Bli kjend med vår nynorsk-jury!
Ein lidenskapeleg og ressurssterk gjeng har slått seg saman for å velja ut kva produksjonar som får vere med ordninga som skal styrka nynorsken i DKS. Dei ser framfor alt etter kvalitet til borna og kjærleik til språket.
– Juryen har stor breidde, kompetanse og engasjement, så eg gler meg til arbeidet.
Det seier Øyvind Sunde Høstaker i seksjon for kulturformidling i Vestland fylkeskommune, som er juryleiar i den nye satsninga på nynorsk. 15. desember går søknadsfristen ut (søk her!). I juryen gjer dei seg klare til å velje ut favorittane sine. Men kva ser dei etter, eigentleg?
For Høstaker er det viktig å leite etter dei ideane med størst potensiale for å bli ein kvalitativt god produksjon med formidling i høgsetet, og som kanskje er litt nytenkande. Han håpar søknadsbunken blir høg og variert, frå alle slags utøvarar:
– Dei aller fleste burde sjekke ut dette og vurdere om dei kan utvikle eller vidareutvikle ein produksjon. Her har ein bokstavleg talt høve til å utvide vokabularet og kanskje oppleve å «glida inn på ein våg ein ikkje har visst um».
Møt resten av juryen og les tankane deira om det nynorske språket, om måla for prosjektet og om personlege nynorskfavorittar:
Anne Hermansen
Rådgivar i Vestfold og Telemark DKS
– Dette er eit veldig godt samarbeidsprosjekt, som gjev oss viktig kunnskap om nynorsken sin plass i DKS. Eg trur prosjektet kan gje positive ringverknader for kunstnarar i vår eigen region, til dømes ved at dei kan få arbeid i Den kulturelle skulesekken.
– Det er viktig at born og unge får innsikt i samanhengen mellom språk, kultur og identitet. Dermed vil dei òg få innsikt både i sin eigen og andre sin språklege situasjon i Noreg. Om kunst og kulturopplevinga er god og relevant, så trur eg at born og unge vil akseptere ulike målformer utan problem.
Som jurymedlem kjem eg særlig til å sjå etter:
Kunstnarleg idé, og om ein har ei tydeleg intensjon og refleksjon kring kva elevane skal oppleve – anten innanfor eller utanfor skulen sine rammer. Kunst- og kulturaktørar innan alle uttrykk bør sjølvsagt søke på ordninga! Om ein treng hjelp til språklege utfordringar er det alltid hjelp å få. Nynorskprosjektet har fleire ressurspersonar som gjerne bidrar med råd og tips.
Anne sine nynorskfavorittar:
Boka om «Vesle-Anne og tryllehatten» var mitt fyrste møte med nynorsk. Eit kjært barndomsminne, for meg. Eg likte historia, teikningane og høgtlesinga frå far (frå Vesterålen) eller mor (frå Tyskland). Eg les gjerne forfattarar som skriv nynorsk. Elles kan eg jo nemne stor glede over Radio Røynda, boka Tyl og nynorsk teksting på tv. Som for eksempel på serien «Normal People». Den nynorske tekstinga gav historia ei ekstra dimensjon!
Kunst- og kulturaktørar innan alle uttrykk bør sjølvsagt søke på ordninga!
Anne Hermansen
Solveig Styve Holte
Dansekunstnar og koreograf
– Språk, dans og koreografisk skaping er nok langt meir samanfletta enn mange trur. Eg brukar språket i prosessar der noko eg enno ikkje heilt kan gripe om skal kome fram. Då teiknar eg ofte kart, noterer meg stikkord og prøver å finne språket. Orda, og korleis orda er sette saman, kan vere svært viktig i denne utprøvinga. Språket og det kroppslege vert to spor som vev seg inn i kvarandre.
– Det er ein del av det store demokratiske prosjektet som DKS er, at barn og unge skal både verte eksponert for noko dei ikkje kjenner og få oppleve kunst og kultur som for nokon då vil spegle deira eige skriftspråk. Nynorsk vart skapt for at det skulle vere eit språk som låg tett ved talemålet. I nynorsken si historie og tradisjon er det motkultur, maktkritikk og eigenart. På slutten av 1800-talet var det kanskje bygd og kystsamfunnet som var eit kraftfelt som stod for det motkulturelle, i dag vil eg nok seie det er ulike andre minoritetskulturar som representerer ei liknande kraft i samfunnet.
I nynorsken si historie og tradisjon er det motkultur, maktkritikk og eigenart.
Solveig Styve Holte
Som jurymedlem kjem eg særlig til å sjå etter:
– Vi vil gjerne ha søkarar som vil ta noko risiko, både i å utfordre seg sjølve og å utfordre kva nynorsk kunst- og kulturformidling kan vere.
– Når eg les søknadar er eg alltid på jakt etter eit lite brotstykke som er friskt eller annleis, som kvesser tanken og som utfordrar synsranda mi. Som dansekunstnar vil eg arbeide for uttrykk som er performative og som vil sette noko i rørsle. Som menneske bryr eg meg om det fleirstemmige, at nynorsk skal spegle det fleirspråklege og fleirkulturelle. Monokultur er verken bra for kunst eller jordsmonn.
Solveig sine nynorskfavorittar:
– Agnes Ravatn si rå, svarte og sjølvironiske skriving. Ocean Voungs «På jorda er vi glimtvis vakre». Soloen til Kjartan Fløgstad i Forfatterbevegelsen av Marie Bergby Handeland. Nynorske poetar, nolevande og døde, julesongar og Kurt Johannesen sine performance-bøker.
Rami Maktabi
Produsent for visuell kunst i Viken DKS
– DKS har som mål å gi elevane eit rikt spekter av kulturelle inntrykk, og eg håper at vi gjennom dette prosjektet ikkje berre finn spennande produksjonar i denne omgangen, men at det på eit meir generelt grunnlag òg opnar opp for ein bevisstgjering til framtidige formidlarar og utøvarar om å nytta seg av nynorsk som språkform.
Som jurymedlem kjem eg særlig til å sjå etter:
– Heldigvis er eg så heldig at eg sit saman med høgst kompetente jurymedlemmer som har grunnleggande og solid kunnskap om det nynorske språket reint lingvistisk. Dette vil gi meg eit betydeleg avslappa handlingsrom til å kjenna etter korleis dette med dialog, kommunikasjon, formidling og kontakt med elevane eigentleg kan opplevast.
Rami sin nynorskfavoritt:
– Eg er ein hardcore musikal-fantast, og var heilagt overtydd at dei mange magiske perler frå «Les Misérables» umogleg kunne omsetjast til eit anna språk. Når eg i 1988 såg Heidi Gjermundsen på scena ved Det Norske Teatret i glansnummeret «A Heart full of Love», og ho bretta ut sin hjarteskjærande fortviling i «Ein hug full av elsk, ein hug full av song…» vart tvilen min djupt og inderleg gjort til skamme! Denne songen, og fleire til, har sidan den dagen ikkje vore betre enn nettopp på nynorsk!
Eg kjem til å kjenna etter korleis dette med dialog, kommunikasjon, formidling og kontakt med elevane eigentleg kan opplevast.
Rami Maktabi
Thomas Bipin Olsen
Skodespelar ved Det Norske Teatret
– Eg var fritatt frå nynorsk då eg gjekk på skulen på grund av dysleksi og eg syntest nok det var eit litt teit fag, men sidan eg slapp å lære det så tenkte eg ikkje så mykje på det heller. Då eg nokre år seinare byrja på skodespelarutdanninga ved Det Norske Teateret der alt skulle vera på nynorsk, var eg litt nervøs. Men til min store overrasking vart det eit veldig positivt møte.
– Eg bruker nynorsk som scenespråk. Nokre ting er berre betre på nynorsk! Det er ein poesi i språket som kan tilføre noko til kva prosjekt som helst, viss det blir gjort på rett måte. Eg meiner det er viktig at ein kan kjenne seg igjen og identifisere seg med det som skjer på scena. Sidan språk er ein så stor del av identiteten vår er det òg viktig at vi tek vare på språket i kunsten.
Som jurymedlem kjem eg særlig til å sjå etter:
– Eg kjem til å sjå etter prosjekt som tek publikummet sitt på alvor, og som er spennande og utfordrande.
– Då eg sjølv var barn elska eg å sjå på ting som tok meg seriøst som tilskodar. Dei som ikkje tenkte at no skal eg laga noko for barn og unge, men som heller utfordra synet mitt på kva livet er med ærlegdom og oppriktigheit.
Då eg sjølv var barn elska eg å sjå på ting som tok meg seriøst som tilskodar.
Thomas Bipin Olsen
Thomas sin nynorskfavoritt:
– Min største helt er nok Halldis Moren Vesaas! Ho har skrive nokre dikt som framleis gir meg gåsehud.
Janne Karin Støylen
Litteraturformidlar og initiativtakar til Svidal Skriveri
– Eg er veldig glad i språket mitt, og har nynorsken å takke for at eg kan fylgje draumane mine både i arbeidslivet og på fritida.
– Gjennom nynorsken får du tak i noko meir og noko anna, ikkje berre konkret gjennom språket, men gjennom alt språket er forankra i og vikla inn i: Kven vi er, kvar vi kjem frå og alt som finst, der vi kjem frå. Språket er ei kunstnarleg gullgruve! Nynorsken er luringane sitt språk, seier nyslått vinnar av bokhandlarprisen, Tore Renberg. Tenk litt på det!
Søk om du har noko på hjartet, søk om du har noko å fortelje. Eg ser etter deg som møter barna i augehøgde.
Janne Karin Støylen
Som jurymedlem kjem eg særlig til å sjå etter:
– Søk om du har noko på hjartet, søk om du har noko å fortelje. Eg ser etter deg som møter barna i augehøgde.
Janne Karin sine nynorskfavorittar:
– Må eg velje? Då blir det Arnfinn Kolerud sin trilogi om nynorsken sin undergang. Science fiction, heldigvis. Tredje og siste boka i serien kjem til våren, korleis vil det gå med Bendik Uføre frå Vassdalsbygdi? Stor moro!
Marit Ulvund
Senterleder for SEANSE - senteret for kunstproduksjon i Volda
Dei utvalde produksjonane i ordninga får eit honorert kunstnaropphald på Seanse.
– Å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge er del av Seanses hovudverksemd, og vi ser det som eit viktig oppdrag å få vere på denne nye satsinga på nynorskproduksjonar.
– Eg oppfordrar kunstnarar til å søkje på ordninga og ha ei opa og vidfamnande haldning til språket. Eg trur ikkje det vil vere ei stor utfordring, og kanskje vil det gje ein annan og ny type inspirasjon eller moglegheit for produksjonen.
Som jurymedlem kjem eg særlig til å sjå etter:
– Det er viktig at sjølve prosjektideen er nyskapande og spanande for den aktuelle målgruppa, og at utøvarane er profesjonelle og kompetente for oppgåva dei har sett seg føre. Vidare bør ein ha ei god plan for arbeidet med å utvikle den ferdige kunstproduksjonen.
Marit sine nynorskfavorittar:
Min favorittpoet på nynorsk er Olav H. Hauge, han har eg ofte deklamert i ulike oppdrag og framføringar. Dessutan er eg ofte på Det Norske Teatret. Av omsettingar er eg særs begeistra for Elene Ferrante sine bøker som er oversett til nydeleg nynorsk!
Seanse ser det som eit viktig oppdrag å få vere på denne nye satsinga på nynorskproduksjonar.
Marit Ulvund
Utøvar - di tid er no
Og juryleiaren sine eigne nynorskfavorittar då?
– Favorittane er mange, men vi kan halde oss til DKS: Sigrid Moldestad tonesette dikt av Jan Magnus Bruheim, gav ut plate og laga ein flott musikkproduksjon på materialet. Saman med eit solid band turnerte ho til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Tilbakemeldingar viste at elevar (og vaksne) oppdaga stor lyrikk via eit nytt og aktuelt lydbilde og gjennom god formidling.
På spørsmålet om kva han vil seie til utøvarar som vurderer å søkje, men ikkje er så vant til å bruke nynorsk, svarar Høstaker kontant:
– No har du sjansen!
Meir info om ordninga og søknadsskjema.