Kulturtanken får ansvar for ny tilskotsordning
I regjeringsforslaget til statsbudsjett for 2020 som blei lagt fram i dag, er det foreslått at Kulturtanken får utvida ansvarsområdet sitt, og i oppdrag å opprette ei ny tilskotsordning.
I tillegg til framleis å vareta det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skulesekken, er det i Prop 1. foreslått at Kulturtanken mellom anna skal «bidra i arbeidet med barne- og ungdomskultur og til å betre moglegheitene for deltakinga til barn og unge.» (Prop. 1 s. 78).
Regjeringa foreslår òg 5 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for inkludering i kulturlivet. Midlane skal gå til aktørar som arbeider for å gi betre tilgang til fritidsaktivitetar for barn og unge. Målet er å styrkje arbeidet med å inkludere barn og unge i kultur, med spesiell vekt på det frivillige kulturlivet. Oppdraget med å opprette ei søknadsbasert ordning er lagt til Kulturtanken.
- Inkludering og brei deltaking i kulturlivet er eit mål for regjeringa, og i Kulturtanken ser vi fram til å utvide ansvarsområdet til etaten, til å omfatte eit meir heilskapleg barne- og ungdomskulturfelt. I vår nyleg gjennomførte utgreiing med å lytte til nettopp barn og unges eigne stemmer (BUSK-prosjektet) møtte vi reflekterte, fornuftige og kunnskapsrike barn og ungdommar som var oppteken av både å styrkje offentlege tilbod, frivillig sektor, rettferd og lik og meir tilgang til kunst og kultur for alle barn. Så dette er eit arbeid vi verkeleg ser fram til. Spesielt spennande blir det å etablere ein heilt ny søknadsbasert ordning for å inkludere nettopp fleire unge i frivillig kulturliv, seier Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik.
Kulturtanken skal, i samarbeid med Kulturdepartementet, sjå på kva form og kva kriterium som skal liggje til grunn for tilskota. Bakgrunnen for forslaget om oppretting av ei slik tilskotsordning, er mellom anna å oppfylle «brei deltaking», som er eit av dei overordna måla i frivilligmeldinga: Frivilligheita - sterk, sjølvstendig, mangfaldig (2018)
Tilskotsordninga vil bli oppretta i 2020.
Meir om forslaget i statsbudsjettet her!