Direktekommunar utbetaler òg honorar for avlyste DKS-oppdrag i samsvar med inngåtte avtalar
Saka er oppdatert.
Alle dei tolv direktekommunane stadfestar no at dei òg utbetaler honorar for avlyste DKS-oppdrag i samsvar med inngåtte avtalar. Alta, Asker, Bergen, Bodø, Bærum, Eidsvoll, Lørenskog, Tromsø, Trondheim, Stavanger, Ås og Karmøy har vedteke å følgje opp på same måte som fylkeskommunane.
- Dette er veldig bra! Det er viktig at DKS-utøvarar no blir litt sikra føreseielegheit i denne uføreseielege tida, seier direktør i Kulturtanken Øystein Strand.
Nokre avgjerder gjeld fram til påske og nokon gjeld ut april.