Are Lothe Kolbeinsen og Ulrik Ibsen Thorsrud fra musikktrioen Parallax.

Bratt læringskurve, men givande samarbeid mellom musikarar og skular

Dei har trakka opp nye stiar, deltakarane i innovasjonsprosjektet Disko. Men sjølv om dei første erfaringane blir beskrivne som kaospreget, har den potensielle gevinsten vist seg å vere høg.

Are Lothe Kolbeinsen og Ulrik Ibsen Thorsrud frå musikktrioen Parallax. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Forskarar, musikarar og skuletilsette som har delteke i Disko (Skule og konsert – frå formidling til dialog) samla seg før vinterferien på Jeløya ved Moss for å diskutere erfaringar frå prosjektet, før produksjonsrapport 2 skal utarbeidast. I november blir det avslutningskonferanse i Oslo.

Disko er eit forskings- og innovasjonsprosjekt som har som mål å utvikle nye praksisar for skulekonsertar i Noreg. Formålet for prosjektet er å finne ut korleis ein kan produsere og distribuere konsertar og annan kunst for elevar i skulen på ein slik måte at det kan oppstå eigarskap hos alle deltakarar. Totalt har åtte skular på Aust- og Vestlandet delteke, fordelt på to syklusar (periodar).

Profesjonelle musikarane og skulane har i samarbeid gjennomført musikalske produksjonar på ein nyskapande og dialogorientert måte, over 2-3 semester. Utprøvingane har vore følgde av forskarar som har delteke i planlegging og gjennomføring.

På Jeløya fekk musikarane og skuletilsette frå dei deltakande skulane i syklus 2 presentere framgangsmetodane og erfaringane sine, og det var tydeleg at læringskurva hadde vore bratt for dei fleste.

– Runde 1 gav alle magesår

Ei gjennomgåande erfaring frå prosjektdeltakarane er at det tek lang tid å etablere gode og likeverdige relasjonar mellom musikarar og lærarar.

Are Lothe Kolbeinsen og Ulrik Ibsen Thorsrud frå musikktrioen Parallax (toppbiletet) kunne fortelje om ein noko kaospreget førsterunde, der ambisjonane deira møtte motbør. Planen var å produsere ei kunstutstilling med temaet sinnsstemningar/kjensler saman med elevane, der pappesker blei brukt som objekt og symbol for det ytret og indre kjenslelivet.

– Målet var å få elevane til å tenkje litt djupare enn dei eigentleg ville, men dei ville gjerne bli fort ferdig. Lys blå på utsida og svart inni, fortel Kolbeinsen lattermildt.

Parallax og elevene produserte en kunstutstilling med pappesker
Parallax og elevane produserte ei kunstutstilling med pappesker. (Foto: Parallax)

Musikerne forteller at det var vanskelig å ivareta konsentrasjonen og kreativiteten da det var satt av hele skoledager til prosjektet, samtidig som eierskapet og arbeidsfordelingen mellom lærerne og musikerne ikke var avklart. Mangelfull kommunikasjon før prosjektstart var også en utfordring.

Musikklæraren dei samarbeidde med, er samd:

– Læringskurva var veldig bratt. Runde 1 gav alle magesår, trur eg, men samtidig blei det veldig bra og kunstnarisk interessant. Det handlar om å finne ein måte å tryggje lærarane, å få dei til å tru på prosjektet. For lærarar er det ei utfordring ikkje å ha ein detaljstyrt mal kvar dag, slik ein er vant med frå andre fag.

“Det handlar om å finne ein måte å tryggje lærarane, å få dei til å tru på prosjektet.”

—Musikklærar

Felles planlegging gir betre opplegg

Andre runde gjekk derimot betre. Då hadde musikarane i samarbeid med skulen gjort fleire justeringar som gav positive utslag: kortare dagar, mindre grupper og daglege oppsummeringar.

–I runde 2 visste vi i større grad kva lærarar som kom kvar dag, og lærarane førebudde kvarandre, fortel Thorsrud.

Desse erfaringane går igjen frå fleire av skulane. Å unngå for lange dagar, å ha ein samanhengande periode i staden for enkeltdagar spreidd utover, og det å planleggje opplegget i fellesskap, er råd som går igjen blant dei ulike deltakarane.

– Når ein ikkje møter elevane kvar dag, men ein gong kvar tredje veke, blir ein ikkje ein storleik i livet deira, seier Andreas Lønmo Knudsrød frå bandet Philco Fiction. Han opplevde at «gruffet var kokt bort» i runde 2, der opplegget var meir konsentrert og tydeleg.

– Runde 1 var lettare kaotisk, ganske krevjande. Men vi hadde eit felles planleggingsmøte som gav ein veldig god runde 2, fortel ein lærar.

Andreas Lønmo Knudsrød og Turid Alida Solberg fra Philco Fiction  taler foran en forsamling
Andreas Lønmo Knudsrød og Turid Alida Solberg frå Philco Fiction presenterte opplegget sitt saman med skulen dei samarbeidde med.

Må bidra til behovet til skulen

Dette overraskar ikkje Kari Holdhus, prosjektleiar for Disko og professor i musikkutdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Disko handlar om meir enn elevmedverknad, det handlar òg om samarbeidet mellom musikar og lærer. Det er eit tverrfagleg samarbeid, for at elevane skal få gode, kreative og aktive opplevingar. I skulen er det stor respekt for musikarar, og lærarane trekkjer seg ofte litt tilbake. Men etter 2-3 sesongar viser det seg at relasjonen og samarbeidet blir betre, seier prosjektleiaren.

“Etter 2-3 sesongar viser det seg at relasjonen og samarbeidet blir betre.”

— Kari Holdhus, prosjektleder

Det store spørsmålet er korleis ein kan leggje til rette for slikt samarbeid. I skulen er det fagtrengsel og mange læringsmål, og det kan vere klokt å jobbe med kunstprosjekt som berører nokre av faga i skulen eller som tek opp i seg sosiale og kulturelle utfordringar skulen treng å få klargjort, meiner Holdhus.

– Dialogiske kunstnariske praksisar kan oppheve den tradisjonelle sendar-/mottakarrelasjonen gjennom å lytte til lærarars og elevars idear for å utløyse eigarskap hos alle deltakargrupper, seier ho.

DiSKo/forskere samlet foran gult bygg
Disko-forskarane (f.v.): Jonas Cisar Romme (HVL), Magne Espeland (forskingsleiar, HVL), Kari Holdhus (prosjektleiar, HVL), Rebecca Almås (HVL) og Roy Aksel Waade (Nord universitet).

Heldige som fikk være med på DiSko

Dansar og dansepedagog Ingeborg Beate Dahlström Jönsson oppdaga at skulen hadde konkrete utfordringar som kunstprosjektet hennar kunne bidra til å løyse. Og no har ho blitt invitert tilbake for eit lengre engasjement.

– Skulen hadde behov for betre samspel og samhald mellom elevane, så vi justerte opplegget mot det. Og no skal eg inn og gjere eit toårig opplegg på temaet gle, fortel Jönsson entusiastisk.

– Det har skjedd mykje på skulen etter Disko-prosjektet, og eg trur vi viste kva elevane kan klare på eigenhand. Ambisjonsnivået er heva, og eg høyrer lærarar seie til elevane at "de er heldige som fekk vere med på Disko", seier dansepedagogen.

Musikarane Kristine Bjånes og Elin Hestenes fekk eit stort oppdrag av Bergen kommune etter å ha delteke i Disko-prosjektet – les meir her

Konferanse og «toolkit»

Disko vil publisere forskingsresultata sine og innby til drøfting av dei på ein konferanse på Sentralen i Oslo 16. og 17. november, og resultata vil òg liggje føre i ein sluttrapport.

Prosjektleiar i Kulturtanken, Egil Rundberget, kan fortelje at dei åtte prosjekta ved prosjektslutt 31.12.2020 vil vere tilgjengelege på ein nettbasert «toolkit» der lærarar og kunstnarar kan lese om innhaldet og gjennomføringa for prosjekta, som mogleg inspirasjon til eigne prosjekt.

– Resultat frå dei åtte prosjekta vil bli utforma som døme på korleis det kan vere mogleg for vaksne deltakarar med bakgrunn frå høvesvis kunst og utdanning å arbeide side om side og fordele oppgåver. Døma er meinte for skular og kunstnarar som ønskjer å ta til med samarbeidsprosjekt og som spør seg kva grep det kan vere nyttig og nødvendig å ta når ein ønskjer eit litt meir langvarig samarbeid, seier Rundberget.

Les meir om Disko-prosjektet

Her finn du rapportar og andre publikasjonar

Forskere, musikere og skoleansatte som har deltatt i DiSko
Forskere, musikere og skoleansatte som har deltatt i DiSko
Forskere, musikere og skoleansatte som har deltatt i DiSko
Forskere, musikere og skoleansatte som har deltatt i DiSko