Utgreiing av behovet for ei nasjonal digital plattform for DKS
Kulturtanken har gjennomført ei kartlegging av behovet for å opprette ei nasjonal plattform for digital formidling av kunst- og kulturopplevingar i DKS.
Koronanedstenginga av landet i mars fekk store konsekvensar for gjennomføringa av Den kulturelle skulesekken og for kunst-, kultur- og skulesektoren.
Utgreiinga peikar både på problemstillingar og digitale behov som oppstod i vår, men også på dei meir langsiktige innverknadene auka digitalisering har på ordninga.
Kvifor ei nasjonal digital DKS-plattform?
Tre faktorar har vore bakgrunnen for at Kulturtanken har greidd ut spørsmålet om ein nasjonal arena for digital formidling for DKS:
- Det analoge DKS-tilbodet blei avlyst for store delar av våren 2020. Dermed blei det ein «panikkartet» satsing, som fylkeskommunar sjølv omtalte det, på det digitale.
- Ein meir langsiktig digitaliseringsprosess i samfunnet generelt og kulturen spesielt som går føre seg, er ein del av det utløysande aspektet. Mellom anna har barna frå før av ein stor del av kulturopplevingane sine på digitale flater.
- Eit aukande kostnadsnivå i ordninga fører til ein risiko for mindre aktivitet viss tilskotet til ordninga ikkje blir auka for å kompensere for kostnadsveksten. Med reduserte midlar vil DKS-opplevingar som blir distribuerte og blir formidla digitalt, kunne stå fram som eit kostnadseffektivt alternativ.
Kva funn blei gjorde?
Funna i utgreiinga kan samanfattast i seks punkt:
- Når arbeidet med digital formidling blir koordinert, vil det bidra til auka måloppnåing i DKS.
- Kvalitetsomgrepet har endra seg på grunn av pandemien, ei endring som held fram.
- Ved ei digital formidling er det nødvendig med nye samarbeidsformer på tvers av sektorar og kompetanseområde.
- Eit manglande rammeverk for honorering, opphavsrett og vederlag bremsar arbeidet med ei digital formidling.
- Ein auka kompetanse på og utvikling av verktøy for interaksjon på digitale flater kan bidra til å skape nye rom med verknad og deltaking for barn og unge.
- Nye distribusjonskanalar blir viktigare når infrastrukturen skal styrkjast og skulen sine eigne digitale verktøy skal takast i bruk.
I tillegg til at Kulturtanken har henta inn kunnskap i eigen organisasjon (FoNT, KunstLab, DKS-portalen, BUSK-rapporten og møter og arbeidsseminar med ressurspersonar), identifiserte ein fire grupper av interessentar: barn og unge, skulesektoren, kunst- og kulturinstitusjonar og organisasjonar, og dessutan fylkeskommunar og kommunar.