Trine Skei Grande smiler foran en logo

Fekk råd frå barna på Miniøya

Kulturminister Trine Skei Grande og kunnskapsminister Jan Tore Sanner kom søndag til Miniøya for å få råd frå barna på festivalen til den første kulturmeldinga i historia for barn og unge.

Alle foto: Knut Sørhusbakken / Kulturtanken

- Ideen kom faktisk då vi i fjor besøkte Miniøya, og tenkte at vi må jo ha ei barnehøyring, og ho må vere på premissane til barna, fortel kulturminister Trine Skei Grande, som saman med kunnskapsminister Jan Tore Sanner har ansvaret for stortingsmeldinga som kjem til neste år.

Barn og unge skal lyttast til i arbeidet med meldinga. Kulturtanken har, på vegner av departementa, oppdraget med å samle stemmene til barn og unge om kunst og kultur. På Miniøya hadde Kulturtanken med ei veldig stor bok der barna på festivalen kunne teikne, skrive og gi råd om kva politikarane må hugse på når dei skal lage ei kulturmelding for barn og unge.

Festivalsjef Henriette Larsen meiner Miniøya er ein fin arena for å hente innspel frå barn.

- Her får dei ei rekkje opplevingar av musikk, dans, teater, og andre inntrykk heile dagen som dei har med seg når dei set seg ned for å skrive og teikne i innspelsboka, seier Larsen.

Og barna fann roa i Kulturtankens telt. Barn frå to til tretten sat lenge og teikna og skreiv om ting dei er opptekne av, alt frå kunstløp og Harry Potter, til YouTube og Playstation. Nokon ønskte seg lågare aldersgrense på dataspel, og andre ville ha meir teater i skulen.

Trine Skei Grande og Jan Tore Sanner med barn og unge
Festivalsjefane Abdullah og Amy, saman med Lin Holvik (Kulturtanken), overleverte Kulturmeldinga barna og unge hadde til Trine Skei Grande og Jan Tore Sanner.

Overlevering av innspel

Dei to festivalsjefane på Miniøya Amy (11) og Abdullah (12) ønskte dei to ministrane velkommen til den store amfiscena søndag ettermiddag, og Kulturtankens direktør Lin Marie Holvik overleverte boka «Kulturmeldinga til barna» på vegner av alle barna på Miniøya

- Den er så stor for at de ikkje skal miste han av syne i bokhylla, sa Holvik, som måtte ha boka på ei tralle for å få den overlevert.

Trine Skei Grande takka og fortalde at Kulturtanken hjelper med innspel og reiser rundt i heile landet og spør barn og ungdom om kva dei meiner. No har dei vore to dagar her på Miniøya for å snakke med dykk, sa Grande.

- Vi gler oss til å lese og sjå på alt de har skrive og teikna til oss, sa Sanner, som påpeika at det er viktig med kunst og kultur, også i skulen.

- Song, musikk og kultur har ein naturleg plass i skulen, sa Sanner, som hadde notert seg at det i boka òg hadde komme mange ønske om meir musikk, teater og dataspel i skulekvardagen.

Bilder fra Barnas kulturmelding på Festivalen Miniøya i Tøyenparken

Fakta

Kva: Kulturmeldinga til barna
Når: søndag 26. mai
Kvar: Festivalen Miniøya i Tøyenparken, Oslo

KVA:
Kulturtanken hentar inn stemmene til barn og unge - synspunkt på og opplevingar av - kunst og kultur. Dette er eit oppdrag frå Kulturdepartementet, knytt til den kommande barne- og ungdomskulturmeldinga (2020). Les meir her

Les meir om regjeringens arbeid med barne- og ungdomskulturmeldingen her