve til å uttrykkje frykta, men dei kan òg transformere frykta til kulturelle ytringar og produkt. Poesi, musikk, podkastar og tekstar skapt av ungdom kan både ha ein heilande effekt og føde nye visjonar for framtida.

Gjennom deltaking i kulturlivet får ungdommar ikkje berre høve til å uttrykkje frykt, men dei kan òg transformere ho til kulturelle ytringar og produkt.

Julien Lo Curlo, ungdomsrepresentant

Ifølgje Lo Curlo er det viktigaste vaksne kan gjere, å gi gi unge menneske eit rom til å dele visjonen sin rundt samfunnet dei ønskjer seg.

– Vi må skape reelle medverknadsprosessar, der vi unge ikkje berre blir «representantar» utan særleg moglegheit for å påverke viktige avgjerder. Dersom vi skal oppnå eit berekraftig samfunn, og førestille oss heilt andre realitetar ein dei vi har akkurat no, må vi involverast på likeverdig grunnlag. Kulturell aktivitet blant barn og unge er gode verktøy for å fange opp kva denne aldersgruppa tenkjer og kjenner – og kan sånn sett bidra til at kreative forslag med potensiale for kollektiv endring blir formulert og lytta til.

Gruppebilde av styringsgruppen.
Styringsgruppa for Bærekraftige livsstilar i Norden: Karen Dahl Jensen, Kristin Mattsson, Sebastian Hielm, Anna Mikander, Solveig Korum og Julian Lo  Curlo. Foto: Inger Smærup Sørensen

Kulturtankens arbeid med berekraftsmåla

Ekko frå COP26 Nordic Hub og frå prosjektlanseringa av «Berekraftige livsstilar i Norden» viser tydeleg at kunst og kultur generelt, og kultursektoren spesielt, kan bidra med svært viktige perspektiv for eit berekraftig samfunn. 

Solveig Korum peikar likevel på følgjande:

– Ei nyleg publisert kunnskapsutgreiing som Kulturtanken har bestilt frå Telemarksforsking viser at det finst forbetringspotensiale for å synleggjere bidraget til kultursektoren i ein større samfunnskontekst – i dialogen vår med andre nordiske aktørar og med eksterne fagfelt. Ikkje minst har vi ein stor jobb framfor oss når der gjeld å gjere sjølve bransjen og turneane våre grønare.

Kulturtanken skal gjere sitt på dette området framover – gjennom deltaking i "Bærekraftige livsstilar i Norden», men også til ved å setje viktige berekraftsspørsmål på dagsordenen i Den kulturelle skolesekken.

Ei ressursside er under arbeid, og vil bli publisert på nettsidene våre i januar 2022.

Styringsgruppa for Bærekraftige livsstilar i Norden

Karen Dahl Jensen - Manager, Product Development at Nordic Ecolabelling

Kristin Mattsson - Specialist in gender equality, Government Offices, Åland

Sebastian Hielm - Director of Food Safety, Ministry of Agriculture and Forestry, Finland

Anna Mikander - Senior Ministerial Adviser at Ministry of Education and Culture, Finland

Solveig Korum - Senior advisor R&D, Kulturtanken, Norway

Julian Lo  Curlo - Youth member, Nordic Expert Group for Sustainable Development

Inger Smærup Sørensen - prosjektleiar / Nordic House in the Faroe Islands

Les meir

Kunstverk av klosser som gir ordet "våken" på en grønn eng.

Den bærekraftige kulturarven

Perspektivene fra SPOR 2021 demonstrerte hvordan vår rike fortid er viktig for veien mot en bedre framtid.

Logo for FNs bærekraftsmål

Kulturtanken og bærekraftsmålene

Kulturtanken setter i verk tre konkrete tiltak for å bidra til å nå felles globale målsettinger innen 2030.

Kvinne i samisk drakt forteller for et barnepublikum.

Skal den samiske kulturen bære kostnadene av “Det grønne skiftet”?

Hør en ny episode av podkasten “SPOR – om kulturarv i DKS” fra DKS Trøndelag.