Eit fagpanel som vil inspirere
Kva er eigentleg god nynorsk kulturformidling? Kvifor er det så viktig for barn og unge? Og korleis skal ein unngå å berre vere klein? Vi har tatt ein prat med fagpanelet for nynorskproduksjonar.
Snart er tida komen: Vi skal få vite kven som er valde ut til det skreddarsydde kunstnaropphaldet i satsinga Meir nynorsk i DKS. Det endelege valet blir tatt av juryen, men først har alle forslaga blitt tatt i nærare augesyn av eit fagpanel. Dei har silt ut eit knippe relevante, interessante og ikkje minst språkleg gode kandidatar. Her skal du få bli betre kjend med medlemmene i panelet.
Åshild Widerøe
Leiaren for fagpanelet er henta frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Tidlegare har ho vore programansvarleg for Nynorsk kultursentrum og leiar for Dei nynorske festspela, i tillegg til at ho har starta sin eigen årlege musikk- og litteraturfestival: Åram Pluss.
– Heile prosessen har vore utruleg positiv! No skal vi auke talet på nynorskproduksjonar i DKS og forbetre tilbodet ut i heile landet. Medvitet om kor viktige slike språkmøter er, vil også auke gjennom dette arbeidet. Det kjennest det meiningsfylt å få bidra til. Dei faglege diskusjonane har vore spanande og interessante.
– I fagpanelet har vi vore opptekne av å sjå potensialet i søknadane, sjølv om ikkje alle er like godt utvikla. Vi har lagt vekt på å ikkje stoppe for mange. Eg har trua på dei som har blitt sendt vidare.
– På kva slags måte er prosjektet viktig for deg personleg?
– Eg har jobba veldig lenge med å presentere nynorske produksjonar og utøvarar for publikum, eg veit at det finst mykje bra. Då er det spanande å få utvikle og synleggjere dei gode produksjonane gjennom dette prosjektet. Det er viktig at nynorsk er godt representert i produksjonane som elevane får tilgang til. Nynorsk er eitt av to norske skriftspråk, og det bør bli brukt i alle samanhengar i samfunnet – også i kunstnarlege uttrykksformer.
– Nynorsk er eitt av to norske skriftspråk, og det bør bli brukt i alle samanhengar i samfunnet – også i kunstnarlege uttrykksformer.
Åshild Widerøe
Bjørn Sortland
Forfattaren har sida debuten Det er ikkje natta i 1992 skrive ei rekkje bøker både på bokmål og nynorsk. Han har fleire års erfaring med formidling på skular rundt om i landet, heilt frå dei minste i småskulen til elevar i vidaregåande.
– Det har vore gode samtalar og reelle diskusjonar mellom oss som sat i utvalet, der vi slett ikkje alltid var einige. Det er sunt, meiner forfattaren, som har rekna gjennomarbeida kvalitet på produksjonane som eit must.
– Eg ser etter om det er realistisk at ein produksjon kjem til å treffe den målgruppa som ein seier ein vil nå. Dessutan er eg opptatt av at nynorsken ikkje berre er klistra utanpå prosjektet, men at det er gjennomsyra av det gode, nynorske språket.
– Det var mange seriøse, gode prosjekt, så eg trur juryen har mykje godt å velja i. Men eg saknar at det var meir av god, integrert humor og sunt tvisyn. Mangelen på humor var stundom påtrengjande.
Kvifor skal barn og unge få tilgang til meir kunst og kultur på nynorsk?
– Det er eit stort og viktig spørsmål. Primært er det viktig at vi tilbyr barn og unge produksjonar med kvalitet, relevans og essens, same kva språk dei er på. Alle skriftspråk må vere representert, men det er færre som brukar nynorsk og samisk, så det er ekstra viktig at desse språka får den plassen dei skal ha i skulen og andre stader.
– Eg er opptatt av at nynorsken ikkje berre er klistra utanpå prosjektet, men at det er gjennomsyra av det gode, nynorske språket.
Bjørn Sortland
Kva er god kulturformidling for barn og unge?
– Å halda seg oppdatert på kva kultur barn og unge lever i er essensielt, og samstundes våga å vere seg sjølv, og formidla noko som er viktig for ein sjølv også. Unge menneske sansar slikt. Om ein prøver hardt å vera kul eller andre sprell, så blir det fatalt kleint og dårleg. Barn og unge er ofte eit skremmande intelligent publikum, og ein må for all del ikkje undervurdera dei. Dessutan må ein greia å skapa noko som er nært, ting må ikkje berre vere langt borte, oppe på ei scene.
Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Vadstein er høgskulelektor med master i nynorsk skriftkultur. Ho arbeider på Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda. Lektoren, som i tillegg er songar, er imponert over forslaga som er komne inn.
– Det er svært mange gode og gjennomarbeidde prosjekt! Både heilt nye utøvarar som ikkje har vore innom DKS før, og ringrevar med mange års erfaring. Det er eit breitt spekter i uttrykksformer og tema. For min del har det vore viktig sjå draumen til utøvarane, lese kvar søknad med respekt og leite etter kvalitetane som utøvaren legg fram i søknaden.
– Kvifor skal barn og unge få tilgang til meir kunst og kultur på nynorsk?
– Språkleg mangfald i eit land er ein ressurs. Det er nært knytt til identitet, men det handlar også om haldningar som er formbare. Å få møte nynorske produksjonar i DKS styrkjer den språklege identiteten til elevar med nynorsk som opplæringsspråk, også om språk ikkje er temaet i produksjonen. For elevar i bokmålsområde er det viktig å møte det mindre brukte språket og sjå at det kan brukast i alle kunstformer og i kvardagslivet.
– Kva er god kulturformidling for barn og unge?
– God kulturformidling handlar om å uttrykkje seg og å nå publikum. Det handlar det også om å inspirere elevar her og no, om identitetsbygging og språkleg sjølvtillit, at elevar får tru på at dei sjølve kan uttrykkje seg gjennom skriftspråket sitt, trygt og fritt. Produksjonane skal gjere inntrykk på elevane, anten dei er kjekke og muntre, tek opp vanskelege tema, presenterer nye og ukjende kunstuttrykk eller vekkjer andre kjensler.
– For min del har det vore viktig å sjå draumen til utøvarane, og lese kvar søknad med respekt.
Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Guro Kristin Gjøsdal
Kollegaen til Vadstein på Nynorsksenteret er høgskulelektor og kunst – og kulturformidlar. Ho jobbar særleg innanfor tekst, song og musikk, og har mastergrad i drama og teater.
– I fagpanelet har vi sett etter idear som verkar originale, truverdige og sanne. Vi har også leita etter språkleg medvit og kva for språksyn søknadane reflekterer, om det relevant og i tråd med Fagfornyinga. Vidare har vi lagt vekt på at produksjonane må kunne fungere alle stader i landet.
Kvifor skal barn og unge få tilgang til meir kunst og kultur på nynorsk?
– Noko av det beste med nynorsk er den store variasjonen i ordval og seiemåtar som vi som språkbrukarar kan nytte oss av. Dersom ein blir gjort merksame på at nynorsk er eit funksjonelt og levande skriftspråk, som kan brukast i alle samanhengar, vil det også vere enklare å ta i bruk.
– Mange tenkjer på nynorsk som historie og tradisjon. Eg vil også legge vekt på det særeigne, demokratiske, og kulturkritiske aspektet. Det nynorske språket er eit bruksspråk som gjev deg høve til å velje, til å finne ditt eige språk.
– Kva har du personleg vore særskilt oppteken av?
– Eg er særleg oppteken av mangfald i språk, uttrykk og menneske. For meg skal kunst og kultur røre og utvikle, inkludere og vekke, skape liv. Nynorsk er eit språk som ligg tett ved talemålet til mange av oss. Å få uttrykke seg i det språket som ligg nærast hjartet er viktig for meg.
– Eg er særleg oppteken av mangfald i språk, uttrykk og menneske. For meg skal kunst og kultur røre og utvikle, inkludere og vekke, skape liv.
Guro Kristin Gjøsdal
Gode råd på vegen vidare
Sjølv om ikkje alle kan stå på lista når juryen annonserer vinnarane 1. mars, oppfordrar panelet kandidatar og andre til å sende inn framlegg til neste skuleår når DKS-portalen opnar 15. august.
– Har du ein idé om å lage ein nynorsk produksjon, så er mitt råd å nettopp satse på nynorsk! Vi som vel ut produksjonar for turné i DKS, ønskjer å få produksjonar med høg kunstnarleg kvalitet og i alle kunstformer, og ein tydeleg språkprofil er berre eit pluss. Står du fast på noko språkleg, så prøv å finne nokon du kan få hjelp av, rådar panelleiar Widerøe. – Eg gler meg til å sjå mange flotte nynorske produksjonar i DKS-portalen!
Les meir om nynorsk-satsinga:
Bli kjend med vår nynorsk-jury!
Ein lidenskapeleg og ressurssterk gjeng har slått seg saman for å velja ut kva produksjonar som får vere med ordninga som skal styrka nynorsken i DKS. Dei ser framfor alt etter kvalitet til borna og kjærleik til språket.
– Nynorsk er maktkritikk
21 år gamal blei Camara Lundestad Joof frelst. Av nynorsk. Eit språk ho før hadde opponert mot at skulle vere ein del av livet hennar opna seg opp for ho og viste seg fullt av kraft, kamp og opprør.
Utlysing: Meir nynorsk i DKS!
No lanserer vi ei heilt ny ordning for å auke mengda nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken.