Møt Kulturtankens nye direktør
Med brennande engasjement for kunst og kultur for barn og unge og Den kulturelle skulesekken.
1. mars tiltrer Øystein Strand (51) som konstituert direktør i Kulturtanken. Han kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Medie- og kunstavdelinga i Kulturdepartementet og var prosjektleiar for arbeidet med kulturmeldinga Kulturens kraft - Kulturpolitikk for framtida (2018 - 2019). Han har òg arbeidd med Den kulturelle skulesekken (DKS) som ansvarleg for ordninga både på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå.
– Den kulturelle skulesekken er den beste ordninga i verda for kunstformidling for barn og unge – verkeleg gullet i kulturpolitikken, seier den nyutnemnde direktøren.
DKS er ei nasjonal satsing som sikrar at alle skuleelevar i Noreg møter profesjonell kunst og kultur av alle slag.
– Det er eit kulturpolitisk tiltak som femnar alle kunstnariske uttrykk og som faktisk når absolutt alle barn og ungdom uavhengig av bustad og sosiokulturell bakgrunn, det er fantastisk!
Lang erfaring med Den kulturelle skulesekken
Øystein Strand er utdanna trombonist og pedagog, og har i tillegg utdanning innan økonomi og leiing. Han har jobba både som musikar, kulturskulelærar og korpsdirigent, og dessutan vore skulekonsertprodusent og kulturkonsulent i Buskerud fylkeskommune med ansvar for mellom anna UKM. Vidare jobba han som kultursjef i Nes kommune, med ansvar for bibliotek, kino og kulturhus, kulturskule, ungdom og fritid og DKS. Seinare har han hatt overordna ansvar for DKS både i Akershus fylkeskommune og i Kulturdepartementet.
– Ein fellesnemnar for nesten alt eg har gjort i mitt yrkesaktive liv, er kunst og kultur av, med og for barn og unge. Dette brenn eg for! seier han.
Gler seg til å komme i gang
Strand gler seg til å bli kjend med nye kollegaer i Kulturtanken, og til å reise rundt og møte dei som fyller skulesekken med innhald over heile landet.
Han har fått kallenamnet "Land og Strand" av kollegaer i Kulturdepartementet, etter innspelsrundar over heile landet i samband med kulturmeldinga og regionsreforma. Det kallenamnet har han tenkt å leve opp til òg i den nye jobben som direktør i Kulturtanken.
– Det aller viktigaste for Kulturtanken no er å få til god samhandling med fylkeskommunar, kommunar, skulesektor og kultursektor, og å bidra til å skape engasjement og entusiasme for DKS. Den kulturelle skulesekken kan "huke av" på alle dei nye nasjonale kulturpolitiske måla i kulturmeldinga og kan dermed vere det aller viktigaste tiltaket å satse på framover, seier Strand.
I tillegg trekkjer han fram forankring i skulen som svært viktig.
– DKS kan bidra til å nå måla i læreplanverket. Dette skal vi løfte fram, ta vare på og vidareutvikle saman med fylkeskommunar og kommunar.
Relevans og kvalitet i alle ledd
Strand er oppteken av at barn og unge fortener ypparste kvalitet i alle kunstmøte, og då må dei beste kunstnarane finne det attraktivt å jobbe i Den kulturelle skulesekken.
– Utan kunstnarar er det ikkje noko innhald i sekken, seier han og poengterer kor stor betydning han meiner DKS har for samfunnet.
– Kunst og kultur er viktig for alle menneske og for at vi skal ha eit godt og velfungerande samfunn. Men for at det skal vere viktig så må det opplevast som relevant for alle. Her har vi framleis ein jobb å gjere i kulturpolitikken, og eg meiner at DKS er det aller beste verkemiddelet vi har for å nå ut til fleire med kunst og kultur. Då må alle involverte jobbe målretta med å sikre relevans og kvalitet i alle ledd av ordninga, seier direktør i Kulturtanken, Øystein Strand.