Daniel Nørbech og kollega Anders Tollefsen i Kulturtanken gjør seg klare til webinar for DKS-planleggerne

Fleire tek i bruk DKS-portalen

Portalen for Den kulturelle skulesekken (DKS) veks, og stadig fleire tek han i bruk. Det er ei god utvikling for den nye portalen, som har som mål å samle, effektivisere og tilgjengeleggjere Den kulturelle skolesekken, på éin nettstad og i eitt felles fagsystem – til glede for både utøvarar, planleggjarar i fylke og kommunar, og ikkje minst for skulane og elevane.

Hausten 2019 fekk utøvarar for første gong høve til å søkje seg inn til DKS i heile landet, i eitt og same system, med éin felles frist. Tidlegare har utøvarane måtta ta omsyn til eit tjuvtals ulike løysingar og freistar. No sparer dei tid og får betre oversikt.

Til fristen 1. oktober 2019, kom det rekordmange forslag til kunst- og kulturproduksjonar i DKS. I løpet av hausten og vinteren går DKS-planleggjarane i fylka og kommunane igjennom forslaga, vel ut og planlegg neste års DKS-program i fylket sitt, eller kommunen sin.

– For planleggjarane i DKS er det eit heilt nytt fagsystem som skal lærast og blir teke i bruk, slik at dei kan planleggje neste års program og leggje turnear. Det er alltid litt tungt å gå over til eit ukjent system, såg for at dette skal gå så problemfritt som mogleg, har vi laga rettleiarar og jobbar kontinuerleg med support i systemet, fortel Daniel Nørbech, prosjektleiar for DKS-portalen i Kulturtanken.

Webinar

I tillegg til nettbaserte rettleiarar, held Nørbech og prosjektgruppa òg fleire webinar og videomøte for DKS-planleggjarane, så dei kjem raskt og godt i gang med å planleggje neste års DKS-program. No blir òg fortløpande innlemma dei rundt 350 kommunekontaktane i DKS, og om lag 3000 kulturkontaktar, frå alle skulane i landet.

– Det er viktig for oss å vere i tett dialog med brukarane, både for å svare på spørsmål og rettleie, men også for å få tilbakemeldingar til vidare utvikling av fagsystemet, seier Nørbech.

Ved skulestart 2020 vil oversikt over DKS-programma som er planlagde i portalen liggje klart på denkulturelleskolesekken.no, med moglegheiter for å finne lokalt program på skulen, i fylket eller kommunen, sortert på alderstrinn, sjanger, kunstart osb.

–Det blir første gong vi har høve til å samle programmet for Den kulturelle skulesekken i heile landet på éin stad, og det er ein milepæl for heile ordninga seier Nørbech.

Føregangsarbeid med Arkivverket

Kulturtanken samarbeider no med Arkivverket og Digitaliseringsdirektoratet om utvikling av ein pilot for å teste nye måtar å vareta arkivfaglege krav på. Noark  er norsk standard for dokumentasjonsforvaltning. Alle offentlege verksemder er pålagde å nytte Noark-godkjende system til journalføring og elektronisk arkivering av saksdokument. Som ein del av pilotarbeidet har Kulturtanken fått dispensasjon frå arkivforskrifta om bruk av Noark-system.

– Det vil vere første gong Arkivverket innvilgar denne typen dispensasjon frå heile Noark, seier avdelingsdirektør i Arkivverket, Espen Sjøvoll, i ein omtale av prosjektet på Arkivverkets nettside.

– For DKS-portalen betyr dette at vi håpar å få til ein innebygd arkivfunksjon som automatisk skal sikre arkivverdig materiale i portalen, utan at DKS-planleggjarar treng å bruke tid på dette sjølv, seier Nørbech, som ser på pilotarbeidet som positivt og framtidsretta for alle som jobbar i DKS-forvaltninga.

Daniel Nørbech og kollega Anders Tollefsen i Kulturtanken gjør seg klare til webinar for DKS-planleggerne.
Daniel Nørbech og kollega Anders Tollefsen i Kulturtanken gjer seg klare til webinar for DKS-planleggjarane. Foto: Cathrine Jakobsen