Godt nytt år!
Eg har skikkeleg tru på 2021, sjølv om det nye året startar med strenge smitteverntiltak, skriv direktør Øystein Strand.
Eg har skikkeleg tru på 2021!
Sjølv om det nye året startar med strenge smitteverntiltak, så har eg tru på at pandemien kjem under kontroll og at vi gradvis kan normalisere all aktivitet som vi saknar og treng. Tro på at samfunnet gradvis opnar opp og at vi i stadig større grad kan møtast fysisk etter kvart som befolkninga blir vaksinert.
Eg har særleg stor tru på Den kulturelle skulesekken, som startar på sitt tjuande år som nasjonal ordning for formidling av kunst og kultur til alle skuleelevar i Noreg. Sjølv ikkje ein pandemi kunne stoppe DKS! Då stengde skular gjorde fysisk kunstformidling umogleg blei det vist kreativitet, fleksibilitet og stort engasjement for å finne nye løysingar.
Det er all mogleg grunn for oss i Noreg til å vere stolte av DKS. Eit gigantisk kunstformidlingsprosjekt som har vakse og utvikla seg i eit unikt samspel mellom kommunar, fylkeskommunar og staten. Dette er nasjonal kulturpolitikk på sitt aller beste.
DKS er det einaste kulturpolitiske tiltaket som faktisk når alle barn og unge uavhengig av betalingsevna til foreldra, lange avstandar, sosial og kulturell bakgrunn eller funksjonsevne. At dette har vore ei landsomfattande ordning i 20 år meiner eg at det er all grunn til å feire!
Sjølv ikkje ein pandemi kunne stoppe DKS!
Vi ønskjer at 20-årsjubilanten DKS skal vere synleg i offentlegheita i 2021, og jobbar med planar for korleis dette skal skje. Som med alt anna i DKS så skal vi samarbeide med fylkeskommunar og kommunar om dette, og i tillegg så har vi allereie Norsk Tipping med på laget. Dei har òg grunn til å vere stolte over at dei har vore med på å finansiere DKS i nesten alle desse åra.
I år skal dessutan Stortinget behandle den aller første eigne stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur. Det at Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider om å skrive ei slik stortingsmelding gir grunn til optimisme og fornya tru på vidareutvikling av ein heilskapleg kulturpolitikk for barn og unge. At heilskapleg politikk og samarbeid om felles tiltak vil gjere det mogleg å nå politiske mål i begge sektorar er eg heilt overtydd om. I Kulturtanken ser vi fram til å få nye politiske føringar for verksemda vår og vi er offensive og klare for å levere på det som er forventa av oss.
I arbeidet med stortingsmeldinga fekk Kulturtanken i oppdrag å lytte til barn og unges eigne stemmer om kunst og kultur. Saman med ei rekkje gode samarbeidspartnarar samla vi innspel frå over tusen barn og unge og samanfatta dette i ein rapport som fekk namnet BUSK rapporten og som listar opp 23 tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet om barn og unge fekk bestemme sjølv.
Dei unge peikar på noko veldig viktig; dei er opptekne av at alle skal ha høve til å delta i kulturaktivitetar. Derfor er eg glad for at den nye tilskotsordninga for inkludering i kulturliv er vidareført i statsbudsjettet for 2021. Ordninga skal sikre at fleire barn og unge kan delta i organiserte kulturaktivitetar utanom skuletida. Vi veit at deltaking skaper samhald og fellesskap.
Det frivillige kunst- og kulturlivet er ein unik arena for inkludering i heile landet, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne eller sosial og økonomisk bakgrunn. Tilskotet blei etablert i fjor og fekk så stor interesse og mange gode søknader at midlane blei auka av Kulturdepartementet frå fem til ni millionar. Før jul blei dette fordelt til heile 55 prosjekt og ny utlysing av tilskotsmidlar for 2021 kjem snart.
I statsbudsjettet for 2021 er det òg sett av fire millionar kroner til utvikling av nye produksjonar i Den kulturelle skulesekken. Midlane skal stimulere til utvikling av nytt innhald i DKS slik at ordninga framleis skal vere relevant og representativ for stadig nye årskull med skuleelevar. Kulturtanken har fått ansvar for å fordele midlane, og det skal vi anstrengje oss for å få gjort snarast mogleg. Det er berre å setje i gang med kreativ planlegging og ideutvikling!
Ein positiv ting har trass alt komme ut av året 2020, ei rask og positiv utvikling av digital samhandling og av digitale løysingar for produksjon og formidling av kunst og kultur. Denne utviklinga ønskjer eg velkommen, og eg trur til og med det er ei heilt nødvendig utvikling om vi skal klare å vere relevante for målgruppa vår i tida som kjem.
I statsbudsjettet for 2021 står det at «det er behov for oppdaterte verkemiddel som kommuniserer på premissane til barn og unge i form av ny teknologi til formidling, samspel, undervisning, og å gå nye vegar for å løyse unges potensiale innan kunst og kultur». Eg håpar vi i det nye året klarer å utnytte den oppdrifta som no finst på dette feltet, og saman vidareutvikle nye digitale løysingar og idear òg når samfunnet etter kvart blir normalisert. Ikkje i staden for dei fysiske kunstmøta, men i tillegg til.
I Kulturtanken ønskjer vi å vere pådrivarar i ei slik utvikling og ønskjer å bidra til auka samarbeid om gode heilskaplege digitale løysingar med aktørar både innanfor og utanfor sektoren vår.
Dette er berre nokre av grunnane til at eg gler meg til 2021. Eg ser verkeleg fram til gode møte og samtaler både digitalt og analogt. Og så ser eg fram til at det skal vere mogleg å reise rundt i landet for fysiske møte og for å oppleve kunst og kultur i same rom.
Ønskjer de alle eit godt nytt år!