Håkon Myrdal Skoge - portrett

Minneord om Håkon Myrdal Skoge

Håkon Myrdal Skoge døydde 6.august, 60 år gammal. Med han mista vi i Turnéorganisasjonen ein kjær leiar, kollega og venn.

I ni år fekk vi gleda av å arbeide saman om kunst og kultur til barn og unge i Hedmark fylke, gjennom Den kulturelle skulesekken og Ungdommens kulturmønstring.

Håkon arbeidet systematisk og strategisk for Turnéorganisasjonen. Han veik aldri frå ideala sine om at formidling av kunst- og kultur til barn og unge skal likestillast med formidling av kunst og kultur til vaksne. Barn og unge skal takast på alvor som publikum. Kunst for barn og unge skal utfordre, utvide, vekke nysgjerrigheit, provosere og engasjere. Aldri vike unna det ubehagelege. Aldri vere likegyldig.

Når ting blei vanskeleg, heldt Håkon seg ryddig og ordentleg til sak og kjerne. Han treivst i smørauget, men veik heller ikkje om kjernen var kastevind og orkan. Han var engasjert og hadde ei uredd stemme om kulturpolitikk og Den kulturelle skulesekken generelt og om Turnéorganisasjonen spesielt. Sjølv frå sjukeleiet.

Håkon har som dagleg leiar i Turnéorganisasjonen bidrege til nytenking og utvikling vi ikkje har sett maken til tidlegare, noko som også sette spor nasjonalt. For arbeidet sitt for Den kulturelle skolesekken blei han i desember 2019 heidra med Scenekunstbrukets GULLJERVEN i open klasse.

GODTFOLK! Sånn inviterte Håkon til møte og samtaler, til drøftingar og diskusjonar. Han hadde evna til å lytte til kva andre meinte, og var alltid villig til å ta det med seg vidare. Han såg kvar enkelt av oss, utan å miste oversikt og heilskap. Håkon var leikande – i kunsten og i livet. For oss blei han ein inspirerande leiar med det brennande engasjementet sitt og store arbeidskapasitet. Alltid med visjonar og opning for nye idear. Håkon var nysgjerrig, engasjert, omsorgsfull, varm og inkluderande. Jordnær og strukturert, men også med ei filosofisk tilnærming og ballast. Fokusert og alvorleg, men aldri sjølvhøgtideleg. Det gjorde Håkon til ein god leiar. Fast og bestemt, men aldri «sjefa», anten det dreidde seg om å «halde med Hull» i fotball, søkje løysing på små praktiske ting i kvardagen eller å vere menneske. Og kanskje det finaste: Latteren som aldri var langt unna.

Håkon brann for Kunst undervegs, eit satsingsprosjekt i Den kulturelle skulesekken der elevar og kunstnarar arbeidde saman over fleire dagar, til dømes i prosjektet Stemmer ut av skogen der elevar skulle la seg inspirere av dikta til Hans Børli i eiga skriving. Ein elev på ein skule i Hedmark skriv:

Jeg ville så gjerne at det skulle bli noe igjen etter meg.

Noen spor, helst.

Noe rørende, oppsiktsvekkende noe som mennesker i kommende år

skulle ta opp i seg i glimt av gjenkjennelse.

Slik en person på jorda brått kan komme over et smil i en mørk stund.

Tenke på det. Snu og vende på det og tenke:

Dette var mennesket som holdt meg i livet.

Vi er takksame for åra med Håkon som leiar og medmenneske, og for alt vi fekk til saman. Vegen vidare blei ikkje sånn vi ønskt og håpa. Eit menneske blir ikkje gløymt så lenge vi fortel, så lenge namnet lever. Vi har Håkon med oss vidare.


Ansatte og styret i Turnéorganisasjonen