Foreslår 12,6 millionar til inkludering i kulturliv
I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringa ein stor auke for tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv», som blir forvalta av Kulturtanken. – Veldig gledeleg, siger direktør Øystein Strand.
Tilskotsordninga blei etablert i 2020 for å sikre at fleire barn og unge får høvet til å delta i organiserte kulturaktivitetar. Den var i utgangspunktet på fem millionar kroner, men blei auka til ni millionar på grunn av mange gode søknader. 55 prosjekt fekk tilskot i første søknadsrunde, 31 i andre runde.
– Det frivillige kunst- og kulturlivet i Noreg er ein unik arena for inkludering i heile landet, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne eller sosial og økonomisk bakgrunn, har kulturminister Abid Raja sagt i samband med ordninga.
No har altså regjeringa foreslått å auke tilskotsordninga med heile 7,5 millionar frå utgangspunktet, til totalt 12,6 millionar kroner, som del av potten til regjeringa til tiltak mot barnefattigdom.
– Det er veldig gledeleg at regjeringa igjen ønskjer å auke tilskota til inkludering i kulturliv, allereie i andre åra av ordninga. Det frivillige kunst- og kulturlivet har vist stor interesse for ordninga, og mange av prosjekta står fram som solide samarbeidsmodellar som kan bidra til at fleire barn og ungdom deltek i kulturaktivitetar, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.
Her kan du lese meir om nokon av aktørane som fekk tilskot i første runde: 4H Finnmark, Kulturhjerte og Sletteløkka Arrangementer.
Fører vidare løyvingar til barne- og ungdomstiltak
I den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur, Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge, som blei lagt fram våren 2021, blei det definert tre nye tiltak som skulle byggje opp under dei overordna målsetjingane:
- stimulere til meir nyproduksjon i Den kulturelle skulesekken for at fleire barn og unge over heile landet skal oppleve profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet
- digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet for å bidra til løysingar for formidling, samspel, undervisning og samskaping
- pilotprosjekt som skal utvikle modellar for inkludering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging
Tiltaka fekk løyvd 12 millionar kroner i 2021, og i budsjettforslaget for 2022 er dette ført vidare.
– Vi er glade for at løyvingane er foreslått ført vidare. Det gir føreseielegheit i utviklinga av arbeidet som er igangsett som oppfølging av barne- og ungdomskulturmeldinga, seier Øystein Strand.
Relaterte artiklar
Utlysing: Såkornmidlar til utviklingsarbeid
1.5 millionar kroner skal styrkje det digitale kulturtilbodet til barn og unge.
Fem millionar til inkludering i kulturlivet
31 prosjekt får til saman fem millionar frå tilskotsordninga Inkludering i kulturliv.
Meir midlar til Den kulturelle skulesekken
I 2021 blir det fordelt 306,5 mill. kroner til Den kulturelle skulesekken som skal bidra til å gi barn og unge eit likeverdig kunst- og kulturtilbod over heile landet.