Fagfornyinga og DKS
Liv Klakegg Dahlin er førstelektor og studieleiar på Institutt for estetiske fag, Oslomet. Ho har leidd arbeidet med fornyinga av læreplanen i kunst og handverk.
Måndag 1. april var Dahlin invitert til Kulturtanken for å gi ei innføring i fagfornyinga, med eit spesielt blikk på læreplanane i Kunst og handverk som no ligg ute til høyring. Dahlin presenterte dei største endringane og utvalde punkt som berører Den kulturelle skulesekken (DKS). Ho snakka også med tilskotsmottakarane i skuleprosjektet då dei hadde workshop i mars.
Vi som har arbeidet med læreplanane har sett for oss at dei kjem til å vare til 2034. Eg gir dykk eit par sekund til å la dette søkke inn, sa Dahlin.
– Fagfornyinga vil få mykje å seie for arbeidet i skulen i åra framover, også for DKS som skal samspille med læreplanane. Kunnskap om dette arbeidet er viktig, seier avdelingsdirektør i Kunst, kultur og skule, June Breivik.
Den kulturelle skulesekken gir alle skuleelevar profesjonelt kunst- og kulturtilbod i skuletida, ofte på skulen, arenaen der fagfornyinga vil gjelde. Det er derfor viktig at alle som jobbar med DKS er godt orientert om fagfornyinga og engasjerer seg i høyringsarbeidet.
– Det er viktig at DKS kjem inn med stemma si i forhold til arbeidet med fagfornyinga i skulen, og så er det viktig at det er ein open prosess. Vi treng alle dei gode hovuda som er i landet til å vere med å tenkje rundt fagfornyinga i skulen. Eg vil ha mykje dialog og er ute etter å sjå den samhandlinga som vi kan gjere, og at vi er aktørar som er opptekne av mykje av det same, berre at vi har ulike inngangar, seier Dahlin.
Også Kulturtanken vil bidra med høyringssvar
- Det er viktig å synleggjere kor viktig kunsten er for mandatet til skulen. Det er viktig at dei ulike aktørane synleggjer den verdien DKS har, og korleis han både kan samspille med og ha ein eigenverdi for skulen. Kulturtanken er i gang med å formulere høyringssvara sine og oppmodar alle andre til å gjere det same fordi som dei seier, ei svale gjer ingen sommar. Ved at mange sender inn høyringssvar kan DKS få ei sterk stemme inn i fagfornyinga, avsluttar June Breivik.
Viktige datoar:
Innspelsrunde om nye læreplanar på studieførebuande: 24. april 2019.
Frist for innspel på andre skisse til nye læreplanar for programfaga på yrkesfag Vg1: 1. mai.
Høyringsfristen for læreplanar for grunnskulen: 18. juni 2019.
Spel inn på kompetansemål og innhaldet i dei nye lærarplanane for studieførebuande: August 2019
I november 2019 kjem ei offisiell høyring på dei endelege læreplanutkasta for vidaregåande opplæring.
På Udirs nettsider kan du følgje arbeidet med fagfornyinga, lese læreplanane og lese høyringssvaret til andre.