Band står på en scene og spiller

Dei unge treng kultur i krisetider

I heile Noreg er dei fysiske møteplassane for barn og unge stengt ned, men vi ser mange gode tiltak i kommunane der tenestetilbodet blir halde oppe gjennom digitale plattformer.

AV:
Hege Knarvik Sande - generalsekretær Norsk kulturforum
Torstein Siegel - dagleg leiar i UKM
Øystein Strand - direktør Kulturtanken
André Ruud - generalsekretær Ungdom og Fritid
Morten Christiansen - direktør Norsk kulturskoleråd
Nina Hodneland - dagleg leiar Norske kulturhus

Sakte, men sikkert startar samfunnet opp igjen, og vi – representantar for Barne- og ungdomskulturnettverket – ønskjer å rose alt det gode arbeidet som går føre seg ute i kommunar og fylkeskommunar no. Dette er eit viktig arbeid!

Sjølv om fritidsaktivitetar for barn og unge smått om senn kan starte opp igjen, vil avgrensingane vere mange og prege alle kommunane i landet i tida framover. Stengde og avgrensa møteplassar forsterkar dessverre den kritiske situasjonen for mange unge menneske som treng sosiale nettverk og møteplassar utanfor heimen.

Kunst og kultur er viktig i førebygging av einsemd, som psykisk helsevern, for å halde oppe fellesskap og samhald. Mange barn og unge er i ein sårbar situasjon, noko som spesielt kjem til syne i den situasjonen vi no er i. Ikkje alle har trygge rammer heime.

Det er derfor svært viktig at kulturtilbodet for barn og unge blir halde i gang, sjølv om det fysiske Noreg i stor grad er stengt ned. Barn og unge har rett på eit rikt kunst- og kulturliv uansett kva situasjon landa samla sett er i.

I mange kommunar og fylkeskommunar over heile landet blir nettopp gjorde dette. Kulturskulen held oppe undervisninga på digitale plattformer. Biblioteka held utlånet fram digitalt. Fritidsklubbane opprettar digitale møteplassar, chattetenester er starta. Den kulturelle skulesekken tilbyr mange digitale kunstopplevingar for bruk i undervisninga.

Kulturhusa held oppe fleire arrangement for barn, unge og familiar via fleire plattformer. Og den landsomfattande UKM-mønstringa for barn og unge blir erstatta med digitale alternativ og møteplassar for den unge målgruppa.

Vi har òg sett døme på kommunar som aktivt bruker digitale formidlingskanalar ut mot befolkninga samla sett, for å samle og formidle digitale kulturopplevingar.

Det finst òg døme på kommunar som aktivt legg til rette for digitale konsertar med lokale kunstnarar, i tett samarbeid med det lokale kunst- og kulturlivet. Den gode kompetansen til ungdomsarbeidarane, utdanningssektoren og kultur- og fritidssektoren blir sett i spel for å halde kunst- og kulturlivet i gang.

Ver framoverlent og innovative i denne tida som no er over oss!

Kommunal sektor er legg til rette og tenestetilbydar av ei rekkje kunst- og kulturtilbod for den lokale kultursektoren. Det er vårt felles ansvar å bidra til at dei som manglar nettverk og samhald i heimen, som kjenner på einsemd og mentale og psykiske utfordringar, har møteplassar å gå til sjølv om dei fysiske klubbane, scenene og møteplassane no er stengt.

Staten har lova kommunane kompensasjon for tap som følgje av koronakrisa. Dette gjeld òg eventuelle tap som kommunal sektor får på kulturfeltet, slik som tap av billettinntekter og inntekter frå foreldrebetaling på ulike kulturelle tenester.

Barne- og ungdomskulturnettverket oppmodar derfor alle i kommunal sektor til å bli inspirert over alle dei gode døma, og ikkje kutte i kulturbudsjettet og permittere tilsette. Ver framoverlent og innovative i denne tida som no er over oss!

Behovet for dei møteplassane og kulturarenaene som kulturlivet skaper, forsvinn ikkje sjølv om Noreg har stengt ned. Tvert imot – barn og unge treng dei meir enn nokon gong.