Utlysing: Meir nynorsk i DKS!
No lanserer vi ei heilt ny ordning for å auke mengda nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken.
– Berre ein liten del av forslaga DKS mottek er på nynorsk. Det ynskjer vi å endre på! Norske elevar fortener at vi legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle elevar. Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Derfor er eg glad for at vi har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken.
Nynorsk er kvardag, identitet, kjærleik og ein del av det norske mangfaldet. Språket ligg i sjela til både by og bygd, og kan brukast overalt. Vi søkjer dei som har nynorsk tett til virke og hjarte, men også dei som er nysgjerrige og som kan tenke seg å legge språket til grunn for skaping og utforsking. Vi søkjer deg som vil gjere nynorsk levande for deg sjølv, og for barn og unge i heile landet. Nynorsken er for alle. Du kan vere med på å gje språket større plass i Den kulturelle skulesekken!
Om ordninga
Prosjekta som blir ein del av ordninga får ei heilt unik moglegheit til å utvikla og auke kvaliteten på prosjekta sine. Fire til seks prosjekt blir valde ut til å vere med.
Desse får støtte og hjelp til å jobbe vidare med prosjektet sitt gjennom samarbeid med Seanse, senter for kunstproduksjon, som ligg i Volda. Samarbeidet skjer gjennom eit kunstnaropphald der prosjekta får rettleiing og støtte til både vidare utvikling av form og innhald, og i å nytte nynorsk som arbeidsspråk. Kunstnaropphaldet blir dekt og kompensert av ordninga. Det omfattar økonomisk godtgjersle, reise og andre utgifter. Godtgjersla tar utgangspunkt i rammeavtalen for utøvarar i DKS.
Seanse er ein unik kunstproduksjonsarena som kombinerer opphald, kunstnarisk og pedagogisk rettleiing og testvisning. Prosjekta får med dette opphaldet eit skreddarsydd opplegg som både er individuelt og kollektivt, med moglegheit til å knytte band og nettverk til andre som driv med nynorsk i sine produksjonar.
Dette arbeidet vil gjera prosjekta best mogleg skodde når dei skal meldast inn som forslag til programmet for DKS innan 1. oktober 2021.
Målet med ordninga er å auke mengda prosjekt der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Seanse har støtta rundt 600 kunstproduksjonar under utvikling for barn og unge. Kunstnaropphalda deira bidrar gjennom å gi tid, utstyr, ressursar, rom, møter med andre kunstnarar og rettleiing. Alle bilete: Seanse.
Kven kan søkje?
Alle som har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen kan søkje om ein plass i opplegget. Det gjeld både dei som vanlegvis brukar nynorsk, og dei som ønskjer å endra arbeidsspråket i prosjektet sitt. Ein kan også søkja med helt nye prosjekt, også dei som ikkje er levert som forslag til i DKS-portalen.
Ein komité vil gå gjennom søknadane og velgje produksjonane som går inn i opplegget. Komiteen er satt saman med ressurspersonar frå relevante og aktuelle fagmiljø.
Kva er ein nynorsk produksjon?
Ein nynorsk produksjon er ein produksjon der alt skriftleg er på nynorsk, til dømes manus og skriftleg materiell. Det vil seie at dersom noko av det skriftlege materialet ein vil bruke inn i produksjonen er på bokmål, så må det omsetjast til nynorsk så tidleg som mogleg i arbeidsprosessen. Produksjonar som kjem med i ordninga, vil få rettleiing i bruk av nynorsk om det trengst.
Nynorsk kan vere representert i alle kunst- og kulturuttrykk, i digital formidling og analog formidling. Til dømes nynorsk manus for produksjonen, nynorske bøker, songar eller nyskrive tekstgrunnlag.
Her kan du lese meir om DKS og dei ulike kunst- og kulturuttrykka.
Bakgrunn og formål med ordninga
For skuleåret 2021 blei 207 nynorske produksjonar sendt inn som forslag til DKS, av 2430 produksjonar totalt. Dette vil vi endre på. Noreg har to likestilte språkformer og Kulturtanken ynskjer at dette skal synast i DKS-programmet.
Meir nynorsk til barn og unge!
Søknadsfristen er 15. desember 2020.