Ein etterspurd rettleiar for inkludering
No skal det bli enklare for unge med ei funksjonsnedsetjing eller ein kronisk sjukdom å delta i organiserte kunst- og kulturaktivitetar.
Organisasjonen Unge funksjonshemmede er éin av 55 tilskotsmottakarar av tilskotsordninga som skal sørgje for auka inkludering av barn og unge i norsk kulturliv. Organisasjonen fekk støtte til prosjektet «Barrierefri fritid! Ein inkluderingsrettleiar for aktivitetstilbydarar».
–Vi ser at vi har treft ein nerve. Vi er veldig glade for at vi har fått tilslag til prosjektet og at det er politisk vilje til å satse på auka inkludering i kulturlivet, seier Leif-Ove Hansen, generalsekretær i Unge funksjonshemmede.
Generalsekretæren fortel at mange kulturtilbydarar ønskjer å leggje til rette for barn og unge med ei funksjonsnedsetjing. Dei er klare over problemet med manglande tilrettelegging og lurar på lurar på kva dei skal gjere for å forhindre det.
– Det handlar ikkje om vondt vilje, men det blir kanskje litt gløymt når noko skal leggjast til rette? Med det her verktøyet, denne rettleiaren, kan ingen seie «vi visste ikkje».
Han poengterer at det for Unge funksjonshemmede òg er viktig å vite at dei som tilbyr kunst- og kulturaktivitetar til barn og unge har basiskunnskap om kva som trengst for dei som dei representerer. For då er det lettare for enkeltpersonar å seie frå kva han eller ho treng av tilrettelegging.
Rettleiar med konkrete råd
Unge funksjonshemmede er ein paraplyorganisasjon for 38 organisasjonar og grupperingar av ungdom med funksjonsnedsetjingar og kroniske sjukdommar. Til saman har desse over 25 000 medlemmer.
Barn og unge med funksjonsnedsetjingar deltek mindre i tilfeldige og organiserte fritidsaktivitetar enn annan befolkning, og opplever at mange plattformer er utilgjengelege. Noko som ser ut til å vere negativt for livskvaliteten deira.
– Dersom vi skal snu denne trenden, er det avgjerande at frivillige organisasjonar, foreiningar og aktivitetstilbydarar initierer strukturelle endringar, slik at det blir lagt til rette for funksjonsmangfald og meir likestilt deltaking, seier Hansen.
Tildelinga frå tilskotsordninga skal brukast til å formidle ein pedagogisk rettleiar for inkludering og tilrettelegging på fritidsarenaer, som reflekterer unges behov.
– Rettleiaren vil gi konkrete råd om kva som må gjerast for å inkludere òg gruppene våre. Den vil òg bevisstgjere om fordommar.
Viktig samarbeidspartnar
Frivillighet Norge er samarbeidspartnaren til organisasjonen inn i prosjektet. Birgitte Brekke er prosjektleiar for Året til frivilligheita 2022 i Frivillighet Norge.
– Det viktigaste vi kan få til med markeringa av Frivilligheten sitt år er at endå fleire ønskes velkommen og kjenner seg heime i foreiningslivet. Rettleiaren som skal utviklast vil stå sentralt i innsatsen vi skal gjere for at fleire arenaer i frivillig sektor skal vere reelt tilgjengeleg for alle, seier Brekke.
Ho understrekar kor glade dei har for å ha blitt inviterte inn som samarbeidspartnar.
– Året til frivilligheita sitt viktigaste bidrag blir i fase 2, knytt til distribusjon og marknadsføring av rettleiaren. Ved hjelp av ho kan organisasjonar jobbe systematisk for å fjerne barrierar for deltaking og vareta eit reelt mangfald i organiseringa av aktivitetar og arrangement. Rettleiaren vil stå heilt sentral i innsatsen vi gjer i 2022 for at fleire arenaer skal vere tilgjengelege for alle.
Les mer:
- Oversikt over dei 55 søknadene som får tilskot
- Om tilskotsordninga
- Aukar med fire millionar – totalt ni millionar til inkludering i kulturlivet
Alle bilete: Erik Brandsborg/Kulturtanken